Skriv ut Sideoversikt |  


Søk etter studium
Studietilbod 06-07
Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden


Om Høgskulen / Humanistiske fag / Fagmiljø/institutt / Historie / Detaljert tilbod 06-07 /

Organisering og arbeidsmåtar

Jfr korleis emna er strukturerte under nettbaserte emne.

Det blir gjeve førelesingar og seminar knytt til kvart enkelt av dei faglege tyngdepunkta i emnet. Den generelle delen av metodetyngdepunktet er felles for emna HI101, HI102 og HI103 (med nettvariantane) og blir undervist med førelesingar og seminar i ein samla bolk kvart semester.

Innhaldet i emnet blir i tillegg formidla og utdjupa gjennom skriftlege s.k. «nettleksjonar» à 5–10 sider, som blir distribuert via internett og erstattar tradisjonelle forelesingar i stor grad. Faglærarane har utarbeidd to slike leksjonar til kvart tyngdepunkt. Desse leksjonane inngår i pensum i emnet.

All undervisning har elles som føresetnad at studentane på førehand set seg inn i det aktuelle temaet i nettleksjonane og lærebøkene, og førebur seg til dei problem­stillingane som blir tekne opp.

Alle studentar som tek emnet blir fordelte i basisgrupper á 4–6, for gjennomføring av mappe­evalueringa. Kvar gruppe får ein faglærar som rettleiar, som godkjenner arbeids­krava og gjev fagleg tilbakemelding på oppgåveutkast og kommentarar til medstudentar.

Studentar som er meldt på lokalt emne blir sett opp i s.k. «møtegrupper» på studiestaden der gruppa har møter med rettleiar og får tilbakemeldingane der.

Fjern-/nettstudentar på emne med emnekode + N, t.d. HI101N, HI204N blir sett opp i s.k. «nettgruppe» der tilbakemeldingar blir gjeve ved hjelp av internett-systemet Classfronter.

All innlevering av oppgåveutkast m.m. skjer i Classfronter. Det er derfor ein føresetnad for å kunne studere historie i Volda at studenten behersker elemetær inter­nettbruk (navigering i nettleser, t.d. Microsoft Explorer, bruk av diskusjonsforum, opp- og nedlasting av filer). Det blir gjeve inn­førings­kurs i desse teknikkane ved semesterstart, og det blir lagt ut detaljerte rettleiingar på nettet.



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Arnfinn Kjelland 08.06.2004
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning