|
| I 2007 kan du også få med deg noko av Forskingsdagane på radio. Bygderadio Vest sender populærvitskaplege foredrag med Reidun Aambø, Torbjørn Urke og Odd Ragnar Hunnes. Dei vil snakke om tema knytt til deira forsking og undervisning ved Høgskulen i Volda. |

Frekvensar Volda: 103,7 Mhz, 105,5 Mhz, 106,5 Mhz, 107,5 Mhz Ørsta: 103, 7 Mhz, 104,9 Mhz |
Fredag 21. september kl. 19.00
 |
Reidun Aambø: Kommunikasjon over kulturgrenser: Når JA blir NEI og NEI blir JA. |
| Dei to små orda ja og nei kan vere kjelde til mistydingar dersom vi ikkje er klar over korleis dei blir brukte i ulike kulturar. Etniske nordmenn kan seie: ”Innvandrarar svarar Ja, men meiner Nei”. Innvandrarar kan spørje: ”Kva betyr det når nordmenn seier: Nei, for ei fin gåve!” Kva betyr å riste på hovudet? Kva betyr stillheit og pause som svar på eit spørsmål? Kvifor er spørsmålet ”forstår du?” eit uheldig spørsmål? Kan vi uttrykke eit høfleg nei utan å bruke ordet nei?
Reidun Aambø har i 15 år undervist på studiet Norsk for utanlandske studentar – NUS – ved Høgskulen i Volda. Ho har også undervist i kortare og lengre tid i fleire land – og reist i svært mange land. For to år sidan gav ho ut boka Typisk norsk å være uhøflig? Innvandrere har ordet. |
Onsdag 26. september kl. 19.00
|
Torbjørn Urke Med Fridtjof Nansen under Polarhimmelen |
 Fotograf: Bjørn Jørgensen/NN/Samfoto
|
|
Nansen hadde ingen GPS! Det var Sola, Månen og stjernene som viste veg for Fridtjof Nansen og hans menn over Grønlandsisen og Polhavet 1888-1896. Du får vite meir om korleis polarforskarar på slutten av 1800-talet ved hjelp av astronomisk navigasjon heile tida visste kvar dei var, og kvar dei gjerne ville.
Torbjørn Urke har i årevis undervist i astronomi ved sidan av pedagogikk, som er hans hovudfag. Skuleåret 2005-2006 vart han engasjert av Den Kulturelle Skulesekken til å reise på turne i Romsdal og Nordmøre med Stjerneteltet - eit mobilt oppblåsbart planetarium. I inneverande skuleår skal Torbjørn Urke og praktiserande lærarstudentar turnere på Sunnmøre med astronomi som formidlingsfag . |
Fredag 28. september kl. 19.00
|

Foto frå Reisebrev frå Kenya |
Odd Ragnar Hunnes Med studentar til Kenya |
|
Med bakgrunn i fleire ekskursjonar med lærarstudentar til Kenya, vil Hunnes presentere det faglege og pedagogiske grunnlaget for desse ekskursjonane, eit grunnlag som han meiner kan gjelde for ekskursjonar meir generelt. Han vil dessutan dele ein del erfaringar og refleksjonar som han har gjort i samband med ekskursjonar til Kenya.
Odd Ragnar Hunnes underviser lærarstudentar i samfunnsfag og geografi. Han er også med i eit prosjekt der HVO samarbeider med Chancellor's College i Zomba, Malawi om demokrati i lærarutdanning: Democracy in Teacher Training. |

|