|
Konsert og plateslepp på Rokken Scene med gruppa Kvann ”Eg vil møte deg” Tonesette dikt av Marie Takvam
 |
 |
| Gunhild Hovden Kvangarsnes er utdanna skodespelar ved Akademi for Scenekunst. Ho er i tillegg Master i nynorsk skriftkultur, og ein allsidig scenekunstnar som arbeider både med musikk og teater. |
Elisabet Vannebo er tubaist og komponist, og er kjend som frå mellom anna NRK-oppdrag, rikskonsertane, folke- og teatermusikk. | Kvann er sett saman av Elisabeth Vannebo og Gunhild Hovden Kvangarsnes. I tillegg knyter dei til seg andre musikarar for ulike oppdrag. Marie Takvam sin lyrikk har inspirert kunstnarane til å lage musikk til tretten av dikta hennar. Dette har resultert i CD-plata ”Eg vil møte deg”, som kjem ut i slutten av oktober. Musikken er melodiøs og inspirert av viser, pop og den europeiske kabarettradisjonen.
Lytt til musikk av Kvann (mp3.fil)
Musikarane er: Gunhild Hovden Kvangarsnes (vokal), Tove Kragset (klaver), Magne Trengereid (trommer), Jan Kåre Hystad (klarinett, saksofon og fløyte) og Elisabeth Vannebo (tuba). Produsent og musikalsk rådgjevar har vore Lars Martin Myhre, tidlegare kjend frå mellom anna samarbeidet med Odd Børresen.
<< Tilbake til www.hivolda.no/takvam
|