KRL3 (nettstudium)
Studiet består av 2 emne, kvar på 15. stp.
REL 204 Møte mellom kulturar/ religionar
REL 212 Sjølvstendig arbeid
204 Møte mellom kulturar/ religionar (nettversjon)
Emneomtale
1. Ramme
Nivå: 200 nivå
Omfang: 15 studiepoeng
Forkrav: Minst KRL1 eller tilsvarande
Undervisningssemester: Vår/haust
2. Mål
Ved bruk av empiri og teori frå fagområda teologi, religionsvitskap og sosialantropologi vil emnet gje kunnskap om møte mellom individ eller mellom samfunn der kultur og religion er sentrale faktorar. Emnet vil gi innsyn i og forståing av kulturforskjellar, og korleis ein kan leggje til rette for interkulturell kommunikasjon.
3. Innhald
Fagstoffet er fordelt på 4 delemne: Delemne 1: Hovudomgrep og metodiske perspektiv ( 2 p)
Delemnet er sett saman av underemna Kultur- og religionsomgrepa og Metode
Delemne 2: Møte og interkulturell kommunikasjon (4 p)
Delemnet hentar stoff frå språk- og kommunikasjonsvitskapen, sosialantropologien og religion- og livssynsvitskapen. Det blir lagt vekt på innføring i interkulturell kommunikasjon på det individuelle og praktiske kommunikasjonsplanet. Det dreier seg om å lære seg å forstå og gjere seg forstått på tvers av kulturgrenser.
Delemne 3: Samanlikning av religionar og livssynstradisjonar som basis for etikk og moral (5 p)
Delemnet samanliknar dei sentrale livssynselementa i ulike religionar og sekulære livssyn. Det vert vidare lagt vekt på å vise korleis religionar og sekulære livssyn bidreg til utforming av fellesetiske system og moralske koder for folkegrupper, land og verdsregionar.
Delemne 4: Møtet mellom islam og kristendom i Vesten (4 p)
Dette delemnet vil arbeide med spørsmål som gjeld tilhøvet mellom verdsreligionane kristendom og islam. Det vil bli lagt vekt på ein analyse av slike møte i ein såkalla ”Vestleg” kontekst og ein kan ta opp tema som ”Når kristendom og islam møtes”, ”Møte mellom religion og sekulær kultur” og ”Orientalisme i litteratur og film”.
4. Organisering og arbeidsmåtar
Undervisninga vil gå over eit semester og skjer ved leksjonar på Internett og individuell rettleiing knytt til oppgåveskriving.
5. Arbeidskrav
Det skal skrivast ei seminaroppgåve på ca. 2000 ord.
6. Vurdering og eksamen
Avsluttande vurdering skjer på grunnlag av den nemnde seminarooppgåva og heimeeksamen over tre dagar. Det blir gitt ein samla bokstavkarakter.
212 Sjølvstendig arbeid
Emneomtale
1. Ramme
Nivå: 200
Omfang: 15 studiepoeng
Forkrav: Godkjent deltaking i kurset i oppgåveskriving.
Tid for innlevering: Vårsemesteret
2. Mål Studenten skal tilegne seg kunnskap og kompetanse gjennom eige, fritt studium og arbeid i samhandling med medstudentar og lærarar. Ho/han skal og mestre å skrive eit sjølvstendig skriftleg produkt av litt omfang. Kurset i oppgåveskriving skal gi opplæring i bruk av metodiske grep i skriving og studium innan dei fleste humanistiske faga og samfunnsfag.
3. Innhald Det sjølvstendige arbeidet skal vere knytt opp mot eit av emna på 100 eller 200 nivå og ha tema fastsett i samarbeid med ein faglærar. Gjennom det arbeidet og tilhøyrande skrivekurs skal studenten få erfaring med og oppnå dugleik i val og avgrensing av emne og problemstillingar, innsanking av stoff, arbeid med kjelder og gjennomføring av skriveprosessar fram til ferdig oppgåve.
4. Organisering og arbeidsmåte Studenten får tildelt ein rettleiar og har rett til rettleiing i eit omfang som vert nærare fastsett av lærarmøte på instituttet. Oppgåva skal skrivast på grunnlag av skrivekurs, rettleiing og sjølvstendig studium.
5. Evaluering Kurset i oppgåveskriving krev aktiv og godkjent deltaking. Oppgåva skal vere på ca. 6000 ord. Den innleverte oppgåva vert vurdert som eksamensarbeid og det vert gjeve bokstavkarakter.
6. Litteratur Redse, Arne. Rettleiing i oppgåveskriving. Volda: Høgskulen i Volda, 1999. Tilrådd litteratur :
Dalland, Olav. Metode og oppgaveskriving for studenter. Oslo: Universitetsforlaget, 1997 Dysthe, Olga, H. Frøydis og T.L. Hoel. Skrive for å lære. Skriving i høyere utdanning. Oslo: Abstrakt forlag, 2000 Hammersley, Martyn og P. Atkinson. Feltmetodikk - grunnlaget for feltarbeid og feltforskning. 2. utg. Oslo: Gyldendal, 1991 Halvorsen, Knut. Å forske på samfunnet. 3. utg. Oslo: Bedriftsøkonomenes forlag, 1996 Lie, Sissel : Fri som foten. Om å skrive fagtekster. Oslo: ad Notam, 1995
|