Skriv ut Sideoversikt |  


Avdelingar og fagmiljø
- Kulturfag
- Mediefag
- Humanistiske fag
og lærarutdanning
- Samfunnsfag og
historie

Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden
Ivar Aasen-instituttet
Nynorsksenteret



 Kontakt

Ivar Aasen-instituttet
Høgskulen i Volda
Postboks 500,
6101 Volda

Telefon: 70 07 50 16
Telefaks: 70 07 51 35
Besøksadresse:
Lettbygget
Joplassvegen 11, 6101 Volda

Send ein e-post.  ror@hivolda.no
  Til kontaktsider

Om Høgskulen / Ivar Aasen-instituttet / Skriftserien /

Bok nr. 21  Språket i teatret og teatret i språket
                  
Om språkleg identitet ved Det Norske Teatret

Gunhild Hovden Kvangarsnes
Pris: 150,-
Utgjevingsår: 2006

Det Norske Teatret vart skipa i 1912, og var det første teatret som for alvor tok i bruk "landsmål" som scenespråk. Teatret byrja mellom anna som eit språkdanningsprosjekt, eller som eit talenormeringsprosjekt. Ved å formidle ei talenorm for landsmålet (seinare nynorsk) ønskte teatret, eller aktørane bak opprettinga av teatret, å gi folk eit norsk alternativt danningsmål til den "dannede dagligtalen".

Det Norske Teatret har gjennom tida vore opptatt av språk og språkbruk. I dette arbeidet har målet vore å undersøkje den språklege identiteten til teatret i eit historisk og samtidig perspektiv, men med vekt på samtida. Arbeidet drøftar utviklingstrekk knytt til den språklege identiteten ved teatret. Det empiriske materialet omfattar dokument og tekstar som omtalar språket og språkbruken ved teatret og intervju med personar som har tilknyting til Det Norske Teatret.



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Roger Ole Rangsæter 08.03.2007
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning