|
Nettstudium
KYRKJE- OG KYRKJEGARDSFORVALTING
15 studiepoeng (5 vekttal)
- for kyrkjeverjar, dagleg leiarar og andre innan kyrkjeleg administrasjon
OPPLEGG OG KOMPETANSE
Studiet er sett saman av 6 delemne med leksjonar som vert lagt ut på nettet i løpet av perioden oktober 2004 – juni 2005. Til studiet høyrer det eit pensum på om lag 1000 sider. Studiet er del av den ordinære utdanninga i kyrkjeleg administrasjon ved Høgskulen i Volda, og omfanget er på 15 studiepoeng (5 vekttal). Alle deltakarar vert registrert som studentar og dei betalar vanleg semesteravgift, p.t. kr. 660,- pr. semester. Deltakarar er sjølv ansvarlege for utgifter til materiell og bøker.
Tema
Delemne 1: Kyrkje- og kyrkjegard/ gravplass i lovverket.
Delemne 2: Religion, livssyn og gravferd.
Delemne 3: Kyrkjegardsdrift – etablering, regulering og vedlikehald.
Delemne 4: Kyrkjedrift – teknisk drift og vedlikehald.
Delemne 5: Arbeidsmiljø, helse og tryggleik(HMS).
Delemne 6: Lokalt handlingsrom og ansvarleg styring.
VURDERING OG EKSAMEN
Til tre av delemna leverer studenten ei kort oppgåve på om lag 2000 ord. Oppgåvene vert vurdert etter kvart og med høve til justering og korrigering før endeleg evaluering. Som eksamen vert to av dei seks oppgåvene trekt ut til eksamensvurdering.
INFORMASJON - SPØRSMÅL
Høgskulen i Volda
Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag
Postboks 500
6101 VOLDA
OPPSTART: 1. oktober
eventuelt på telefaks: 700 75 051 eventuelt e-post: pma@hivolda.no brigttv@hivolda.no
Meir informasjon finn du på sidene til Høgskulen i Volda,
www.hivolda.no : (samfunnsfag/ studietilbod/ nettstudier)
|