Skriv ut Sideoversikt |  


Avdelingar og fagmiljø
- Kulturfag
- Mediefag
- Humanistiske fag
og lærarutdanning
- Samfunnsfag og
historie

Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden
Ivar Aasen-instituttet
Nynorsksenteret



 Kontakt

Ivar Aasen-instituttet
Høgskulen i Volda
Postboks 500,
6101 Volda

Telefon: 70 07 50 16
Telefaks: 70 07 51 35
Besøksadresse:
Lettbygget
Joplassvegen 11, 6101 Volda

Send ein e-post.  ror@hivolda.no
  Til kontaktsider

Om Høgskulen / Ivar Aasen-instituttet / Skriftserien /

Bok nr. 23  Demokratisk prøverom -
                  analyse av eit ordskifte for born og ungdom gjennom 30 år

Gudrun Kløve Juuhl
Pris: 150,-
Utgjevingsår: 2007

I bladet Norsk Barneblad finst det ei diskusjonsspalte for born og ungdom, og alderen på dei som deltek er i hovudsak mellom 9 og 16 år. Spalta vart oppretta i 1970, og sidan har det vore eit løpande ordskifte.

Oppgåva mi er ein analyse av skrivemåtar og tekstnormer i denne spalta i åra 1974 og 2004, og ein freistnad på å finne ut korleis, kva tid og kvifor desse endrar seg. Når det gjeld forståing av tekstnormer og tekstnormendring byggjer eg mykje på arbeidet til Kjell Lars Berge. Oppgåva diskuterer òg diskusjonsspalta i eit ålmente- og demokratiseringsperspektiv, og her har mellom anna Jürgen Habermas sine omgrep kommunikativ og strategisk handling vore nyttig.

Sjølv om diskusjonsspalta i Norsk Barneblad ikkje er eit representativt utval av born sine diskuterande tekstar, er det rimeleg å tru at endringar i skrivemåtar og tekstnormer her til ein viss grad speglar ålmenne tendensar, og at oppgåva difor kan gje meir kunnskap om borns og ungdoms skriving og skrivekompetanse.

Analysen fortel at tekstane endrar seg mykje, tekstnormene går frå å kunne plasserast under eit "skrive godt"-paradigme til eit "skriv deg sjølv"-paradigme. Analysen fortel òg at det skjer store endringar midt på nittitalet - før internett vert utbreidd hjå ungdom. Midt på nittitalet vert det personlege og relasjonelle viktigare i teksten, å skildra seg sjølv vert vanlegare, og bruken av kallenamn aukar markant. Tekstane vert meir sjølv- og relasjonsorienterte.
Eg har sett etter årsaker til endringane ved å undersøkja kontekstuelle faktorar som skulen, massemedia, ny teknologi, syn på born og ungdom og samfunnsdebatten. Ut frå analysen min ser endringar i massemediasituasjonen på nittitalet ut til å vera svært viktig for endringar i tekstnormer hjå born og ungdom. 



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Roger Ole Rangsæter 12.06.2007
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning