|

Avdeling for mediefag inviterer til dagsseminar om journalistikkens samfunnsrolle under Forskingsdagane 2007.
Tid: Onsdag 26. september kl. 09.00-16.00 Stad: Berte Kanutte-huset (BK), Store og vesle auditorium
Avdelinga vil i åra 2007-2010 gjennomføre eit forskingsprosjekt om journalistikkens samfunnsrolle av i dag. På seminaret vil tilknytte forskarar presentere ulike bidrag som handlar om journalistikkens samfunnsrolle. Prosjektet er finansiert av Noregs forskingsråd si ordning Strategiske Høgskuleprosjekt og blir difor omtala som SHP-prosjektet. Prosjektets nettside: http://www.hivolda.no/samfunnsoppdrag
Journalistar, informatørar, mediestudentar og andre medieinteresserte er velkomne til seminaret. Seminaret er gratis og ope for alle. Innlegga er på 20 minutt med høve til 10 minutts diskusjon etter kvart innlegg. Midt på dagen vil seminaret føregå i parallelle sesjonar.
PROGRAM FOR SEMINARET
Opning og innleiing BK store auditorium |
 |
Kl. 09.15-09.30 Sverre Liestøl: "Velkomne til Volda, kjære studentar". Ein metaanalyse av helsingar til nye mediestudentar. |
| Sverre Liestøl har dei siste sju åra vore dekan ved Avdeling for mediefag og vart i år tilsett i fast stilling som dekan ved avdelinga. |
|
Grunnlagsproblem BK store auditorium |
|
Kl. 09.30-10.00 Svein Brurås "Det er pressens oppgave ..." Hva sier Vær-varsom-plakaten om samfunnsoppdraget? |
 |
|
Svein Brurås er førsteamanuensis ved Avdeling for mediefag. Han har skrive læreboka Etikk for journalister, som er i bruk ved alle norske journalistutdanningar. |
 |
Kl. 10.00-10.30 Sigurd Allern: Journalistikkens samfunnsoppdrag - et børsnotert ideal? |
|
Sigurd Allern er professor II ved Høgskulen i Volda og er tilknytt SHP-prosjektet. Han er til dagleg professor i journalistikk ved Universitetet i Oslo. |
|
Kl. 10.30-11.00 Paul Bjerke: Samfunnsoppdraget: Av, for og om journalister? |
 |
|
Paul Bjerke er doktorgradsstipendiat ved Avdeling for mediefag og forskar ved forskingsstiftelsen DeFacto. Han arbeider no med ei doktoravhandling om presseetikkens grenser og har tidlegare vore journalist og redaktør i Klassekampen. |
PAUSE
Lunsjseminar BK store auditorium |
|
Session in English BK vesle auditorium |
|
|
|
Kl. 11.30-12.00 Amina Loukili: Towards the end of journalistic professionalism? The case of Moroccan diasporic online media. |
 |
 |
Kl. 11.30-12.30 Hans Martin Dypvik: Subjektivitet i dokumentarfilm – til beste for demokratiet? Ein diskusjon med utgangspunkt i fjernsynsreportasje og dokumentar. |
Loukili has earned two masters degrees in media related subjects and is currently attached to the Department of Media and Journalism. She has worked as a journalist in Morocco and was employed by the World Bank in Washington before arriving in Volda. |
| Hans Martin Dypvik er ansvarleg for utdanninga i fjernsynsreportasje og dokumentar ved Avdeling for mediefag. |
Kl. 12.00-12.30 Johann Roppen: Nordic Public Service Broadcasting: Close neighbours – different strategies? |
 |
|
|
Johann Roppen is head of the SHP-project on The role of journalism in society. He is the Norwegian member of a Nordic research-group which is doing research into the multimedial strategies of Nordic Public Service Broadcasters. The countries being studied are Norway, Sweden and Denmark. |
