Skriv ut Sideoversikt |  


Lærarutdanninga
Humanistiske fag
Mediefag
Samfunnsfag
Ivar Aasen-instituttet
Biblioteket
Kontor for etter- og
   vidareutdanning

Internasjonalisering
Studentsamskipnaden
Nynorsksenteret


Om Høgskulen / Mediefag / Journalistutdanninga / Jo105 /

Journalistikk 105

 

Emnekode: JO105
Emnenamn: Journalistikk 105
Omfang (studiepoeng): 15,00
Ope / lukka emne: Lukka
Forkrav: Journalistikk 103
 
Mål:

Journalistisk praksis (avis, radio eller fjernsyn), eksamensproduksjon og spesialiseringspensum.

Vurdering og eksamen:

Eksamensproduksjon og munnleg eksamen.
Til eksamen i journalistikk 5 skal studenten levere eksamensproduksjon og ein todelt skriftleg rapport, første del om den eksterne praksisperioden, andre del om arbeidet med eksamensproduksjonen (metoderapport). Eksamensproduksjonen er eit eige arbeid innanfor den spesialiseringa studenten har valt. Studenten kan legge fram stoff frå ekstern praksis som eksamensproduksjon. I den skriftlege rapporten skal studenten dokumentere arbeidet ho eller han har utført i den eksterne praksisperioden, og presentere kvalifiserte refleksjonar i høve til praksis og rutinar på praksisstaden (inntil 8 sider utanom vedlegg). I andre del skal studenten drøfte arbeidet med eksamensproduksjonen og legge fram si vurdering av produksjonen (om lag 8-10 sider utanom vedlegg).

Evaluering og kvalitetssikring:

Emnet blir evaluert i samsvar med Høgskulen i Volda sitt system for kvalitetssikring.

 



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Erling Sivertsen 15.03.2006
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning