Skriv ut Sideoversikt |  


Avdelingar og fagmiljø
- Kulturfag
- Mediefag
- Humanistiske fag
og lærarutdanning
- Samfunnsfag og
historie

Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden
Ivar Aasen-instituttet
Nynorsksenteret



 Kontakt

Ivar Aasen-instituttet
Høgskulen i Volda
Postboks 500,
6101 Volda

Telefon: 70 07 50 16
Telefaks: 70 07 51 35
Besøksadresse:
Lettbygget
Joplassvegen 11, 6101 Volda

Send ein e-post.  ror@hivolda.no
  Til kontaktsider

Om Høgskulen / Ivar Aasen-instituttet / Nytt tankegods /

Sex and rock'n'roll, but probably not many drugs: Nynorsk skriftkultur

Sex and rock'n'roll, but probably not many drugs: Nynorsk skriftkultur

Under denne spenstige overskrifta gøymer det seg noko som vil vise seg å vere eit normalt traust seminarinnlegg om nynorsk skriftkultur.  Eg lovar at vi skal kome tilbake til sex, rock og dop, men først må de lide ein god del.
   Oppgåva mi her er å fortelje korleis refleksjonen omkring nynorsk skriftkultur dei siste åra har nedfelt seg i den nye mastergraden i nynorsk skriftkultur som starta opp ved Ivar Aasen-instituttet i Volda no i haust.  Eg står her altså først og fremst i eigenskap av å vere instituttstyrar, ikkje som forskar.  Dette kan elles høve bra.  I den gjennombyråkratiserte kvardagen til ein gjennomsnittleg instituttstyrar ved ein norsk institusjon for høgare utdanning fortonar forsking seg som ein kombinasjon av kjært minne og fjern draum, sidan ein i all hovudsak er nøydd til å slepe sitt liv hen i ein tilstand av intellektuell abdisering.  Nok om det.  Elles kan eg tenkje meg å opptre her i ei anna produktiv rolle i det seinmoderne akademiet, nemleg som reklamekonsulent.  Eg vil altså påstå at vi gjennom eit kollektivt krafttak i Volda faktisk har klart å skape akademisk kvalitet, og dét til og med før ordet vart devaluert i den newspeakliknande diskursen til politikarane og handlangarane deira i utdanningsbyråkratiet.
  
Refleksjon omkring nynorsk skriftkultur: Organisasjonsmessige føresetnader

I vår avgrensa og umiddelbare samanheng kan vi seie at refleksjonen omkring studie- og formidlingsfeltet nynorsk skriftkultur tok til med forprosjektrapporten Ivar Aasen-senteret - Eit nasjonalt senter for nynorsk skriftkultur, som Jostein Nerbøvik redigerte i 1992.  Her var mange med og skreiv om kva dei håpa, og drøymde, om at senteret kunne bli til.  «Senteret» vil her seie eit dokumentasjons- og formidlingssenter ved Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda, det som har vorte til Nynorsk kultursentrum (NK), og ein institusjon for forsking og undervisning i nynorsk skriftkultur, det som seinare er blitt til Ivar Aasen-instituttet (IAaI).  Eit utval leidd av Bodil Røyset rådde til den delte geografiske løysinga, med NK i Ørsta og IAaI i Volda.  Den gamle tanken om eit felles senter har ikkje fått noko organisatorisk uttrykk, men ligg for så vidt nedfelt i ein samarbeidsavtale, i gjensidig representasjon i fagråd og, aller viktigast, i eit etter mitt syn velfungerande praktisk samarbeid.  Det som følgjer, handlar om instituttet, som eg har eit direkte og formelt ansvar for, og ikkje om NK, som eg altså ikkje har noko formelt ansvar for.
   IAaI vart formelt oppretta ved eit vedtak i høgskulestyret den 27.10.1994.  I februar 1995 vart det tildelt knutepunktansvaret for nynorsk skriftkultur i Noregsnettet.  Den første tilsette ved instituttet var ein prosjektleiar, Helga Stave Tvinnereim, som både administrerte utlysinga av dei første fagstillingane og organiserte den første idédugnaden omkring kva gjeremål instituttet skulle ha.  Det vart oppnemnt ei referansegruppe for instituttet i januar 1996, med mykje tung, tverrfagleg kompetanse mellom sine elleve medlemer.  Seinare same året vart det lyst ut to professorstillingar.  Tidleg i 1998 kom dei to første faglege heiltidstilsette i arbeid, begge i kvalifiseringsstillingar.  Alt i oktober 1997 hadde instituttet fått ein professor II.  To stipendiatar har hatt sin arbeidsplass ved instituttet, den eine har forsvart doktorgraden sin med glans, og den andre har skaffa seg professorkompetanse.  Per i dag har instituttet 2,7 tilsette, to professorar, ein professor II og ein instituttsekretær (frå 1.1.03 konsulent) i halv stilling.  Røyset-utvalet rekna i si tid ut at ein treng 4,5 stillingar for å gjennomføre det arbeidet instituttet er sett til.
   I september 1998 vart det oppnemnt eit utval for å arbeide fram eit hovudfag i nynorsk skriftkultur.  Utvalet hadde åtte medlemer, både eksterne og interne.  Innstilling og førebels studieplan vart lagde fram for høgskulestyret i mai 1999.  Etter ein grundig revisjon vart Utgreiing om hovudfag i nynorsk skriftkultur og den nye studieplanen lagde fram for HVO-styret i mars 2001.  HVO søkte så KUF om løyve til å opprette hovudfaget.  Slikt løyve kom i eit tildelingsbrev dagsett den 1. oktober 2001.  Dei første mastergradsstudentane i nynorskskriftkultur vart tekne opp hausten 2002, og er no godt i gang med arbeidet.
   Dette var ei sterkt forkorta innføring i den formelle ramma for masterstudiet i nynorsk skriftkultur i Volda.  Undervegs har det vore reflektert mykje omkring kva dette fagfeltet er, eller burde vere.  Denne refleksjonen har vore av to hovudtypar.  Den eine består av innlegg på seminar.  Den tilskipinga som vi er samla på i desse dagane, byggjer såleis vidare på den s.k. idédugnaden på Sæbø i februar 1996, på eit seminar med to professorar II i Volda i februar 1998 og eit større internasjonalt seminar, også i Volda, i mai 2000, med den engelske antropologen Jack Goody i stjernerolla.  Sæbø- og Goody-seminara har kome som bøker, mens éi av fruktene av det mellomliggjande seminaret er å finne i Walton 1999.  Dei to seminarrapportane innheld mykje interessant stoff, og fortel om eit aukande sofistikasjonsnivå i synet på feltet.
   Den andre typen refleksjon ligg nedfelt i fagplanen for masterstudiet, og ikkje minst i dei masteroppgåvene som studentane no er i gang med.  Arbeidet med fagplanen var ein tretrinnsprosess.  Sterkt inspirert av fagplanen for kulturstudiet ved Høgskolen i Telemark i Bø, peikte hovudfagsutvalet ut ein struktur, definerte fagområdet, skilde det i ein essensiell del som eigna seg til obligatoriske innføringsemne og meir disiplinrelaterte delar som passa til valemne, definerte konturane i valemna, og leverte eit første førebels framlegg til pensumlitteratur.  Dette var grunnarbeidet.  I neste trinn vart den førebelse studieplanen omformulert og spissa.  I det tredje trinnet, etter at planen for mastergraden vart godkjend av KUF, har emnespesifikke arbeidsgrupper fylt kvart emne med eit konkret innhald, dvs. aktuelle tema for føredrag, framlegg til kven som skal halde dei, og gjeldande pensumlister.  Når studentane no formulerer oppgåver og problemstillingar innanfor oppgåvene, er vi inne i eit uavslutta fjerde trinn.  Også dei er med på å definere faget.
    Det kan hende at vi også fekk ein tredje typen refleksjon omkring fagfeltet. Den ligg i så fall nedfelt i den evalueringa av instituttet som eit utval frå Noregsnettrådet gjennomførte i 1999 i samband med ei generell evaluering av knutepunkta.  Mellom anna inneheld evalueringa ei perspektivrik og innsiktsfull drøfting av nokre av dei konfliktane som prega opprettinga av knutepunktet.  Også «arbeidet med [hovudfags-]planen har bore i seg mange av dei spenningane (faglege, organisatoriske, personlege) som har prega denne fasen av knutepunktarbeidet» (27) legg utvalet diplomatisk til.  Poenget deira er at to fagsyn stod steilt mot kvarandre, «to kolliderande fagsyn, der det eine framstår som ’vinnar’ og det andre som ’tapar’», som dei skriv (28).  Det tapande synet, i følgje denne analysen, ville byggje opp studiet kring «Aasens skrifter og den nynorske skrifttradisjonen, i tillegg til intensiv satsing på undervisning i nynorsk skriftspråk» (27).  Vinnarane derimot forfekta eit syn på nynorsk skriftkultur som eit tverrfagleg kulturstudium.  Det var etterslepet etter desse konfliktane eg arva da eg kom til Volda som professor og instituttstyrar hausten 2000.
   Fram til trinn tre i arbeidet med fagplanen kan ein seie at usemja omkring innhaldet i faget kunne sveve fritt ikring på eit nokså uforpliktande ideologisk plan.  Det knyter seg ein type akademisk diskurs til dette planet som maksimerer usemje, løner polemikk og verdset klare skiljeliner.  Det gjer ikkje sak enklare når, slik noregsnettutvalet røper, ein del av aktørane alt frå lenge før ikkje orka synet på kvarandre.  Det er ikkje dermed sagt at det ikkje låg ein verdi i denne fasen, som utan tvil fungerte klargjerande på visse punkt.  Men – og det er eit viktig men – dersom ein vert ståande ved slike konfliktar, kjem ikkje prosjektet lenger, og eg har ei klar oppfatning om at eg ikkje kom til Volda for å grave meg ned i andres konfliktar.  Det eg håpa kom til å skje under trinn tre, skjedde.  Det å ha eit konkret prosjekt, som i sin natur kravde samarbeid, romslegheit og ein viss grunnleggjande raustleik overfor andres fagperspektiv, utløyste kort sagt ein enorm kreativitet og pågangsmot i eit miljø der mange såg at dei faktisk hadde noko å bidra med.  Dei som ikkje hadde noko å kome med, heldt seg no unna.

Fagsyn

   Kva fagsyn er det altså som pregar masterstudiet i nynorsk skriftkultur?  Det eg ikkje vil med dette, er å skru klokka tilbake til ein type diskusjon om kva nynorsk skriftkultur er, som er statisk, og som vi uansett har fått mykje av.  Likevel kan det vere på sin plass her med eit raskt oversyn.
   Termen «nynorsk skriftkultur» består av tre (eigentleg fire) ledd: «ny» og «norsk» heng så tett saman at det er lett å oversjå at dei utgjer to ledd.  «Nynorsk» er både eit talemål og eit skriftspråk.  Som talemål kjem det etter gammal- og mellomnorsk, og okkuperer eit fysisk rom vest for svensk, nordaust for engelsk og nord for dansk.  Som skriftspråk knyter nynorsken seg tett til moderniteten, levde eit prekært liv på papiret frå 1770-åra og framover, men vart kodifisert av Aasen, og koloniserte ei lang rekkje domene, eller semiosfærar som Kjell-Lars Berge kallar dei etter Jurij Lotman (2002:69), frå 1850 og utover.  Skrift og kultur lever i eit symbiotisk, nærmast tautologisk, forhold.  Tale kan vere både natur og kultur, skrift er alltid kultur.  Skrift er ein svært utbreidd – men ikkje universell – menneskeleg aktivitet som lagrar ytringar.  Gjennom lagringsprosessen vert dei til meir enn ytringar.  Dei vert til tekst (jf. Berges diskusjon om ytringar og tekst, 2002:65-66).  Dei vert altså vovne inn i dei samfunnsmessige samanhengane som til saman utgjer ein «kultur».  Noko av det interessante ved skrifta, er kor underleg ulike dei løysingane er som menneska har funne for å framstille og lagre lyd og meining i symbol.  Eigenskapane ved desse løysingane set tydelege føringar for korleis kulturen blir.  Elles utgjer ein kultur eit samanhengande nett av konvensjonar som knyter saman dei som forstår og kanskje jamvel vedkjenner seg dei, og avgrensar denne gruppa frå andre grupper som anten ikkje forstår eller ikkje vedkjenner seg dei.  Slik sett, og ikkje minst i det ettermoderne samfunnet vi lever i, opererer vi alle saman innanfor fleire kulturar, ein mannskultur, ein muslimsk kultur, ein norsk kultur, ein nynorsk kultur, ein akademisk kultur, ein barnekultur osb.  Vi tek nok feil om vi trur at vi er dei første som gjer dette.  Det som særmerkjer det ettermoderne er heller eit overdrive medvit om identitetane våre, og ei periodevis sjukleg krinsing kring dei.  Det er derfor vi no trur vi har så mange av dei.  Frå å vere kvalitativ er identitet blitt kvantitativ.  Men i røynda har folk helst levd i fleire «kulturar» om gongen.  «Kulturen» kom inn med modernitetens altoverskuggande etniske fellesskapar.
   Det følgjer av den summariske definisjonen av «nynorsk skriftkultur» som eg nett har levert, at eg vil ha både i pose og sekk.  Eg vil ha begge dei fagsyna som noregsnettutvalet stilte opp mot kvarandre i eit gjensidig utelukkande og antagonistisk forhold. Eg vil seie heilt klart at begge desse syna er nødvendige, og at fagfeltet vert absurd og meiningslaust som akademisk konstruksjon utan begge.  Nynorsk skriftkultur er eit kulturstudium, men eit kulturstudium med eit objekt: nynorsk og skrift, og særleg nynorsk skrift.  Det er ikkje eit studium i hummar og kanari og kva som helst.  Dette kan eksemplifiserast dersom vi ser på undervisningsplanen for hausten 2002 i dei to innføringsemna, A: Nynorsk skriftkultur og B: Vitskapsteori- og metode:

DATO KL. EMNE TEMA FØRELESAR
    
3.9 9.15–12 B 2 Kultur og skriftkultur Geir Hjorthol
3.9 13 - 16 A 1 Den eldste historia Stephen J. Walton
4.9 9.15-12 B 1 Grunnleggjande problem Gunnar Skirbekk
4.9 13 - 16 A 2 Dei eldste skriftspråka Odd Monsson
5.9 9.15–12 B 3 Identitet: klasse, kjønn, etnisitet J.Peter Burgess
5.9 13 -16 A 3 Ikkje-européisk skriftspråk I: Japansk Tomoko Hansen
6.9 9.15–12 B 4 Kjønn Rakel Chr.Granaas
6.9 13 -16 A 4 Ikkje-européisk skriftspråk II: Arabisk Knut S.Vikør
    
1.10 9.15–12 B 5 Språk og makt Helge Sandøy
1.10 13 -16 A 5 ”Literacy” J.Peter Burgess
2.10 9.15–12 B 6 Den sosiale institusjonen J.Peter Burgess
2.10 13 -16 A 6  Skrifta og dei intellektuelle Stephen J.Walton
3.10 9.15–12 B 8 Kvantitative og kvalitative metodar Jan Fredrik Hovden
3.10 13–16 A 8 Aasen Stephen J.Walton
4.10 9.15–12 B 9 Historisk metode Oddbjørn Melle
4.10 13–16 A 9 Dei nynorske intellektuelle Stephen J.Walton
    
29.10 9.15–12 B 10 Samfunnsvitskapleg metode Jan Fredrik Hovden
29.10 13 –16 A 12 Det planlagde språket Helge Sandøy
30.10 9.15–12 B 11 Komparativ metode Arnljot Løseth/Atle Døssland
30.10 13 –16 A 11 Det reine språket: Purismen Helge Sandøy
31.10 9.15–12 B 12 Den språkvitskaplege vendinga Odd Monsson
31.10 13 –16 A 10 Kvinner i den nynorske skriftkulturen Eli Bjørhusdal
1.11 9.15–12 B 13 Tekstvitskapleg metode Jan Inge Sørbø
1.11 13 –16 A 13 Den kvantiserbare skriftkulturen Vidar Lynghammar

Tyngda til institusjonane

Problemet, når ein har fått oppretta institusjonar, er at dei har lett for å bli tunge.  Det dei gjer kan i seg sjølv få ei ufortent definisjonsmakt.  Såleis finst det ein gammal definisjon av sosialdemokratiet som den politikken som Det norske arbeidarpartiet til kvar tid fører.  Eg har ein plass i bakhovudet ein tanke om at Ivar Aasen-instituttet ikkje bør bli nokon tung, og slett ikkje nokon representativ, institusjon.  Deklamasjonskunsten får andre ta seg av.  Da er det meir interessant å kunne opptre som geriljarørsle.  Topp- og framtungt som Arbeidarpartiet er det iallfall ikkje noko siktemål å bli, ikkje eingong no når meiningsmålingane synest å vise ein spennande og heilt ny historisk situasjon: Nemleg at sosialdemokratiet har enda færre tilhengjarar blant folket enn nynorsken har.  Da bør vi iallfall gardere oss mot ein «sosialdemokratisk» tvangstanke om at nynorsk skriftkultur er sjølvdefinerande, og består av det materialet som Ivar Aasen-instituttet til kvar tid finn det for godt å undervise mastergradsstudentar i.

Fagplanen

Masterstudiet i nynorsk skriftkultur består altså av to innføringsemne à 15 poeng, to valemne à 15 poeng og ei oppgåve à 60 poeng, totalt 120 poeng.  Så langt har vi planlagt seks valemne:

1. Målreisingar og språkplanlegging i komparativt perspektiv
2. Den nynorske teksten – om sjanger, institusjon og norm
3. Kollektive identitetar – om overnasjonale, nasjonale, regionale og lokale identitetsdanningar
4. Danning – om folkeopplysning, folkedanning og folkelege elitar
5. Nynorsk skriftmål – om norm og bruk
6. Nynorsk filosofisk skriftmål,

og i tillegg har studentane høve til å ta ein historiemodul ved Avdelinga for humanistiske fag som er ein nær slektning av vårt valemne 3, alias valemne

7. Kultur, identitet – nasjon, region.

Det er utarbeidt kursplanar for alle emna bortsett frå nummer fire.  Med eit måltal på ti studentar seier det seg sjølv at vi ikkje kan gjennomføre kvart valemne kvart år.    Vi kjem såleis til å undervise to per år i rotasjon i vårsemesteret.  Emne fem er obligatorisk for studentar som ikkje har nordisk i fagkrinsen, og vil dermed dukke opp annakvart år.  Våren 2003 begynner vi med emne fem og seks.  Det er ikkje tid her til å gå inn i kursplanane for kvart valemne.  Ærendet mitt her er heller å syne kva type forståing av fagfeltet som har gjort seg gjeldande i fagplanen.
   Ein annan, og svært interessant, måte å gripe fagfeltet på, er å sjå korleis studentane sjølve har definert faget sitt i deira val av emne til masteroppgåva.  Studentane er sjølvsagt hovudpersonane i dette studieløpet, og vi var spente på å sjå korvidt deira forståing av faget fall saman med vårt.  Éin student har utsett arbeidet med oppgåva, slik at vi har per i dag åtte registrerte emne:

1. Skaper språket i dei nynorske lokalavisene ei kjensle  av identitet i lokalsamfunnet?  Ein komparative studie av lokalavisene og lokalkulturen i Volda og Vestnes
2. Det skotske landsmålet.  Ein komparative studie av ikkje-gælisk skotsk skriftmål i Skottland og landsmålet i Noreg som politisk argument for nasjonalt sjølvstende
3. Språklege utfordringar og problem ved omsetjing frå islandsk til norsk
4. Skriftpåverknad i gards- og bruksnamna på Søre Sunnmøre
5. Ragnar Hovland – brot eller kontinuitet?
6. Noregs boklag: Ei forlagssoge
7. Modernisme på nynorsk: Eit utval sentrale forfattarar med fokus på Jon Fosse og Melancholia I
8. Innføring av landsmål/nynorsk i nokre kommunar på Sunnmøre

Den niande studenten har altså ymta om at ho tenkjer seg ei fagdidaktisk oppgåve om opplæring i nynorsk i vidaregåande skule, knytt opp mot bruk av litterære tekstar.
   Korleis desse oppgåvene vil bli, veit vi sjølvsagt ikkje enno.  Min førebelse konklusjon, del éin, er at det er eit påfallande godt samsvar mellom denne lista på åtte oppgåver og den førre lista på sju valemne.  Del to: Eg meiner at studentane på ulike måtar har gripe essensen i faget, som er å nærme seg språket og skrifta frå eit kulturperspektiv.   Noko av utfordringa for studentane vil bestå i å knyte dei teoretiske perspektiva frå innføringsemna opp mot det stoffet dei skal arbeide med.  Det er dét, saman med forskingsinnstsen til miljøet rundt Aasen-instituttet, som vil bestemme om dette verkeleg blir ei fagleg nyvinning, eller om prosjektet degenererer til ei miniatyrutgåve av norskfaget.
  
Essensialistiske og ikkje-essensialistiske syn på nynorsk skriftkultur

Det konkrete arbeidet med mastergraden har medført ei de facto definering av kva nynorsk skriftkultur er.  I og med at mastergraden no har oppstått, er ein viktig milepæl i denne prosessen passert.  Definisjonsbehovet kan også på sett og vis ha blitt mindre akutt.   Den fortolkande diskursen omkring nynorsk skriftkultur har også dei seinaste åra vorte supplert av ein meir kvantifiserande diskurs.  Ein kan t.d. nemne Ottar Grepstads faktabok, og det nye arbeidet til Vidar Lynghammar, dei etter kvart mange haldningsundersøkingane som no finst (t.d. Bente Selbacks hovudoppgåve), osb.  Også Kjell Lars Berges tilnærming til feltet byggjer i stor grad på kvantifiserande modellar.  Vi veit m.a.o. kor vi finn nynorsken i samfunnet.  Vi veit at det finst etter måten mange diktsamlingar på nynorsk, men altfor få lærebøker i mekanikk, ein rimeleg del med stortingsmeldingar frå somme departement, altfor få frå andre.  Det finst godt om lokalaviser og regionaviser somme stader i landet som bruker nynorsk, ein liberal måljamstellingspraksis i Vart Land  og Klassekampen, eit merkeleg veksande rom for nynorsk i Aftenposten, men forbod i Dagbladet for alle som ikkje heiter Hompland.  Vi veit at filmar på kino aldri vert teksta på nynorsk, men at NRK gjer ein stor innsats for nynorsk teksting, dels som avlat for andre synder.  Det er bra med religiøst lesestoff på nynorsk, men frykteleg dårleg med porno.  Og så vidare, og så vidare.
   Ein kunne sjølvsagt halde fram slik i lang tid, og det kunne jamvel vere interessant.  Ein liten risiko med denne typen konstateringar, som ein ikkje skal sjå bortfrå, er at dei kan vere med på å halde ved like nettopp det synet på nynorsken som hevdar at han ikkje passar på dei plassane der han for tida ikkje finst.  Ved stadig vekk å konstatere at det t.d. knapt finst erotisk litteratur på nynorsk, kan ein skape inntrykk av at dette er ein naturleg og ufråvikeleg tilstand.  Diskursen om kor nynorsken «naturleg» høyrer heime, er det sterkaste våpenet i arsenalet til den hegemoniske kulturen i Noreg.  Når vi prøver å argumentere mot slike påstandar, godtek vi implisitt premissane til diskursen.  Det er nettopp der den hegemonniske makta ligg.  Eit betre alternativ (om vi held oss til det aktuelle eksempelet) er berre å setje i gang og lage nokon dampande nynorsk erotikk.  Eg skulle elles for min del stundom ønskje at vi ikkje brukte så mykje nynorsk til å drøfte nynorsken med, og iallfall ikkje til å forsvare og grunngi han.  At vi gjer dette, sannar berre løgna om at nynorsken treng å forsvarast.  Vi er nøydde til å forsvare han når og der han er under åtak, slik han frå tid til anna er.  På den andre sida hadde vi alle saman tent på å skrive nynorsk om alle mogelege andre saker enn målsaka ei stund.  Nynorsken lid generelt av ei stor metaspråkleg tyngd.  Han er for tydeleg markert, som lingvistane seier.  Det er derfor nynorsknormalen enno ikkje er «normal.
   Eg vil altså ikkje no i den korte tida som er att bruke meir tid til å fortelje dykk kva eller korleis nynorsk skriftkultur er.  Derimot vil eg peike på tre felt som eg trur det kan vere særleg utbytterikt å sjå på i nynorsk skriftkultursamanheng ei stund framover.

Sex

   Det første området er kjønn.  Kjønn kan kaste lys over nynorskkulturen frå fleire sider.  Den mest basale problemstillinga har framleis mykje stoff i seg: Kva har rolla til kvinnene vore i nynorskoffentlegheita?  Den nynorske skriftkulturen har vore, og er, ekstremt mannsdominert.  Skrivande nynorskingar har i påfallande sterk grad vore menn.  Dette er relativt lett å kvantifisere, jamvel om eg enno har til gode å sjå nokon fullstendig kjønnsbasert inndeling av dei sentrale aktørane i den nynorske skriftkulturen frå starten til i dag.  Ei slik kvantifisering ville i seg sjølv framtvinge interessante definisjonsspørsmål.  Den som har arbeidt mest systematisk med den tidlege perioden, er Eli Bjørhusdal.  Ho har funne fram til ei lang rekkje kvinnelege målaktivistar i perioden fram til 1900 som stort sett var blitt usynlege.  Likevel er det få av desse som skreiv i påfallande grad, og slett ikkje i dei mest prestisjetunge sjangrane.  Situasjonen endra seg i løpet av 1900-talet, men somme, seinast Cecilie Seiness i Dag og Tid, meiner at det nynorske skriftmiljøet framleis er abnormt mannsdominert.  Eg har også argumentert for dette synet, og prøvd å grunngi det ut frå ein tanke om målreisinga som eit ibuande fallogosentrisk prosjekt (Walton 2000, 2001).  Her trengst det meir utførlege, og dels kvantifiserande, studium.
   Ein kunne bruke innsikter frå kjønnsforskinga på fleire felt med.  Odd Monsson argumenterer for at det finst ein eigen «minoritetslogikk» i den nynorske skriftkulturen, og i andre fellesskapar baserte på minoritetsspråk (t.d. walisisk, katalansk, finlandssvensk).  Andre språksamfunn kan vere ein relevant komparator, men det kan også kvinnerørsla vere.  Feminismen aktualiserer ei sentral problemstilling i samband med nynorsken: Korleis kan det ha seg at eit fleirtal under moderne tilhøve lærer inn den sosiale rolla til eit mindretal?  Kva for krefter gjer at ei gruppe menneske opptred som historisk objekt?  Korleis konstituerer dei seg som subjekt?  Ei anna problemstilling knyter seg til skilnaden mellom den såkalla «likskapsfeminismen» og «forskjellsfeminismen», ein skilnad som har ein klar parallell i den gamle ideologiske inndelinga av målfolk i «eittspråksfolk» og «tospråksfolk».  Har vi her å gjere med ein fundamental skilnad i opposisjonelle rørsler mellom fundis og realos, som det heiter i ordbruken til den tyske økorørsla?
   Elles er kjønn meir enn genus.  Det har ofte slått meg at det finst ei rad strukturelle likskapar mellom målrørsla og homorørsla.  Om lag like store delar av folket praktiserer desse avvika frå den hegemoniske samfunnsnorma.  I båe tilfelle gjeld det eit normavvik som tidlegare vart straffa ved juridiske eller sosiale sanksjonar, men som no vert formidla i t.d. skuleverket med varierande gradar av skinntoleranse som både vanlege og legitime, og jamvel som ein spennande fargeklatt i det kulturelle mangfaldet.  Framfor alt sannar akseptet av nynorsk og homofili det liberalistiske samfunnet sine mytar om seg sjølv som «tolerant».  Båe grupper vert gjorde til objekt for toleransen til fleirtalet, men da gjer ein vel i å hugse at «toleranse» kan inndragast når fleirtalet finn det for godt.  Slik sett skal toleransen fungere disiplinerande.  Både nynorskingar og homofile har problem med å reprodusere kulturen sin, og er avhengige av eit tilsig med nye rekruttar som oppfattar den kulturen det gjeld som attraktiv, osb.  Jamt over har homokulturen lykkast betre med å tilpasse seg normene til den kommersielle sektoren i eit fleksibelt forbrukarsamfunn, mens nynorskkulturen i større grad er avhengig av staten og av politisk godvilje.  Ein kunne halde fram lenge: Poenget er at ein også her har ein aktuell, men lite påakta, komparator.

Rock’n’roll

   Det andre feltet eg meiner ein bør sjå nærmare på, er forholdet mellom nynorskelitane og det som av og til nokså nedlatande vert kalla fotsoldatane.  Nynorskelitane – kven er forresten det? – lever i ein paradoksal posisjon som ein presumptivt anti-elitær elite, berarar av ein selektivt folkeleg og dels anti-folkeleg kultur.  Ingen innkapslar desse paradoksa betre enn Sigmund Skard.  Den intellektuelle nynorskeliten vert ofte lett trengd opp i paradoksale antiintellektuelle posisjonar, og hamnar såleis i ein spesiell type sjølvforakt som fornektar grunnlaget for si eiga verksemd.  Resultata av den prinsipielle folkelegheita ligg langt frå normene og praksisformene til det faktisk eksisterande folket.  Die Regierung läßt sich ein neues Volk wählen, skreiv Brecht lakonisk etter arbeidaroppstanden i Berlin i 1953: Denne formuleringa kan stå som ein kommentar til den motsetninga mellom det faktisk og det ideelt folkelege som både nynorsken og marxismen har vore merkte av, truleg av nokså like grunnar.  Korleis er den nynorske intellektualiteten?  Har den sosiale ståstaden til dei nynorskintellektuelle skapt særlege spenningar?  Korleis kan historia til dei nynorske intellektuelle relaterast til historia om dei européiske intellektuelle i det heile?  Representerer dei eit akutt eksempel på det syndromet som Bauman peikar på, der dei intellektuelle alltid lever i ei sosial dobbelstilling: Dei beskriv folket oppover til makthavarane, og leverer ideologiar nedover til folket frå makthavarane?  Kor plasserer dei seg i spenningsfeltet mellom Gramscis «organiske» og tradisjonelle» intellektuelle?
   Det tredje feltet følgjer frå det andre.  Når vi har grunnlag for ein teori om dei nynorske intellektuelle, hadde det vore interessant å sjå på språknormeringspraksisen i nynorsken ut frå han.  Kva er eigentleg forholdet mellom norm og bruk i den nynorske rettskrivinga, for den saks skuld i rettskriving i det heile?  I kor stor grad er det språkleg nærleik som betingar oppslutnad om norma, eller heilt andre samfunnsforhold?  Enda eit paradoks: Den stadige perfeksjoneringa av nynorsknorma har ikkje gitt utslag i form av stadig fleire brukarar.  Alternativt kan det jo hende at stoda for nynorsken hadde vore mykje verre enn ho er dersom normeringspraksisen hadde vore annleis.  Og på mange måtar er ikkje stoda for nynorsken så ille.
   Godt folk, de vart lurte hit med lovnader om sex, dop og rock’n’roll.  Den utvida reklamasjonsretten under den nye kjøpelova gjer meg skvetten, og det er om å gjere til slutt å demme opp mot erstatningskrav, no når vi har slite oss gjennom det eine høgskulevedtaket ved HVO etter det andre. 
   I og med ønsket om ei tilnærming mellom forskinga på nynorsk skriftkultur og kjønn, vil eg påstå at vi har bevega oss eit stykke i retning av sex.  Spenninga mellom det ideelt og det faktiske folkelege rører ved nynorskens skiftande forhold til populærkulturen:  Ein kan formulere problemstillinga slik at styrkeforholdet mellom populærkultur og finkultur innanfor den nynorske skriftkulturen har skifta.  Det vi bør få kartlagt er korleis, kva tid og korfor.  I den legendariske innspelinga av låten om Ivar Aasen og katten hans, fortel Ragnar Hovland at dersom Aasen hadde vore i live i dag, hadde han vore ein kapellan.  Javel.  Det kryr uansett av rockemusikarar og rocketilvisingar i den vestnorske folkeleg-intellektuelle nynorske mannslitteraturen frå Frode Grytten, Ragnar Hovland og den yngre Kjartan Fløgstad, Jon Fosse m.fl.  Det finst jamvel ein vestnorsk folkeleg intellektuell machostil som klart har sitt opphav i rockekulturen:  Dei siste gjenlevande heterofile menn med bart er nynorskskrivande vestlendingar i femtiårsalderen.  Rocken er dermed også dekt.

Probably no drugs

   Dop: Niks.  Ingen nynorsk Ambjørnsen.  Det finst ikkje nokon nynorsk semiosfære for dop.  Til det er dei vitalistiske og rasjonalistiske kreftene i nynorskkulturen for sterke.  Og dét kan vi saktens vere glade for.

Tilvisingar

Berge, Kjell Lars, 2002: Text-theoretical presuppostions of New Norwegian Written Culture, J.Peter Burgess og Odd Monsson [red.]: Modernity, Nation, Written Culture, Kristiansand, 55-76
Bjørhusdal, Eli, 2001: Målkvinner før 1900, Volda
Burgess,  J.Peter og Odd Monsson [red.], 2002: Modernity, Nation, Written Culture, Kristiansand
Grepstad, Ottar, 1998: Nynorsk faktabok, Volda
Hovland, Ragnar, 1996: Katten til Ivar Aasen møter hunden frå Baskerville (og andre dikt), Oslo
Ivar Aasen-instituttet, 2002: Fagplan: Mastergrad i nynorsk skriftkultur, Volda,
Lynghammar, Vidar, 2002: Nynorsk sakprosa 1900-1999 – nynorsk skriftkultur sett gjennom den nynorske sakprosaen, upubl. hovudoppg., Universitetet i Oslo
Myking, Johan m.fl., 2000: Knutepunktet nynorsk skriftkultur, Høgskulen i Volda, Evaluering av knutepunktfunksjoner ved statlige høgskoler 1999-2000, Oslo, 25-31
Seiness, Cecilie, 2002: Den nynorske mannsverda, Dag og Tid, 41, xliv, 2.11.2002, 10-11
Selback, Bente, 2001: «Det er heilt naturleg». Ei gransking av skriftspråkshaldningar, upubl. hovudoppg., Universitetet i Bergen
Skard, Sigmund, 1963: Målstrid og massekultur, Oslo
Stave Tvinnereim , Helga, 1996: Nynorsk skriftkultur – aktuelle forskingsfelt, Volda
Walton, Stephen J., 1999: Kva er nynorsken, og kva er nynorsk skriftkultur?, Litt laust, mest fast, Volda, 31-51
-----------------------, 2000: Feminiseringa av nynorsken, teatret og målrørsla, Syn og Segn, 106 [2000], iii, 40-52
-----------------------, 2001: Woof, woof, upubl. konferanseinnlegg, Society for the Advancement of Scandinavian Study, Madison WI, iv.2001
-----------------------, 2002a: Nasjonsbygging og opplysning i europeisk perspektiv, Eldbjørg Fossgard [red.]: Tradisjon, opplysning og verkelegheit i norsk matkultur, Voss, 73-92
-----------------------, 2002b: A gender-perspective on nation-building as social practice, upubl. konferanseinnlegg, Gender-Power-Text, University College London, vi.2002



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Roger Ole Rangsæter 12.03.2007
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning