|
|
I det tredje året skal studentane spesialisere seg og jobbe med større prosjekt og produksjonar, anten innan spesifikke fagtradisjonar eller tverrfagleg. Haustsemesteret kan studentane tilbringe i utlandet, ved ein av institusjonane vi samarbeider med. |
 |
Arbeidsmapper for 3.klasse 2003/4:
Døme på emne avhengig av spesialisering:
- Strategisk design
- Tekst, språk og informasjonsdesign
- Medier og kommunikasjon 3
- Vevmeistring og systemdesign
- Multimedieproduksjon
- Bacheloroppgåve - praktisk eller teoretisk, med eller utan praksis
Gjennom val av modular innan mediefag, IKT og design vil studenten oppnå kvalifikasjonar for undervisning i skuleverket, få ei meir næringslivsretta kompetanse eller få fordjuping innan spesifikke fagfelt som gir opptak til masternivå.
Utdanninga gir kompetanse som kan brukast både innan praktisk, teoretisk og pedagogisk arbeid med media, IKT og formgiving. Spesialisering mot skuleverket vil framleis krevje påbygging ut over bachelorgrad i form av PPU, men i avkorta form.
Sjå studiehandboka for meir detaljert informasjon.
|