Skriv ut Sideoversikt |  


Avdelingar og fagmiljø
- Kulturfag
- Mediefag
- Humanistiske fag
og lærarutdanning
- Samfunnsfag og
historie

Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden
Ivar Aasen-instituttet
Nynorsksenteret



 Kontakt

Ivar Aasen-instituttet
Høgskulen i Volda
Postboks 500,
6101 Volda

Telefon: 70 07 50 16
Telefaks: 70 07 51 35
Besøksadresse:
Lettbygget
Joplassvegen 11, 6101 Volda

Send ein e-post.  ror@hivolda.no
  Til kontaktsider

Om Høgskulen / Ivar Aasen-instituttet / Skriftserien /

Bok nr. 10  Fortida i notida

Svein Ivar Angell
Pris: 100,-
Utgjevingsår: 2000

Dette skriftet samlar eit utval tekstar skrivne i tidsromet 1994-2000. Tekstane har ulikt omfang og varierer i framstillingsform, men samlar seg om ein felles tematikk. Alle tek opp ulike sider ved nasjonal identitet og alle rører ved kva rolle fortida får i konstruksjonen av nasjonale identitetar. Ei fyldig innleiing set tekstane inn i eit større perspektiv.
Dei fem første tekstane handlar om ulike sider ved den norske nasjonsbyggingsprosessen. Ved hjelp av m.a. den tyske sosiologen Norbert Elias sine teoriar om utviklinga av dei vest-europeiske nasjonalstatane, vert den norske nasjonale identitetsproblematikken drøfta både på eit overordna nivå og ved å setje spesielt fokus på viktige symbolmarkeringar i den konfliktfylte mellomkrigstida: 900-årsjubileet på Stiklestad i 1930 og den norske namne- og språkpolitikken.

Dei to siste tekstane tek opp forhold ved dei nasjonale identifikasjonsmønstra i høvesvis Danmark og Sverige, og opnar dermed opp for komparative perspektiv på nasjonal identitet.

Svein Ivar Angell (f.1967) er cand.philol. med hovufag i historie. Han er stipediat ved Ivar Aasen Instituttet i perioden februar 1998 - februar 2001, med modernisering og nasjonsbygging i Noreg og Sverige etter 1905 som avhandlingstema.

 

 



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Roger Ole Rangsæter 08.03.2007
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning