Skriv ut Sideoversikt |  


Avdelingar og fagmiljø
- Kulturfag
- Mediefag
- Humanistiske fag
og lærarutdanning
- Samfunnsfag og
historie

Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden
Ivar Aasen-instituttet
Nynorsksenteret


Om Høgskulen / Samfunnsfag og historie / Arkiv /

Strategi og handlingsplan for ASF 2004-2007


Bakgrunn

Denne planen skal gje mål, retningsliner og prioriteringar for utviklingsarbeidet ved Avdeling for samfunnsfag for perioden 2004-2007. Planen må på den eine sida ta utgangspunkt i ein del overordna planar som er utvikla for høgskulen som heilskap, og konkretisera desse inn i den daglege verksemda for avdelinga. Planen skal på den andre sida gi uttrykk for korleis ein vil leie utviklinga ved avdelinga for at den - som ei integrert eining ved Høgskulen i Volda - kan vere ein god arbeidsplass for dei tilsette. Samstundes skal den utvikle eigenarten sin til beste for dei ein skal tene, nemleg dei studentane som vel å ta del i utdanningstilboda våre, og den region ein er plassert i.

Desse planane er med å gje føringar for ein slik utviklingsplan

Strategiplan for Høgskulen i Volda 2000-2003; Handlingsplan for studiekvalitet; Handlingsplan for internasjonalisering 2003-2005; Serviceerklæring; Handlingsplan for studentar med funksjonshemming 2001-2004; Beredskapsplan; Handlingsplan for likestilling 2002-2006; og Retningslinjer for det personalpolitiske arbeidet.

Avdeling for samfunnsfag er ei avdeling som er sett saman av tre institutt; Institutt for planlegging og administrasjon (IPA), Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag (RLK), og Institutt for sosialfag (ISF). Avdelinga har om lag 45 tilsette, og ca. 1200 studentar, noko som tilsvarar ca. 700 heiltidsekvivalentar.

Hovudmålsetjingar

Vi vil vere:

Ein utviklingsorientert institusjon som i samarbeid og konkurranse med andre utdannings- og forskingsinstitusjonar driv utdanning, forsking, fagleg utviklingsarbeid og formidling med høg kvalitet.

Ein organisasjon med personale som er medvite om sine tradisjonar, open mot det nasjonale og internasjonale samfunnet og offensiv i høve til sine oppgåvene og utfordringane sine.

Ein organisasjon med eit lærande og skapande arbeidsmiljø, som sameinar eit solid teoretisk nivå med yrkesretta og praksisnære utdanningar, der tilsette og studentar er opptekne av å skaffe seg og utvikle ny kunnskap, lære av eigne erfaringar og stadig betre kompetansen sin.

Ein leve- og arbeidsstad for menneske med haldningar og handlingar som er prega av etisk refleksjon, spørjande og kritiske tilnærmingsmåtar

Ein organisasjon der administrasjons- og forvaltningsfunksjonen er fleksibel og velfungerande, som vedvarande utviklar system for leiing og organisasjon, og som får fram dei beste eigenskapane til medarbeidarane.

Eit rettferdsorientert arbeidsfellesskap med ein organisasjonskultur som ikkje gir fotfeste for diskriminerande haldningar og åtferd, og der likestilling mellom kjønna er ein sentral verdi.

Ein ressurs innan forsking og utdanning med fokus på initiering og vidare utvikling av leve- og arbeidsvilkåra i regionen

Ein Høgskule ressurs som folket og styresmaktene ser som ein kulturell ressurs, og som dei er opptekne av å bevare og vidareutvikle.


Programkvalitet: Faglege utfordringar og satsingsområde

Avdeling for samfunnsfag er sett saman av tre noko ulike institutt. Dette blir stundom vurdert meir som ein veikskap enn som ein styrkje ved avdelinga. I vår samanheng ser vi dette både som ein styrkje og ei utfordring: dei ulike faglege ressursane institutta rår over kan gje nye og utviklande perspektiv til utvikling av fag-, studium- og forskingsområde, og skape ei integrering av ulike metodar, faglege synspunkt og forskingsfelt som gjer ASF til ei unik og sterk avdeling innan HVO.

Tyngdepunkta av tilboda våre ligg på profesjonsutdanningar og nokre fagstudium. Hovudstamma i profesjonsutdanningane er bachelorgradane i høvesvis planlegging og administrasjon, med tre ulike fordjupingar; i sosialt arbeid (sosionom og barnevern), og i teologi og kyrkjefag og religion og kultur. I tillegg har ein ein Mastergrad i samfunnsplanlegging.

Eit anna kjenneteikn ved avdelinga er dei mange etter- og vidareutdanningane, og den utstrakte bruken av Internett (ClassFronter) som hjelpemiddel i desse utdanningane.

Mål
Dei samfunnsmessige endringane, behova og etterspurnadsprofilen i marknaden og avdelinga sin eigen kompetanse, utgjer viktige føringar for kva vi kan og bør satse på å tilby når det gjeld studie- og undervisningstilbod. Avdelinga vil halde fram med å markere seg innan nyare studietilbod og undervisingsmåtar og utvikle nye tilbod både lokalt og eksternt. Her vil og bruk av ulike digitale hjelpemidel stå sentralt. Samarbeid med eksterne aktørar som arbeider innan fjernundervisning er og aktuelt.

Det vil i perioden vere eit mål å utvikle fleire vidareutdanningstilbod på alle tre institutta, og å utvikle samarbeidet mellom institutta på dette feltet. Samstundes er det eit mål å utvikle mastergradtilbod både i sosialt arbeid og innan religion/kyrkjefag for slik å betre kunne møte dei krava til vidareutdanningar som marknaden etterspør.

Tiltak
ASF vil i denne programperioden arbeide for

at grunntrekka i avdelinga sin faglege profil skal førast vidare og vidareutviklast.

at arbeidet med å profilere avdelinga på Internett både gjennom dei såkalla heimesidene som høyrer til avdelinga/institutta, og gjennom at studium som vert tilbydt over Internett, vert ført vidare.

at det blir fokusert på styrking av dei fagadministrative ressursane

at det blir lagt vekt på å utvide samarbeidet mellom dei tre institutta, både innan interne og eksterne studietilbod

at institutta kan utvikle eksisterande emne og lage nye tilbod som kan nyttast innan fleire utdanningar, og at ein legg vekt på fleksibilitet og tilpassing

at alle studia blir kontinuerleg evaluerte i lys av etterspurnad og studenttilgang. Samstundes vil det vere viktig å gi rom for svingingar i marknaden

At institutta fokuserar på tilhøva mellom bachelorstudia, vidareutdanningstilboda og masterstudia

Bachelorprogram

at ein vurderer oppretting av nye tilbod i lys av utviklinga innan trygde- og sosialtenestene

Etter- og vidareutdanningar

at ein utnyttar kanalar og organisasjonar som t.d. Midt i Norden og Småsamfunnssenteret i arbeidet med å nå vidare ut med relevante studium og etter- og vidareutdanningstilbod

Masterprogram

at det kan bli oppretta eit masterstudium i sosialt arbeid,

at det kan bli oppretta eit masterstudium i religion/kyrkjefag,


Studiekvalitet

Innføringa av Kvalitetsreforma har ført til ei stor omlegging av alle studia ved avdelinga. Samstundes krev Kvalitetsreforma og eit mykje sterkare fokus på sikring og utvikling av studiekvaliteten ved studia, og krev klårare organisatoriske ordningar for dette.

Studiekvalitet er eit viktig, men og eit samansett omgrep, og femner mellom anna om ulike aspekt som kvaliteten ved dei ulike studia, integrering, internasjonalisering og studentvelferd.

Mål

Studiekvalitet
Omgrepet ’studiekvalitet’ kan delast inn i fleire undergrupper, som kvar for seg set fokus på ulike sider ved utdanningane våre: inntakskvalitet, rammekvalitet, programkvalitet, undervisningskvalitet, resultatkvalitet, relevanskvalitet, og studentvelferd. Sentraladministrasjonen ved HVO arbeider for tida med retningslinjer for fleire av desse felta. Desse vil bli innarbeidde i denne strategiplanen når dei ligg føre.

Integrering og likestilling
ASF ønskjer å arbeide for å fremje positive haldningar og leggje til rette for integrasjon til beste for alle studentar og tilsette ved avdelinga. Det er eit klart mål å leggje til rette for at alle studentar skal få likeverdige studieforhold, så langt det er fysisk, økonomisk og praktisk mogleg. Avdelinga skal i undervisning og formidling reflektere kvinner og menns røynsler og perspektiv, og gi kvinnelege og mannlege studentar like utviklings- og læringsval.

Internasjonalisering
Studentmobiliteten ved ASF skal auke i omfang, både med omsyn til inn- og utreisande studentar. Alle studentar som ønskjer det skal ha høve til eit studie- og/eller praksisopphald ved samarbeidsinstitusjonar i utlandet som del av eit gradstudium, etter ’tid for tid’ prinsippet. Talet på utanlandske studentar som kjem til ASF skal aukast. Det er eit mål at 10 % av alle studentar som er inne i eit program ved ASF skal ha eit utvekslingsopphald i utlandet. På sikt ønskjer ein å arbeide for balanse i tal studentar ut og inn.

Tiltak

Studiekvalitet

Avdelinga vil i denne perioden arbeide for

å fokusere sterkare på tilhøva rundt opptaka til dei ulike studia

at semesterstart gir god innføring og oppfølging for dei nye studentane

at det blir oppretta studiekvalitetsutval i samsvar med dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld ved HVO

at det blir oppretta utval for studiekvalitet på avdelingsnivå

å halde fram med å utvikle fleksible studietilbod, og gje god oppfølging av studentane

å utvikle dugleiken i bruk av digitale hjelpemiddel både ved informasjon og interne og eksterne studietilbod hjå studentar og lærarar

å styrke og utvikle kvaliteten på praksisopplæringa

sterkare fokus på evaluering av eksamensordningane

å gjere minst ei kandidatundersøking av tidlegare studentar

at det blir flytta fleire studieadministrative funksjonar nærare brukarane


Integrering
Når det gjeld integrering og tilrettelegging av arbeids- og studietilhøva for dei tilsette og studentane vil avdelinga gjere sitt til å følgje opp føringane som ligg i skulen sin
Handlingsplan for studentar med funksjonshemming og Handlingsplan for likestilling.

Ein vil arbeide for å leggje tilrette arbeidsvilkåra for framandspråklege og dei med framandkulturell bakgrunn.

Internasjonalisering
Avdelinga vil stimulere til auka studentutveksling gjennom:

å opprette funksjon som internasjonal kontaktperson på kvart institutt

opprette funksjonar/kontaktpersonar for framandspråklege studentar

å leggje til rette for utanlandsopphald i fag- og studieplanar

å leggje til rette for kvalitetssikring av fagleg innhald og studiemiljø i utlandet

å inngå ein avtale med kvar enkelt student om korleis utanlandsstudiet fagleg skal innpassast og godkjennast som ein integrert del av studiet ved HVO

systematisk informasjon til eigne studentar om høgskulens avtalar med institusjonar i utlandet

jamleg kontakt med samarbeidspartnarar i utlandet for å skaffe informasjon om studietilbod deira og om organiseringa av studia

å utarbeide engelskspråklege informasjon- og introduksjonsmateriell

å etablere minst eit studietilbod på minst 15 studiepoeng på engelsk ved kvart institutt

å vidareføre og utvikle avtalar om praksisopphald for studentar


Forskings- og utviklingsarbeid

Avdeling for samfunnsfag er den avdelinga på Høgskulen som har flest doktorgrader, rekna etter talet på tilsette. Avdelinga har og fleire med professorkompetanse, og er den avdeling som har nærast samarbeid og størst prosjektverksemd i Møreforsking - Volda. Fleire større forskingsprosjekt er i dei siste par åra og blitt tildelt frå Noregs Forskingsråd, og vert leia av tilsette ved avdelinga.

Ein fast del av arbeidsplanane for dei fleste tilsette gir rom for forsking og utviklingsarbeid (FoU). Budsjettmodellen legg vekt på forskingsinnsats i form av publikasjonar. Dette gjev rammevilkår og krav som gjev høve og trong til eit sterkare fokus på den forskinga som faktisk vert driven ved avdelinga, og på korleis ein vil bruke forskingsdelen i framtida.

Når det gjeld den eksternt finansierte forskinga ved avdelinga har denne to tyngdepunkt: Planlegging, organisering og styring, og velferdsforsking med vekt på ungdom. Innanfor desse felta har fagmiljøet hatt tett samarbeid med regionen. Desse felta er det viktig å føre vidare. Samstundes finn det stad ei utstrakt eigeninitiert og eigenstyrt forsking ved avdelinga både innan planlegging og administrasjon, sosialfaga og innan religion og kyrkjefaga.

Mål
Den viktigaste føresetnaden for god forsking er personleg evne, motivasjon og engasjement hos forskarane sjølve. Eit viktig vilkår for slikt engasjement er at forskarane får fridom og føresetnader til å utvikle eigne evner og eigen kreativitet, og at ein har gode støttefunksjonar for nytilsette, rekruttar og stipendiatar. Men det er og viktig at dei lokale, materielle og personlege føresetnadene blir tatt godt vare på og vidareutvikla. Det vert ei sentral oppgåve for avdelinga å auke forskinga ved å hjelpe den einskilde til å nytte sitt potensiale. I denne samanhengen vert arbeidsplanane og medarbeidarsamtalane sentrale som reiskap for planlegging av tidsbruk og for å sikre ei sterkare satsing på FOU-verksemd som er relevant for fagmiljøa og for den einskilde. Avdelinga har og fleire forskingsgrupper i arbeid; desse må ein kunne rekne med kan være nyttige reiskapar i skoleringa av den einskilde forskaren, og i utviklinga av FOU-prosjekt.

I det vidare arbeidet er det og viktig at forskings- og utviklingsarbeidet skal reflektere kvinner og menn si røyndom og perspektiv, og gi like høve til igangsetjing og gjennomføring av forskingsarbeid.

Det er eit sentralt mål at dei tilsette ved ASF skal oppretthalde og etablere kontakt med gode fag- og forskarmiljø i utlandet. Gjennom utveksling og samarbeid vil vi mellom anna oppnå at fagmiljøa får innsikt i utanlandske utdanningssystem, noko som vil kunne gje nye impulsar og medverke til auka internasjonalisering ved Høgskulen i Volda. Det er eit mål at storparten av forskingsprosjekta våre skal inkludere eit internasjonalt perspektiv. Dette gjeld særleg strategiske høgskuleprogram og andre større prosjekt, som søkjer støtte i Noregs forskingsråd. Avdelinga vil og stimulere til at fagleg tilsette skal få forskingsopphald i inspirerande fagmiljø i utlandet, og støtte opp om fagmiljø som tek initiativ til å arrangere internasjonale konferansar. ASF vil og oppmuntre til at forskarane publiserer arbeida sine i internasjonale fagtidsskrift av høg kvalitet, og medverke til samarbeid om internasjonalisering med samfunns- og næringsliv.

Tiltak
Avdelinga vil i denne perioden arbeide for

å styrke den pedagogiske dugleiken blant dei tilsette

å satse sterkare på å bruke vikarstipendmidlar for å fremje FOU aktivitetane

at arbeidsplanane vert brukte aktivt med tanke på å byggje opp forskingskompetansen hos dei tilsette

at flest mogleg får høve til vitskapsteoretisk skolering innan felta sine, jamvel om ein ikkje siktar på doktorgrad

at det framleis er rom for både eigeninitiert forsking og styrt forsking

at det i arbeidet med masterutdanningane vert lagt vekt på samarbeid og utnytting av FOU innsats og kompetanse på tvers av avdelings- og instituttgrensene

å fortsette samarbeidet med Møreforsking

at alle institutt/seksjonar skal opprette/vidareutvikle eit forskingssamarbeid med minst ein utanlandsk utdanningsinstitusjon

at alle institutt/seksjonar bør sende ut og ta imot utvekslingslærarar, for kortare eller lengre periode

at dei som har hatt utanlandsopphald, formidlar erfaringane til heimemiljøet.

å leggje vekt på å etablere avtalar med institusjonar i utlandet som kan tilby masterprogram som kan nyttast som påbygging til bachelorprogramma ved ASF, der vi ikkje har tilsvarande som masterprogram

å utvikle eigne masterprogram i samarbeid med utanlandske institusjonar


Organisasjon, personalpolitikk og leiing

Mål
Avdelinga sin primære ressurs er dei tilsette. Det er difor ei stadig vedvarande oppgåve å trygge dei mellommenneskelege tilhøve, betre arbeidsvilkår deira, og sikre arbeidsplassane deira i avdelinga. Det er her ikkje minst viktig å ha auge for tilhøva til dei nytilsette, og til dei som nærmar seg avslutninga på den yrkesaktive delen av livet.

ASF vil gjennom ein aktiv personalpolitikk arbeide med det føremålet å oppnå ei reel likestilling mellom kjønna. Fordelinga av leiande stillingar og verv skal vere prega av likestilling mellom kvinner og menn, og avdelinga skal i verksemda si avspegle kvinner og menn si røyndom og perspektiv og gi like utviklings-, lærings og karriereplan for begge kjønna.

Kompetanse:
60 % av dei tilsette i vitskaplege stillingar har minimum førstekompetanse. (18 av 30). Avdelinga har som mål at flest mogleg skal ha, eller få moglegheit til å oppnå, kompetanse på minimum førstenivå. For å auke andelen med førstekompetanse ytterlegare, og erstatte dei som pensjonerer seg dei neste 10 åra , må ein arbeide målmedvite frå avdelinga si side med rekruttering, intern ressursfordeling (FoU-tid), tildeling av vikarstipend og andre strategiske midlar.

For den interne kompetansehevinga sitt vedkomande vert det sentralt at vi får utnytte rettleiingsressursen som ligg til professorat-stillingane ved avdelinga på ein systematisk og god måte. Avdelinga bør ha som mål å heve andelen med minimum førstekompetanse til 75 % i løpet av ei 5 –årsperiode.

Rekruttering:
Aldersfordelinga mellom det fast tilsette personalet er synt i vedlegg x. Av 35 tilsette i faste stillingar er det verd å merke seg at yngste medarbeidar er 37 år. Om vi ser berre på vitskaplege stillingar har vi ikkje tilsette under 40 år. Kvinneandelen mellom det faste personalet er på berre 17 %. I alt 14 av dei tilsette er i alderen 53 – 58 år. Desse vil gå av med pensjon om lag samstundes om 10-15 år.

I alt 12 (av totalt 18) av stillingane med minimum førstekompetanse finnast i aldersspennet mellom 50 og 60 år

Dersom ein skal oppnå jamnare kjønns- og aldersfordeling mellom dei vitskapleg tilsette, vil det vere fornuftig å legge opp til minimum ei nyrekruttering pr. år framover. Desse bør i all hovudsak rekrutterast som stipendiatar, og vi bør vektlegge å nytte dei moglegheitene som finnast til å prioritere yngre søkjarar. For å oppnå betre kjønnsmessig balanse bør kvinnelege søkjarar spesielt oppmodast om å søkje, og kunne prioriterast i søknadsvurderinga under elles tilnærma like vilkår.


Tiltak
Avdelinga vil i denne programperioden

framleis vere aktiv i høve mottak av nytilsette, og gjennom fordelinga av arbeidsoppgåver ta omsyn til deira spesielle situasjon. Det er utarbeidd retningslinjer sentralt for mottak av nye medarbeidarar, og desse er supplert med eit eige opplegg på avdelingsnivå

oppretthalde jamlege informasjonsmøte med personalet,

gjennomføre jamlege personalmøte( dialogforum), og årlege avdelingsseminar

gjennomføre medarbeidarsamtalar med alle tilsette kvart andre eller tredje år,

ha eit sterkare fokus på vilkåra for leiarane på instituttnivå, og for administrativ støtte for institutta,

arbeide for betre kontinuitet i leiargruppa

vere med og leggje til rette for framleis inkludering i kontor- og fagmiljøet for dei som ønskjer det under forskingstida deira som pensjonistar

gjere sitt til å følgje opp dei føringar som ligg i skulen sin Handlingsplan for likestilling

i tillegg til andre verkemiddel, bruke innspela sine i samband med lokale lønnsforhandlingar på ein meir aktiv måte i arbeidet med å sikre at oppsette mål vert nådde

halde fram med arbeidet innafor ramma av inkluderande arbeidsliv

arbeide aktivt med HMS-spørsmål


Revidert 11 mai 2004 (TS), etter drøfting på møte i avdelingsstyre 5 mai s.å., og språkvask av E.S. Joa.



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Håkon Bø 07.12.2004
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning