|
Studieprogrammet skal gi framandspråklege studentar tilstrekkeleg kunnskap og dugleik til å kunne studere ved norske høgskular og universitet. Det blir lagt vekt på å gi studentane gode allmennkunnskapar i norsk språk, samstundes som dei får kunnskapar om det norske samfunnet.

Kva lærer du:
Norsk språk: Undervisninga i norsk språk skal gjere studentane skikka til - å lese og forstå tekstar frå vår tid, skjønnlitteratur, sakprosa og fagprosa - forstå forelesingar på norsk i eige fagområde og kunne ta forelesingsnotat - samtale om daglegdagse emne og om emne frå eige fagområde - uttale norsk rimeleg korrekt med rett intonasjon - uttrykkje seg skriftleg på norsk utan grove feil - lese tekstar med normal fart.
Norsk samfunnskunnskap: Undervisninga i norsk samfunnskunnskap skal gi studentane den allmenne orienteringa dei treng når dei skal gå i gang med sine fagstudium. Dei skal også få eit innblikk i korleis det norske samfunnet er bygt opp, og korleis nordmenn lever.
Skjønnlitteratur Studentane les eit utval norske og omsette litterære tekstar.
Oppbygging og gjennomføring: Undervisningsforma vil veksle mellom forelesingar, gruppearbeid, øvingar i språklaboratorium og heimeoppgåver. Undervisningsmålet er på bokmål.
Opptak: Søkjaren må fylle dei allmenne opptakskrava som gjeld ved opptak til universitet- og høgskular i Norge. For somme land inneber dette vidaregåande skule og 1-2 års universitetsutdanning. Det blir ikkje kravd TOEFL-test i engelsk, men søkjaren må kunne dokumentere engelskkunnskapar minst på same nivå. Søknad på lokalt skjema.
Søknadsfrist: 01. mars.
Vegen vidare – jobb og studium: Studieprogrammet Norsk språk og samfunnskunnskap for utanlandske studentar kvalifiserer utanlandske studentar til vidare studium og arbeid i Noreg.
|