Skriv ut Sideoversikt |  


Avdelingar og fagmiljø
- Kulturfag
- Mediefag
- Humanistiske fag
og lærarutdanning
- Samfunnsfag og
historie

Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden
Ivar Aasen-instituttet
Nynorsksenteret


Om Høgskulen / Samfunnsfag og historie / Historie /

Nettbaserte historieemne

Alle tilboda i historie på basis- og fordjupingsnivå (grunn- og mellomfag) ved Høgskulen i Volda har frå studieåret 2002-03 vore nettstøtta. Det tyder at all informasjon til studentane (både ordinære, fjern- og deltidsstudentar) og ein betydeleg del av undervisninga blir gjeven via e-læringssystemet (Classfronter) HVO nyttar.

Frå studieåret 2004-05 er dei fleste emna tilbode også som nettbaserte. Dei har da ein N bak emnekoden, t.d. HI101N, HI204N osv. Ikkje alle nettbaserte emne blir tilbode kvart semester. Om studieplanane for kvart emne, sjå framsida. Om undervisningssemestra, sjå her.

Opplegget består konkret av følgjande element (felles for "lokal-" og nettvariantane):

  • systematisk strukturering av pensum i 10 faglege tyngdepunkt for alle teoriemna på 100- og 200-nivået (pluss eit metodetyngdepunkt for emna HI101-103)
  • utlegging av 2 s.k. "nettleksjonar", som kan definerast som skriftleg relativt omfattande (dvs. 6-10 sider skrivne av faglærarane) fordjupingshjelp/"nettførelesing" til kvart tyngdepunkt
  • all viktig informasjon blir kunngjort via Høgskulen sitt e-læringssystem, Classfronter (der også leksjonane, anna utlevert stoff, nyttige lenker, diskusjonsforum etc. er tilgjengeleg for alle registrerte studentar)
  • faglærarar som grupperettleiarar
  • alle emna har frå og med studieåret 2002-03 mappe-/prosessevaluering, dvs. at karakterane blir sette på grunnlag av fleire innleveringar gjennom semesteret, og utan avsluttande skuleeksamen (men ein del av studentane i kvart emne blir trekte ut til ein munnleg prøve)
  • eigen semesterplan for kvart emne, der alle viktige tidspunkt (utlegging av nettleksjonar, fordeling av prosessoppgåver, leveringsfristar osv.) blir kunngjorte

Den vanlege klasseromsundervisninga som foregår i Volda framgår av semesterplanane, og nettstudentar som har høve til det kan delta. Enkelte emne kan ha helgesamlingar. Det blir kunngjort særskilt.



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Brynjulv Ivar Gjerdåker 26.06.2006
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning