|
Volda er prega av eit uvanleg rikt kultur- og organisasjonsliv med ei rekkje studentlag og -foreningar. Høgskulen har eige studentteater, symfoniorkester, høgskulekor, brassband, dansegruppe, jazzband, filmklubb m.m.! Aktive studentar og lærarar bidreg i fellesskap til å gjere studiestaden Volda til ein svært spennande stad å studere.
Studentar i Volda har laga film om studiestaden sin. Finn ynskja bandbredde under. Du må ha Windows mediaplayer for å sjå filmen.
| Studentar snart heime frå India |
I nesten sju veker har studentar ved Bachelorgradsstudiet i Journalist ved Høgskulen i Volda vore i India gjennom kurset ”Reportasjearbeid i framand kultur,” skriv Eirik Stokstad Brødholt i eit lite reisebrev. SISTE FRÅ INDIA: Rapport frå professor Ekeland, nettopp tilbake etter besøk hjå sosialarbeidarstudentane. [ Les meir ] - 15.11.2007
|
|
|
| Volda studentidrettslag startar Ju Jitsu-trening |
Har du lyst å læra sjølvforsvar på ein spennande måte? No har Volda Studentidrettslag (VSI) starta treningar med den japanske kampsporten Ju Jitsu. - Det vil i hovudsak verta lært teknikkar frå Ju Jitsu, men det kan òg vera innslag av andre kampartar på treningane, skriv instruktør Harald Kvangarsnes på VSI si heimeside. [ Les meir ] - 14.11.2007
|
|
|
| Gunnar-prisar til Linda Fagerli Sæthren |
Linda Fagerli Sæthren, tidlegare student og no tilsett ved Høgskulen i Volda, vann publikumsprisen og prisen for beste nordisk-baltiske studentfilm for dukkefilmen ”Janus” under Fredrikstad Animation Festival i helga. [ Les meir ] - 13.11.2007
|
|
|
|