|
DET OPNE SPRÅKET: SPRÅK OG KULTURENDRING
0. RELEVANS FOR PROGRAM FOR KULTURFORSKING
Søknaden om prosjektet Det opne språket er levert inn tidlegare i år som søknad om eit frittståande prosjekt. Vi tillèt oss no å søkje om prosjektet under Program for kulturforsking, fordi vi meiner at prosjektet i særleg grad vender seg mot problemstillingar som planen for programmet aktualiserer.
Fokus i denne søknaden ligg på språkendring forstått som kulturendring. Vi vil undersøkje korleis språk i ulike kontekstar har fungert som utgangspunkt for ulike typar identitetar. Det ligg implisitt i dette perspektivet at ein avnaturaliserer «identitet». Men også «språk» må avnaturaliserast, og forståast som sosial konstruksjon skapt, ikkje minst i sine skriftspråklege variantar, av bestemte sosiale grupper med bestemte språklege og dermed allmennkulturelle normeringsprosjekt. Følgjene av desse prosjekta kan vere både intenderte og tilfeldige, og oppstår i dialektikken mellom dei gruppene som i særleg grad disponerer skriftspråket, og dei som primært er gjenstand for dei ulike skriftspråklege sosialiseringsforsøka. Eitt av underprosjekta her tek opp eksplisitt forholdet mellom skriftkulturell normering og normeringsforsøk på andre kulturelle praksisfelt. Sett under eitt vil prosjektet Det opne språket prøve å avdekkje spesifikke trekk ved slike kulturendringar som har sitt opphav i skriftspråket. Arbeidsmåten her vil vere å gå inn i dei strategiane som dei intellektuelle har utvikla for å konsolidere makta si gjennom skriftspråket. Dette arbeidet byggjer på nettopp det materialistiske perspektivet som programplanen etterlyser.
Dersom ein skal kunne seie noko interessant om dei intellektuelle som gruppe, er ein nøydd til å samanlikne måten dei arbeider på til ulike tider og på ulike stader. Dette komparative perspektivet gjennomsyrer prosjektet vårt. Det er m.a. lagt opp til ei systematisk internasjonalisering omkring prosjekt 3, Nyopninga. Den nynorske skriftkulturen er eit felt som det tradisjonelt er skrive om ut frå eit einsidig nasjonalt perspektiv. Her trengst det altså ei utlufting. Vidare vil vi leggje vekt på at prosjektet i sum legg opp til både danning av nye omgrep (1.1, 2.1 og 2.3) og til grundige empiriske undersøkingar (2.2, 2.4 og 3). Det byggjer systematisk på ein kombinasjon av etablerte forskarar, folk midtvegs i karrieren, unge talent, nye rekruttar og kontakt med relevante internasjonale fagmiljø.
Prosjektet slik det framstår her, er endra noko i høve til søknaden om frittståande prosjekt. Underprosjekt 1.2 i den tidlegare søknaden er fjerna, dels for å stramme inn kostnadene og auke eigenfinansieringsdelen, mest for å spisse søknaden inn mot det overordna faglege siktemålet.
1. SIKTEMÅLET MED PROSJEKTET
Hovudsiktemålet med prosjektet er å skape og formidle ny kunnskap om korleis språket blir brukt til å fremje kulturendringar, og om korleis kulturendringar nedfeller seg i språket. Problemstillinga føreset eit historisk og sosiologisk perspektiv på språket. Prosjektet legg ikkje primært vekt på lingvistiske eller filologiske tilnærmingar som tek for seg språket som korpus, altså som resultat av visse prosessar. Her er det sjølve dei sosiale prosessane som står i fokus.
Moderniteten Den historiske epoken som prosjektet tek for seg, er moderniteten. Dette gjer at vi legg tre storleikar til grunn: skriftkultur, identitet og dei intellektuelle. Sett samla er siktemålet med prosjektet å undersøkje korleis den allmenne skriftkulturen som voks fram frå midten av 1700-talet danna grunnlaget for kollektive identitetar. Dette var ikkje nokon sjølvsagd prosess. Det var ikkje noka naturlov som føreskreiv at dei skriftspråka som oppstod, skulle samle nettopp dei talemåla dei fanga opp. Perspektivet til prosjektet er anti-essensialistisk. Slik sett byggjer prosjektet vidare på det som har vore hovudlina i nasjonalitetsforskinga dei siste tretti åra. Ein ser på skriftmåla som skapte i bestemte historiske kontekstar ut frå spesifikke behov. Men prosjektet stoppar ikkje der.
Skriftkultur og identitet Det sentrale perspektivet her er skriftkulturen. Vi definerer den som eit skriftspråk og det nettverket med institusjonar, aktørar og samfunnskrefter som held skriftspråket oppe. Under moderniteten er det skriftmålet som har bore oppe dei mest produktive formene for kollektiv identitet i den offentlege sfæren. Talemålet har fått eit sosialt meir avgrensa domene enn skriftspråket, gjerne – men sjølvsagt ikkje utelukkande - på private eller uformelle felt. I mange normeringstradisjonar er talemålet blitt vurdert ut frå premissane til skriftmålet. Det er skrifta som integrerer moderne menneske inn i dei viktigaste sosiale fellesskapane, eller stengjer dei ute frå dei (Goody 2000). Med andre ord er personleg og kollektiv identitet i stor grad betinga av gruppa og individet sitt forhold til skriftmålet. Identitet målber korleis ein oppfattar seg sjølv, korleis ein vil bli oppfatta av andre, og korleis andre oppfattar ein. Identitetar kan vere funksjonelle eller dysfunksjonelle, og høve meir eller mindre bra med andre identitetar som dei er omgjevne av.
Dei intellektuelle Under moderniteten fall ansvaret for å forvalte dei kollektive skriftspråkbaserte identitetane på dei intellektuelle. Zygmunt Bauman (1989) har spora opphavet til dei intellektuelle til dei nye skriftbaserte kontrollfunksjonane som trongst i dei store européiske statane frå 15- og 1600-talet. Dette var dei såkalla clercs, avskrivarane, som skulle halde styr på dei mange omstreifarane som la ut på vandring på denne tida, det synlege resultatet av føydalismens manglande evne til å romme fødselsoverskotet. Kontrollfunksjonane i samfunnet baserte seg stadig meir på skriftleg lagring av informasjon og stadig mindre på tradisjonsband, personleg lojalitet og direkte utøving av vald. Valden vart administrativ. Vitskapen var per definisjon skriftbasert, og renessansen var ein prosess som bygde nettopp på gjenoppdaginga og publiseringa av skrifter. Posisjonen til dei intellektuelle vart styrkt. Samtidig vart dei differensierte som gruppe, slik at ein mot slutten av 1800-talet kan skilje mellom det Sartre (1972) kallar les techniciens du savoir, kunnskapens teknikarar, og dei no klassiske humane intellektuelle av den typen som mest notorisk gjorde seg gjeldande under og etter Dreyfus-saka. På 1900-talet endra styrkeforholdet mellom dei to typane intellektuelle seg (jf C. P. Snow og hans to kulturar [1969]) i dei humane intellektuelle sin disfavør. Rolla deira endra seg frå å vere lovgivarar til å bli smaksdomarar, for å bruke Baumans terminologi. Men på somme stader og på visse felt klarte dei humane intellektuelle å oppretthalde ein lovgivande funksjon, og dermed reell samfunnsmessig makt. I eigenskap av nettopp å vere ekspertar på skriftspråket og på skriftbasert kommunikasjon kunne dei humane intellektuelle opptre med teknokratisk sjølvtillit på det særeigne kulturelle feltet som språknormering representerte. Skriftspråket framstår såleis som den siste skansen der dei intellektuelle, eller ekspertgrupper mellom dei, kan opptre som forvaltarar av ein felles identitet. Dette gjeld iallfall i statar der ein i nemneverdig grad driv med offentleg språkplanlegging og –normering. Men det finst også vesentlege skilnader mellom slike statar i korleis ein legg til rette for denne typen verksemd. Språknormering og målreising går føre seg i mange ulike kontekstar. Éin svært produktiv skilnad er posisjonen til det enkelte skriftspråket innanfor det samfunnet der det vert brukt. Éin av medarbeidarane i dette prosjektet set t.d. føre at det finst ein eigen minoritetsspråkslogikk som er felles for mindretalsmål. Denne logikken styrer i følgje hypotesen hans åtferda til dei intellektuelle som forvaltar den aktuelle skriftkulturen.
Den norske språksituasjonen som utgangspunkt Det prosjektet som det her vert søkt om midlar til, går ut frå den norske språksituasjonen. Grunnen til dette er enkel. Det finst ein lang tradisjon mellom lingvistar for å sjå på den norske språksituasjonen som eit kompakt laboratorium med oversiktlege variablar, og som eit heller ekstremt eksempel på den logikken som overalt gjer seg gjeldande i språkplanleggingsprosessar (klassikaren her er Haugen 1966 mmfl). Ein kan byggje på denne tradisjonen, men det er ikkje nødvendig å føre han vidare. Det som no trengst, er å setje nye typar fagkunnskap på dei mange uløyste problema kring språksituasjonen og særleg språknormering i Noreg, først og fremst historisk og sosiologisk fagkunnskap. Vidare må ein no for alvor gå laus på den norske språksituasjonen ut frå eit komparativt perspektiv. Dette perspektivet må lodde djupare enn å leite opp ekko frå analoge språksituasjonar. Diskusjonen om korvidt den norske språksituasjonen mest liknar på den eks-tsjekkoslovakiske eller den greske er ikkje lenger interessant. Det ein må sjå på no, er kva sosial kontekst språksituasjonen og språknormeringa i Noreg vert forvalta i. Dette føreset at ein meir eller mindre implisitt skriv historia til dei norske intellektuelle. Det er verkeleg ein tankekross at vi ikkje har i Noreg noka samlande framstilling av historia til dei intellektuelle, berre einstaka tidsbilde og glimt frå korte periodar (t.d. Berggreen 1989, Berntsen 1998), ikkje eingong eit verk med same format som Ory/Sirinelli 1986.
Språkidentitet og språknormering I det første delprosjektet som det vert søkt om støtte til, vil ein altså finne svar på korleis skriftspråk og identitet heng saman, og på kva som særmerkjer norsk språkidentitet i internasjonalt perspektiv. I den andre delen av prosjektet vil ein granske korleis språknormering fungerer som kulturnormering, igjen i både norsk og internasjonalt perspektiv. Premissen her er at språknormering alltid inneber eit ønske om å påverke den vidare kulturen i den eine eller den andre leia. I seinmoderne samfunn med ei offentleg språkregulering representerer språket eitt av dei få felta der dette kan skje. Kva type kulturpolitikk har ein faktisk drive i ly av språkreguleringa i Noreg? Og kor haldbar er den vanlege påstanden om at den korporatistiske norske reguleringsmodellen er demokratisk? Kven er det som vert rekruttert til språknormeringsfunksjonar i Noreg og i andre land, og kva har det å seie at nettopp desse personane sit med dette ansvaret? Vi vil også sjå på døme på privat normeringspolitikk, i dette tilfelle i ei avis på Vestlandet, for å kvantifisere korleis ein uavhengig aktør legg premissane for normeringa av (i dette tilfellet) nynorsken i eit lokalsamfunn.
Nynorsken som normgivar i den norske språksituasjonen Det som har skapt den særeigne norske språksituasjonen, er nynorsken. Det finst få sidestykke til fenomenet nynorsk, eit alternativt skriftmål, normert ut frå vitskaplege prinsipp på grunnlag av talemålet i den største delen av landet, seinare kontinuerleg og løpande demokratisert, men som likevel aldri har etablert seg som bruksskriftmålet til fleirtalet av folket i landet. I ein slik situasjon hadde det nok kanskje vore naturleg at nynorsken hadde døydd ut, men det har han heller ikkje gjort. I staden står han som permanent utfordrar til og i lange periodar som implisitt normgivar for det hegemoniske skriftmålet i landet. Grunnen til at nynorsken har vist seg å vere liv laga, er at han ikkje berre har vore eit skriftmål, men har utvikla ein sterk skriftkultur som er djupt forankra i den fellesnorske identiteten. Noko av grunnen til dette, er at den sosiale rørsla omkring nynorsken har klart å rekruttere nokre uvanleg effektive intellektuelle.
Den nynorske skriftkulturen er eit så eineståande interessant fenomen at han krev ei samla historisk framstilling på høgt fagleg nivå. Dette vil vere eit heilt anna prosjekt enn det som så langt er skrive om nynorsken. Dette fell i to kategoriar. På den eine sida har ein hatt antologiar og artikkelsamlingar som har framstilt det som gjerne heiter målreisingssoga, altså historia til dei institusjonane som har halde nynorsken oppe, frå samtalelag, forlag, mållag, ungdomslag og skyttarlag – lag på lag med lag, kan ein seie – til historia om den byråkratiske jakta på løyvingar i dei departementale korridorane i nyare tid. På den andre sida har vi ei rad målsoger, der den formelle utviklinga i utsjånaden til nynorsknormalen og dei mange avvika frå og rundt han vert bokførte. I tillegg har vi ei lang rekkje biografiske og litterære framstillingar og enkelte målkvinner og -menn. Det som manglar er samanhangande framstillingar av dei historiske prosessane som skapte den nynorske skriftkulturen, særleg framstillingar av lengre periodar førte i pennen av einskildforfattarar. Det er dette vi no søkjer om midlar til å realisere i eitt av delprosjekta. Perspektivet for dette arbeidet må vere henta frå dei to andre pilarane i prosjektet. Det vil seie at ein ser på framveksten av den nynorske skriftkulturen primært som eit forsøk på å endre kulturen, faktisk eitt av dei mest djuptpløyande forsøka av denne typen som er realiserte i Europa. For her har intellektuelle med opphav og identifikasjon i folkedjupet samla seg i eit krafttak for å endre den sosiale realiteten ved å endre på språket. Men her gjekk det ikkje slik som t.d. i Finland. Ein klarte ikkje å skape ein etnisk identifikasjon med det nye skriftmålet og etnisk avstand til det gamle. Her føyste ikkje den nynorske skriftkulturen ut den dansk-bokmålske på same måten som finsk føyste ut svensk. Likevel døydde ikkje nynorsken bort. Ein fann andre måtar å forstå seg sjølv på, t.d. i ein minoritetsspråkslogikk. Heile utviklinga kan faktisk framstillast gjennom den skiftande identifikasjonen hos norske målfolk med det finske fleirtalet i mellomkrigstida og seinare (frå 1970-åra og framover) med det svenskspråklege mindretalet i Finland (Walton [red.] 1999).
Delprosjektet om historia til den nynorske skriftkulturen vil krevje ulike typar fagkunnskap. Det er likevel ønskjeleg at dei tre banda i det verket vi vil realisere vert skrivne av einskildpersonar. Det er dermed ekstremt viktig at dei tre forfattarane både komplementerer kvarandre fagleg, og arbeider tett i lag. Dei må arbeide i høve til kvarandre, og til medarbeidarane på dei to andre delane av prosjektet, som til saman utgjer ein klar heilskap. Den ideelle balansen mellom forfattarane av skriftkulturhistoria vil vere ein historikar, ein filolog og ein samfunnsvitar. Alle bør vere sterkt internasjonalt orienterte for å kunne skilje epifenomena i det historiske handlingsforløpet i det nynorske tilfellet frå dei underliggjande prosessane og strukturane som målreising og kulturreising inneber.
2. KORFOR VOLDA? HVO-miljøet Ivar Aasen-instituttet I 1995 vart Høgskulen i Volda (HVO) tildelt knutepunktfunksjonen for nynorsk skriftkultur i Noregs-nettet. Bakgrunnen for dette var det aktive arbeidet som alt frå 1990 vart drive for å få oppretta eit nasjonalt senter for nynorsk skriftkultur i Ørsta-Volda (sjå Nerbøvik red. 1992). HVO har sidan følgt opp knutepunktfunksjonen ved å investere tungt i dette nye fagfeltet, først og fremst ved å opprette Ivar Aasen-instituttet (IAaI) i 1995. Dei første medarbeidarane vart tilsette i vitskaplege stillingar ved IAaI i 1997. Det har vore noko omskifting i personalet. Dei to som gjekk inn i kvalifiseringsstillingar i 1997 (med høvesvis doktorstipend og professorstipend) er no tilsette ved andre avdelingar ved HVO. Vi kan vente at dei vil kvalifisere seg i nær framtid. Den første doktorgradsstipendiaten ved IAaI tok graden ved universitetet i Bergen våren 2002. Han som var professor II frå oktober 1997, vart professor i nynorsk skriftkultur hausten 2000, og er sett opp som leiar for prosjektet Det opne språket. IAaI har frå 1.8.2002 følgjande tilsette: Sylvi Gulla Hovdenakk (instituttsekretær, 50% stilling) Helge Sandøy (professor II, 20% stilling) Jan Inge Sørbø (professor i nynorsk skriftkultur, fram til 31.7.2003) Stephen J. Walton (professor i nynorsk skriftkultur). Den stillingsheimelen som Sørbø har, er lyst ut med søknadsfrist 1.1.2003. IAaI er eit forskingsinstitutt som, sidan det vart oppretta, har markert seg med ein tverrfagleg og komparativ profil. Dei tilsette ved Instituttet har utvikla eit breitt kontaktnett i inn- og utland, og Instituttet har teke intiativet til fleire fagmøte i Volda som har relevans for denne prosjektsøknaden. Mellom anna kan det nemnast særskilt: · seminaret «Kva er nynorsk skriftkultur» ii.1998 · seminaret «Ny-Noreg møter Svensk-Finland» x.1998 (støtta av Norsk-finsk kulturfond) · den internasjonale konferansen «Nynorsk skriftkultur» med m.a. professor Jack Goody, University of Cambridge, v.2000 · kurset «Nynorsk skriftkultur» for nord-amerikanske norsklærarar viii.2000 (støtta av Utanriksdepartementet) · konferansen «Det arabiske i det nynorske» (støtta av Den norske UNESCO-kommisjonen) xi.2001 · ei markering av Robert Burns og morsmålslitteraturane i Skottland (støtta av British Council i Oslo) i.2002 · eit seminar i åtte delar utover heile våren 2002 der føredragshaldarar frå ulike miljø i Noreg kasta lys over sider ved den nynorske skriftkulturen. Eitt sentralt siktemål med seminar- og fagmøteverksemda har vore å skape nettverk i både inn- og utland. I tillegg er IAaI i gang med å byggje opp eit NORDPLUS-nettverk i «Språk og identitet», og eit SOKRATES-nettverk.
Mastergraden i nynorsk skriftkultur Det største einskildprosjektet ved IAaI så langt har vore opprettinga av eit mastergradsstudium i nynorsk skriftkultur. Studiet har eit måltal på ti, og dei første studentane vert tekne opp hausten 2002. Studiet og instituttet vert skildra kort i den brosjyren som er lagd ved søknaden (vedlegg 2). Mastergraden (120 studiepoeng) omfattar m.a. ei masteroppgåve på 60 studiepoeng. Vi kjem til å leggje stor vekt på å kople masteroppgåvene ved IAaI opp mot prosjektet Det opne språket. Dette vil fungere miljøskapande både i forhold til masterstudentane og til prosjektarbeidarane, og leggje til rette for utbytterik seminarverksemd. Det vil òg gjere det mogeleg å ta opp problemstillingar som dukkar opp undervegs i prosjektet, som så å seie «prellar av» det.
Fagmiljøet ved HVO utanfor IAaI Interessa for nynorsk skriftkultur som forskings- og undervisningsfag er på ingen måte avgrensa til IAaI. Grunnen til at HVO fekk tildelt knutepunktfunksjonen var det aktive miljøet og det svært høge kompetansenivået innanfor fagområdet som eksisterte der frå før. HVO har ei nyskipa Forskingsgruppe i nynorsk skriftkultur (FORGRUNN) der dei som underviser på mastergraden utgjer grunnstammen, om lag tjue personar. Også undervisarar frå andre institusjonar (t.d. universiteta i Bergen og Oslo, og frå universitetet i Vasa og akademiet i Tórshavn), vil verte oppmoda om å vere med i forskingsgruppa. FORGRUNN vil bli kopla aktivt inn i arbeidet til prosjektet Det opne språket i samband med seminarverksemd.
Nynorsk kultursentrum Sommaren 2000 opna Nynorsk kultursentrum (NK) i Hovdebygda, 4 km frå HVO. NK og IAaI har eit svært tett samarbeid basert på ei arbeidsdeling der IAaI primært driv med forsking og undervisning, og NK driv med dokumentasjon og formidling. NK sit inne med eineståande forskingsressursar, eksemplifiserte ved Reidar Djupedals boksamling og Anton Aures avisarkiv. Tilfanget av materiale veks raskt, og NK har mellom sine ni faste (og mange deltids-) tilsette ein utdanna dokumentasjonsleiar. NK er alt den viktigaste ressursen for forsking på nynorsk skriftkultur utanom Nasjonalbiblioteket. NK har også lykkast å skape eit aktivt og dynamisk sosialt og fagleg miljø omkring fagfeltet. Dette miljøet vil utgjere ei maksimalt stimulerande ramme omkring prosjektarbeidarane. Dette er svært viktig i rekrutteringssamanheng.
Nettverk IAaI har teke initiativet til å danne eit NORDPLUS-nettverk i «Språk og identitet», der flg. partnarar er med · Vasa universitet (FIN) · Åbo akademi (FIN) · Fróðskaparsetur Føroya (FO). Vi arbeider no for å få Den samiske høgskolen i Kautokeino med. IAaI har bilaterale SOKRATES-avtalar med · University of Aberdeen (GB) · University College London (GB), og vi arbeider med å få til ein avtale med Humboldt-universitetet i Berlin (D). IAaI og humanistmiljøet har eit langt og tett samarbeid med Universitetet i Bergen. Innehavaren av professor II-stillinga ved IAaI arbeider til dagleg ved UiB, og professor Jan Inge Sørbø ved IAaI har ei professor II-stilling same stad. Stipendiaten ved IAaI tok doktorgraden i Bergen, og tidlegare instituttleiar ved IAaI, Odd Monsson, leverer inn si dr.-avhandling der i løpet av 2002. IAaI har vidare eit samarbeid med Sakprosa-prosjektet ved Universitetet i Oslo ved professor Kjell Lars Berge. Vi arrangerer eit felles internasjonalt seminar med Sakprosa-prosjektet i november 2002.
3. MÅLSETJING OG STRATEGI
Dei faglege målsetjingane med prosjektet Det opne språket er alt omtala. Vi har i tillegg ei rekkje fagpolitiske og strategiske målsetjingar med prosjektet som står i nært samband med dei faglege målsetjingane. Desse gjeld · behovet for rekruttering · behovet for internasjonalisering, og · behovet for effektiv formidling.
Rekruttering Nynorsk skriftkultur er eit nytt fagområde. Dei som de facto arbeider på det, kjem frå ulike fagbakgrunnar, t.d. nordistikk, historie, sosiologi, språkvitskap mm. Eit viktig siktemål med dette prosjektet er å styrkje identiteten og sjølvbevisstheita til faget som fag ved å rekruttere unge og nesten unge forskarar. Her er vi merksame på ønsket frå UFD om å trappe opp rekrutteringa av doktorstipendiatar fram til 2007. Prosjektet vårt innber at ein rekrutterer fem stipendiatar, tre av desse med Forskingsrådet sine midlar. To av stipendiatane er nemnde, og båe kan rekrutterast som dr.-gradskandidatar. Vi tek sikte på å knyte dei til dr.art.-programmet ved UiB. Dei tre andre stipendiatstillingane vil måtte lysast ut. Vi såg gjerne at kvinnelege søkjarar fekk fortrinnsrett til desse stillingane.
Internasjonalisering Dei faglege aktivitetane vi legg opp til, krev eit gjennomført internasjonalt perspektiv. Dette er alt reflektert inn i mastergradsprogrammet ved IAaI, og i Instituttet sine nettverk. Det er søkt om utanlandsopphald til alle deltakarane i prosjektet, og om fire gjesteforskarar som kan vere i miljøet og i tilleg bidra til dei årlege prosjektkonferansar. Vidare vil vi byggje på det gode samarbeidet vi har med Vasa-miljøet. Éin av medlemene i styringsgruppa vil kome derifrå. Vedkomande sit i fagrådet ved IAaI. Vi vil gjerne halde startkonferansen i Vasa nettopp for å dra vekslar på det sterke tospråklegheits- og identitetsforskingsmiljøet der.
Formidling IAaI har ein aktiv skriftserie (vedlegg 3). Vi har satsa sterkt i det siste på å heve kvaliteten til skriftserien, samtidig som vi internasjonaliserer innhaldet. For tida har vi ei bok i trykken som er eit samarbeidsprosjekt med SUNY Press i New York. I motsetning til mange andre skriftseriar, har vi satsa på sal. I 2001 selde vi såleis vel 350 bokeksemplar til private og offentlege kjøparar. Vi vil publisere forskingsresultat frå prosjektet løpande i skriftserien vår, til liks med dei masteroppgåvene som eignar seg kvalitativt. Denne utgivingsverksemda skal finansierast som spleiselag over IAaI sitt budsjett og med prosjektmidlar.
4. AKTIVITETAR
Prosjektet Prosjektet begynner med ein startkonferanse i 2003, som vil bli lagd til Vasa universitetet, Finland. Emnet vil vere Språkendring som kulturendring. Siktemålet er å utarbeide felles analytiske reiskapar for arbeidet vidare.
Delprosjekt Prosjektet består av tre delprosjekt: · Dei mange opningane: Førestillingar om språk og identitet · Lukking og opning: Normer og makt i språk og kultur · Nyopninga: Den nynorske skriftkulturen
Dei mange opningane: Førestillingar om språk og identitet Siktemålet med dette delprosjektet er å undersøkje kva typar språkval ein står overfor i den norske språksituasjonen. Finst det i det heile reelle språkval, og kven gjeld dei for i så fall? Og dersom dei finst, korleis står dei i forhold til språkval andre stader i verda, ei verd der alle på éin eller annan måte no høyrer til språklege minoritetar.
Underprosjekt: Her er det eitt underprosjekt
Underprosjekt 1.1: Minoritetsspråkslogikk og identitetsdanning Prosjektet har som mål å forstå samanhengane mellom språk, kultur og identitet. Prosjektet vil beskrive kulturiseringa av språket, dvs. framveksten av språket som kulturobjekt, altså korleis språk som del av den folkelege kulturen legg grunnlaget for ei identitetsdanning. Prosjektet vil ha eit overordna perspektiv knytt til førestellingar om homogene og heterogene språksamfunn (altså kulturar) som ideal og røyndom. Det vil vere eit studium av minoritetsspråkssituasjonen i Europa, ut frå ei forståing av at denne situasjonen tvingar fram ein eigen rasjonalitet, ein spesiell «minoritetsspråkslogikk». Prosjektet vil innebere eit komparativt studium av minoritetsspråka nynorsk i Noreg, svensk i Finland, walisisk i Wales og katalonsk i Spania. Alle desse eksisterer innanfor «trusselen» frå eit hegemonisk majoritetsspråk. Språkbrukarane opptrer dermed som bilingvale, og overgangen til det hegemoniske språket er stadig mogeleg, noko brukarane også er medvitne om. Desse språka er likevel ulike når det gjeld opphav og tilkomst, distanse til majoritetsspråket og legitimitet. Ei samanlikning mellom desse språkkulturane vil difor kunne skaffe fram kunnskap om kva som er allmenngyldig i ein minoritetsspråkssituasjon, og kva spesifikke faktorar som er avgjerande for haldningar hos språkbrukarane. Prosjektet skal søkje å vise samanhengen mellom den ideologiske, sosiale og kulturelle konteksten som språket opptrer i og formidlinga av språket til brukarane. Samtidig vil vi undersøkje korleis den diskursive praksisen i skulen bidrar til danning av ein identitet med språket som kjerne. Odd Monsson (AHF/HVO) vil gjennomføre dette prosjektet.
Lukking og opning: Normer og makt i språk og kultur Siktemålet med dette delprosjektet er å sjå på språknormering som eit uttrykk for kulturnormering. Språknormering utelukkar somme løysingar samtidig som ho opnar for andre. Arbeidshypotesen er at språknormering alltid implisitt normerer meir enn berre språket, og kan sjåast som uttrykk for eit logosentrisk verdssyn der ein forsøkjer å endre på verkelegheita ved å endre på orda.
Her er det to store og to mindre underprosjekt:
Underprosjekt 2.1 Amerikaniseringsmyten Dette prosjektet går ut på å undersøkje korfor européiske intellektuelle til visse tider og på visse plassar har oppfatta visse former for kulturendringar som ein amerikaniseringsprosess. Nemninga «amerikanisering» har vore meint som tydeleg stigmatiserande. Tesen er at amerikaniseringsdiskursen er generert av européiske (og andre) intellektuelle for å markere visse typar kulturendringar under moderniteten som på ulike måtar har vore problematiske for dei intellektuelle som gruppe, og særleg evna deira til å utøve symbolsk eller samfunnsmessig makt på bestemte felt. Prosjektet lagar ein generell teori på grunnlag av fransk materiale, og ser på språknormering i Noreg i lys av denne teorien, saman med to andre praksisområde i England og Sverige. Ein vil kort sagt undersøkje korfor ein amerikansieringsdiskurs har kunna gjere seg gjeldande i høve til språknormering i Noreg, men berre i liten grad i høve til oppfatningar av det visuelle miljøet i England, og slett ikkje i høve til oppfatningar av seksualiteten i Sverige. Prosjektet skal gjennomførast av Stephen J. Walton (IAaI/HVO). Det skal søkjast om to års frikjøp for Walton frå 50% av stillinga hans.
Underprosjekt 2.2 Språknormering i internasjonalt perspektiv Dette prosjektet er tenkt som ein komparativ studie i kulturelle maktforhold. Utgangspunktet er påstanden om at språknormering i Noreg er eksemplarisk demokratisk, bygd som ho er på ein korporatistisk sosialdemokratisk konsensusmodell. Men korleis kvantifiserer ein «demokrati» i høve til språkplanlegging og -normering? Korleis er rekrutteringa til normeringsfunksjonane i Noreg sett i forhold til andre nordiske land, og til språksamfunn som driv normering på eit anna grunnlag, eller som ikkje driv offisielt styrt språkplanlegging i det heile? Og kva konsekvensar får rekrutteringa til normeringsfunksjonane? Her skal det søkjast om midlar hos Kulturdepartementet og Norsk språkråd.
