|
Biblioteket må få informasjon om publikasjonar på forlag.
Den viktigaste grunnen er at KD har pålagt biblioteka å registrere vitskaplege monografiar og artiklar i vitskaplege antologiar i BIBSYS – f.o.m. 2007. Dette heng saman med at høgskular og universitet kvart år rapporterar vitskapleg publisering til NSD/DBH, noko som igjen gjev pengar i kassa.
Kva med Forskdok?
Praksis til no har vore at forfattar sjølv har registrert monografi eller antologiartikkel i Forskdok. Det som er nytt i år, er at dei bibliotektilsette skal katalogisere publikasjonane først og samstundes vurdere om dei kan definerast som vitskaplege. Etter at publikasjonane har blitt registrert i BIBSYS, vil dei også bli overført til Forskdok.
Vurdering av vitskapleg publisering
Eit utgangspunkt for vurdering finst i rapporten Vekt på forsking. Nytt system for dokumentasjon av vitenskapelig publisering (UHR, 2004). Les meir om definisjonar m.m. her.
Sjølv om ein har ein definisjon som grunnlag for ei vurdering, vil det i mange tilfelle likevel ikkje vere ei lett oppgåve å avgjere om ein publikasjon er vitskapleg eller ikkje. Publiseringskanal vil vere utslagsgjevande. Står ikkje forlaget i registeret over godkjente vitskaplege utgjevarar (DBH/NSD), vil heller ikkje publikasjonen kunne registrerast som vitskapleg – i første omgang. Det er viktig å merke seg at registeret ikkje er uttømmande, og nye publiseringskanalar kan bli føreslått og godkjent.
Har du gitt ut ein vitskapleg publikasjon på eit forlag som ikkje er på lista, kan du via DBH-sida føreslå at forlaget blir vurdert (ev. kan biblioteket gjere det). Fristen for å føreslå nye publikasjonskanalar i registeret har vore rundt 1. oktober, så det kan vere lurt å undersøke i god tid og ev. føreslå før boka har kome ut.
| Praksis ved HVO |
- Send melding til biblioteket om ny publikasjon, t.d. lenke til forlagsside eller gratiseksemplar.
- Biblioteket bestiller inn boka og registrerer den i BIBSYS etter retningslinjer frå KD. Antologiartiklar vil også bli registrert i BIBSYS.
- Etter at boka/artikkelen er registrert i BIBSYS, vil den også bli overført til Forskdok.
Send gjerne melding til Infokontoret samstundes, så kan dei lage nyheitsoppslag om utgjevinga. |
|