|
Bok nr. 24 Eit nynorsk «gaeltacht» på Vestlandet? Irsk og nynorsk i eit språkdødperspektiv
Bjørg Nesje Nybø Pris: 150,- Utgjevingsår: 2007
Fenomenet språkdød har vore framme i debatten både i Noreg og internasjonalt dei seinare åra. Kva er det som karakteriserer dette fenomenet og korleis lèt det seg gjere å slå fast om eit språk er truga av utrydding eller ikkje?
For å sjå korleis eit språk høver inn i teoriane for språkdød, blir irsk-gælisk nytta som døme. Irsk-gælisk er eit språk som alt i fleire generasjonar har vore sett på som eit språk truga av utrydding. Finn vi likskapar mellom dette truga språket og nynorsk om vi samanliknar situasjonen for dei to språka både historisk og i notida? Kan vi ut frå det vi finn, seie at nynorsk er eit truga språk, og kvifor kan vi eventuelt seie det? Og lèt det seg gjere å seie noko om situasjonen for nynorsken i framtida?
|