Underprosjekt 2.3 Lukking og opning Dette underprosjektet har eit teoretisk siktemål, og vil vere ein teorileverandør til dei andre prosjekta under delprosjekt 2. Det vil sjå på tilhøvet mellom kulturell lukking og opning som del av eit sosialt klassifiseringssystem. Underprosjektet vil freiste å kople forskingsprosjektet som heilskap (særleg spørsmålet Kva er eit språk?) til teoretiske posisjonar og empiriske problemstillingar i den seinare forskinga kring kulturelle, sosiale og språklege grenseprosessar. Metaforstudiar og diskursanalyse vil stå sentralt. Underprosjektet skal gjennomførast av Endre Brunstad (UiB). Det skal søkjast om seks månadsverk.
Underprosjekt 2.4 Normering i Sogn Avis Dette er også eit mindre omfangsrikt prosjekt som tek for seg den faktiske språknormeringa i ei lokalavis i det såkalla kjerneområdet for nynorsken. Kva normeringsstrategiar gjer seg gjeldande, og kven er det som set dei i verk? Prosjektet skal gjennomførast av Jan Olav Fretland (HiSF). Det skal søkjast om seks månaders frikjøp for Fretland i 65% av stillinga hans.
Nyopninga: Den nynorske skriftkulturen Siktemålet med dette delprosjektet er å skrive historia om den nynorske skriftkulturen. Nynorsk skriftkultur kan stå som eit typedøme på korleis språknormering i prinsippet og i praksis fungerer som kulturnormering. I eit internasjonalt perspektiv merkjer den nynorske skriftkulturen seg ut med eit sterkt metakulturelt medvit om at ein nettopp justerer kulturen ved å reformere språket. Dette delprosjektet krev ei følgjestreng synkron handsaming frå den tidlege språklege moderniteten på 1700-talet til dei siste rettskrivingsendringane frå Norsk språkråd. Perspektivet vil vere den nynorske skriftkulturen som kultur, og ikkje nynorsken som filologisk produkt. Dei sosiale og kulturelle prosessane som har skapt den nynorske skriftkulturen i dialog med den hegemoniske kulturen i Noreg vil stå i fokus. Dette prosjektet må delast inn i tre periodar. Underprosjekt 3.1 vil ta opp den nynorske skriftkulturen si historie frå 1739 til 1885 Underprosjekt 3.2 tek tida frå 1885 til 1943, og Underprosjekt 3.3 tek tida frå 1943 til 2005. Det skal søkjast om to stipendiatstillingar frå NFR. Her er det ønskjeleg med ulik fagkompetanse. Vi vil dermed søkje om dr.-gradsstipend til Oddmund L. Hoel og Jens Johan Hyvik. I tillegg vil HVO bidra med éi stipendiatstilling til ein historikar eller samfunnsvitar.
Årskonferansar Vi vil halde éin konferanse i samarbeid med gjesteforskarane i dei mellomliggjande åra mellom start- og avslutningskonferansen (altså i 2004 og 2005). Dette vil gi prosjektarbeidarane høve til å leggje fram arbeidet sitt i strukturerte former for kvarandre og for ei større offentlegheit. Ein viktig funksjon vil vere løpande kvalitetskontroll av det arbeidet som vert gjort. Ein annan vel så viktig funksjon vil vere å formidle dei førebelse forskingsresultata. Konferansen i 2004 bør haldast i Volda og den i 2005 i utlandet.
Avslutningskonferanse Det skal haldast ein konferanse i Volda i 2006 for å avslutte prosjektet. Konferansen skal gjere synleg den nye kunnskapen som prosjektet har produsert, og skal delast i to. Dei to spørsmåla konferansebidraga skal gi svar på er: Kva er eit språk, og kva er ein kultur? Vidare skal vi søkje svar på korvidt språk og kultur betingar kvarandre gjensidig, eller korvidt dei kan tenkjast uavhengig av kvarandre. Og korleis gjer gruppeinteresser seg gjeldande i dei to storleikane språk og kultur? Det samla siktemålet er å kome fram til ei ny forståing av dei norske intellektuelle sin situasjon i eit internasjonalt perspektiv.
Internasjonalisering: Utanlandsopphald For å sikre det komparative perspektivet i prosjektet søkjer vi om følgjande utanlandsopphald: · Hoel: ni månader feltarbeid i Aust-Timor · Hyvik: fem månader ved Det hebraiske universitetet, Jerusalem (IL) og fire månader ved UCB, Berkeley (USA) · Monsson: fire månader ved Prifysgol Cymru, Aberystwyth (GB) og fem månader ved språkseksjonen til Generalitat de Catalunya, Barcelona (E) · Walton: tre månader ved Stockholms universitet (S) og tre månader ved University of Colorado, Boulder (USA)
I tillegg søkjer vi om midlar til utanlandsopphald til dei stipendiatane som skal rekrutterast med midlar frå andre kjelder enn NFR: · stipendiat underprosjekt 2.2: ni månader (Sverige, ev. Danmark) · stipendiat underprosjekt 3.3: ni månader (Tyskland)
Gjesteforskarar Vi vil søkje om éin gjesteforskar pr. år under prosjektperioden, dvs. fire totalt. Kvar gjesteforskar bør få høve til å opphalde seg i Volda éin månad, og bør kunne vere med på éin av dei fire konferansane som er planlagde. Vi vil gjerne invitere følgjande forskarar: · Jan Blommaert, professor i afrikansk språk og kultur, Universiteit Gent (B) · Andrew Linn, Senior Lecturer in the History of Linguistics, University of Sheffield (GB) · Klaus Mattheier, professor, Germanistisches Seminar, Universität Heidelberg (D) · Stephen May, Foundation Chair of Language and Literacy Education, University of Waikato (NZ)
Styringsgruppe Det er viktig at prosjektet får ei aktiv styringsgruppe med nær tilknytning til universiteta, og til sentrale og relevante forskingsmiljø elles. Styringsgruppa skal kallast inn til møte minst éin gong i året i samband med dei årlege konferansane. Følgjande har sagt seg villige til å sitje i gruppa: · Professor Nina Witoszek, Senter for utvikling og media, Universitetet i Oslo/ Fellow, Mansfield College, University of Oxford (GB) · Professor Christer Laurén, Vasa universitet (FIN) · Professor Helge Sandøy, Nordisk institutt, Universitetet i Bergen
Prosjektleiing Prosjektet skal leiast av Stephen J. Walton, professor i nynorsk skriftkultur, Ivar Aasen-instituttet, Høgskulen i Volda. Prosjektleiingsfunksjonen skal dekkjast innanfor professorstillinga til Walton etter nærmare avtale mellom han og Høgskulen i Volda. Den skal ikkje belastast prosjektbudsjettet. Driftsmidlar til prosjektleiing inngår i andre driftskostnader. Vi søkjer også om ein prosjektkoordinator i 30% stilling. Prosjektleiar skal ha det overordna faglege ansvaret for prosjektet. Han/ho skal syte for at dei faglege måla og delmåla vert nådde innanfor den tidshorisonten prosjektet føreset. Han/ho skal vidare ha ansvaret for den løpande kvalitetskontrollen av prosjektet. Prosjektkoordinatoren skal ha ansvaret for at dei tiltaka og dei aktivitetane som prosjektleiar og styringsgruppa vedtek, vert sette i verk. Rutinemessig budsjettarbeid og prosjektadministrasjon vert lagde til koordinatoren.
Oversikt over eigenfinansieringa Prosjektet føreset ein vesentleg del med eigenfinansiering utover det vi søkjer NFR om. Den eigenfinsierte delen kan oppsummerast slik: HVO bidreg med · forskingsdelen av stillinga til Monsson (50%, underprosjekt 1.1) · forskingsdelen av stillinga til Walton (50%, underprosjekt 2.1) · prosjektleiarfunksjonen til Walton (etter eigen avtale) · stipendiatstilling i tre år (underprosjekt 3.3) HiSF bidreg med · forskingsdelen av stillinga til Fretland (35%, underprosjekt 2.4) Det skal søkjast Kulturdepartementet og Norsk språkråd om · stipendiatstilling i tre år (underprosjekt 2.2)
Framdrift Framdrifta i prosjektet går fram av § 6 og 7 i søknadsblanketten.
Oversikt over hovudaktørane HVO: vil utgjere ramma kring prosjektet. Prosjektet og det sterke høgskulemiljøet for nynorsk skriftkultur og modernitetsforsking vil kunne dra vekslar på kvarandre. Ivar Aasen-instituttet: Masterstudentane i nynorsk skriftkultur ved IAaI skal oppmuntrast til å skrive masteroppgåver opp mot prosjektet. Dette vil fungere miljøskapande og ha stor rekrutterings, overførings- og formidlingsverdi. Nynorsk kultursentrum: vil spele ei nøkkelrolle i formidlinga av prosjektet og som dokumentasjons- og materialesamling særleg for dei tre prosjekta under Nyopninga. UiB: Minst éin av deltakarane vil vere lokalisert i Bergen. Doktorgradsstudentar som vert knytte til prosjektet vil få delar av rettleiinga si og ta graden i Bergen. Prosjektet vil såleis verte knytt til eit universitetsmiljø med ein sterk profil på fagområdet. HiSF: bidreg også med minst eitt delprosjekt. Dette vil vere med og styrkje den regionale dimensjonen i prosjektet. Vasa universitet: vil gi prosjektet ei forankring i eit relevant utanlandsk fagmiljø. Professor Christer Laurén (som sit i Fagnemnda ved IAaI) er med i styringsgruppa. VU vil stå som medarrangør av opningskonferansen.
Tilvisingar
Bergreen, Brit, 1989: Da kulturen kom til Norge, Oslo Berntsen, Harald, 1998: Det lange friminuttet: Et essay om ungdom i 1960-åra, Oslo Bauman, Zygmunt, 1989 [1987]: Legislators and Interpreters: On Modernity, Post-modernity and Intellectuals,Cambridge Goody, Jack, 2000: The Power of the Written Tradition, Washington/London Hauge, Einar, 1966: Language Conflict and Language Planning: The Case of Modern Norwegian, Cambridge MA Nerbøvik, Jostein [red.], 1992: Ivar Aasen-senteret: Eit nasjonalt senter for nynorsk skriftkultur, Volda Ory, Pascal og J.-F. Sirinelli, 1986: Les Intellectuels en France de l’affaire Dreyfus à nos jours, Paris Sartre, Jean-Paul, 1972: Plaidoyer pour les intellectuels, Situations, VIII, Paris, 375-455 Snow, C. P., 1969 [1959]: The Two Cultures and A Second Look, Cambridge Walton, Stephen J. [red.], 1999: Ny-Noreg møter Svensk-Finland: Seminarrapport, Volda
|