PAUSE
|
Nasjonale perspektiv BK store auditorium |
|
Internasjonale perspektiv BK vesle auditorium |
 |
Kl. 12.45-13.15 Sigurd Høst: Hva slags avis vil leserne ha? |
Kl. 12.45-13.15 Gunn Bjørnsen: Interkulturell forståelse i journalistikken - en del av samfunnsoppdraget? |
 |
|
Sigurd Høst er seniorforskar ved Institutt for journalistikk og har arbeidd mykje med marknadsdata for aviser og publikumsundersøkingar for aviser og kringkasting. Han har tidlegare vore dosent ved journalistutdanninga ved Høgskulen i Volda. |
Gunn Bjørnsen er frå hausten 2007 tilsett som stipendiat i journalistikk ved Høgskulen i Volda og er den første stipendiaten på SHP-prosjektet. Ho har tidlegare arbeidd ved journalistutdanninga ved Høgskolen i Oslo og leia journalistutdanninga ved Bjørknes Privatskole. |
 |
Kl. 13.15-13.45 Torgeir Dimmen: Med patriotisk informasjonsplikt? Om lokalavisene sitt samfunnsoppdrag. |
Kl. 13.15-13.45 Øystein L. Pedersen Dahlen: The web is the message: Nettavisenes journalistikk. |
 |
|
Torgeir Dimmen er høgskulelektor i informasjonsarbeid ved Avdeling for mediefag. Han har tidlegare arbeidd blant anna som informasjonsleiar i Aasentunet. |
Øystein L. Pedersen Dahlen er stipendiat ved Avdeling for mediefag og arbeider med eit doktorgradsprosjekt om korleis nyhende blir presentert i nettaviser. Han har tidlegare arbeidd som informasjonsarbeidar i fleire organisasjonar og som høgskulelektor i informasjon ved Høgskulen i Volda. |
 |
Kl. 13.45-14.15 Jan Ytrehorn: Kva er vitsen med journalistutdanning? |
Kl. 13.45-14.15 Rolf Werenskjold: Utenriksjournalistikk: Vindu mot verden eller speilbilde av oss selv? |
 |
|
Jan Ytrehorn er filmvitar og høgskulelektor i fjernsynsjournalistikk. Han har dei siste åra vore leiar for journalistutdanninga ved Høgskulen i Volda. |
Rolf Werenskjold er førstelektor i mediehistorie og ansvarleg for studieprogrammet i internasjonal mediehistorie ved Avdeling for mediefag. Han har dei siste åra arbeidd med doktorgradsprosjekt om 1968-opprøret i media. |
PAUSE
|
Teoretiske perspektiv BK store auditorium |
 |
Kl. 14.30-15.00 Jan Fredrik Hovden: Samfunnsoppdraget: Journalistikkens heilage baldakin. |
|
Jan Fredrik Hovden er stipendiat ved avdeling for mediefag og arbeider med ei doktoravhandling der han brukar Bourdieus teoriar om sosiale felt for å vurdere maktforhold i norsk journalistikk. |
|
Kl. 15.00-15.30 Turid Øvrebø: Nyhetsproduksjon, kjønn og makt. En studie av endring i Dagsavisen 2000-2003. |

|
| Turid Øvrebø er nytilsett som førstelektor i journalistikk. Ho har tidlegare arbeidd som journalistlærar ved Høgskolen i Oslo og har brei erfaring frå mange ulike stillingar i pressa. Ho er også medforfattar på den mest brukte læreboka i journalistikk i Norden. |
 |
Kl. 15.30-16.00 Erling Sivertsen: Public journalism og citizens journalism: Kompletterande eller konkurrerande samfunnsoppdrag? |
|
Erling Sivertsen er førsteamanuensis i informasjon ved Avdeling for mediefag og har i sitt faglege arbeid vore spesielt oppteken av pressebildet og mobiltelefonen som kommunikasjonsmiddel. |
MIDDAGSPAUSE
| Kl. 18.00-19.30 |
Omvisning på Sivert Aarflot-museet for inviterte gjestar |
 Sivert Aarflot-museet |
| Kl. 20.00-23.00 |
Kveldssete for inviterte gjestar |

|