Skriv ut Sideoversikt |  


Avdelingar og fagmiljø
- Kulturfag
- Mediefag
- Humanistiske fag
og lærarutdanning
- Samfunnsfag og
historie

Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden
Ivar Aasen-instituttet
Nynorsksenteret



 Kontakt

Ivar Aasen-instituttet
Høgskulen i Volda
Postboks 500,
6101 Volda

Telefon: 70 07 50 16
Telefaks: 70 07 51 35
Besøksadresse:
Lettbygget
Joplassvegen 11, 6101 Volda

Send ein e-post.  ror@hivolda.no
  Til kontaktsider

Om Høgskulen / Ivar Aasen-instituttet / Skriftserien /

Bok nr. 22  Ragnar Hovland - brot og kontinuitet
                   
Sveve over vatna og den nynorske skriftkulturen

Ragnar Didrik Osdal
Pris: 150,-
Utgjevingsår: 2006

I dette skriftet ser forfattaren nærare på tilhøvet mellom kultforfattaren Ragnar Hovland sine mest sentrale tekstar og den nynorske skriftkulturen. Dei litterære særtrekka hos Hovland; humoren, bannskapen, "Vestlandssurrealismen" og populærkulturreferansane vert sett i samanheng med utviklingstrekk i den nynorske litteraturen. Er Hovland ein typisk moderne representant for ein uhøgtidleg, antiautoritær tradisjon innan den nynorske skriftkulturen, ein tradisjon som strategane i rørsla ikkje alltid har vedkjent seg?
Med dette som bakteppe analyserer lektor Ragnar Didrik Osdal ein av Hovland sine mest populære romanar, "Sveve over vatna", og peikar på korleis Hovland sine tekstar på sentrale punkt bryt med stereotype førestellingar om kva ein nynorsk tekst er, samstundes som dei framstiller ei litterær verd der mange nynorske lesarar kan kjenne seg att.



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Roger Ole Rangsæter 12.03.2007
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning