Skriv ut Sideoversikt |  


Avdelingar og fagmiljø
- Kulturfag
- Mediefag
- Humanistiske fag
og lærarutdanning
- Samfunnsfag og
historie

Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden
Ivar Aasen-instituttet
Nynorsksenteret


Om Høgskulen / Kulturfag / Fagmiljø / Kroppsøving og friluftsliv / Studietilbod / Friluftsliv 30 stp / Årsplan 2002-03 /

Friluftsliv 10 vt - årsplan 2002 - 2003

Friluftsliv 10 vt er konsentrert på 4 intensive studiesamlingar. Samlingane er førebels plassert i vekene 32, 36, 7/8 og 24.

1. studiesamling, i veke 32/2002, er lagt til eit furuskogsområde i Bjørkedalen med teltleir på Fladalssætra. Under denne samlinga vil ein legge vekt på grunnleggande friluftslivstema og start på ein del tema som vil følge heile studiet.

2. studiesamling går i veke 36/2002, med opphald på Yksnøya, mellom Voldsfjorden og Rovdefjorden. Overnatting i 16-manns telt. Tema vil vere friluftsliv i fjøra, padling, roing, segling, navigasjon m.m.

3. studiesamling handlar om vinterfjellet (vinteren 2003), og er noko lengre enn dei andre. Samlinga er lagt til veke 7 og halve veke 8. Dei tre første dagane er eit intensivt kurs om snø os snøskred. Deretter tur i høgfjellet med overnatting i telt, snøhole, iglo m.m.

4. studiesamling, i veke 24/2003, gjeld høgfjellet. Ramma for samlinga er eit grunnkurs på bre.


Padling på Bjørkedalsvatnet. Fjella bak er Store- og Lisjetoren i Laurdalen.

Oppdatert 15. feb 2002



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Erik Fooladi 29.01.2003
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning