|
Retningsliner for skriftlege studentarbeid ved institutt for sosialfag
Formelle retningsliner:
Oppgåva skal skrivast på PC. Det skal skrivast berre på den eine sida av arket. Bruk den standardbreidda for margar som allereie ligg inne i Word, 2,5 cm rundt heile arket. Nytt ikkje orddelingsprogram eller tvungent linjeskift. Bruk skriftstorleik 12 i den løpande teksten. For pagineringa nyttar du den innebygde standarden i tekstbehandlingsprogrammet ditt.
Avsnitt skal markerast med ekstra avstand til avsnittet framanfor, og utan innrykk av den første linja. Alle overskrifter skal vere korte, klare og dekkande for innhaldet. Talord til og med ti skal skrivast med bokstavar i løpande tekst. Ved taluttrykk (f. eks. 5 cm) og ved nummerering (f. eks. side 3) nyttar ein tal. Alle overskrifter og all tekst skal vere venstrejustert. Bruk ikkje blokkskrift eller sentrert skrift. Ved skriftlege gruppearbeid skal alle dei oppførde forfattarane ha deltatt i arbeidet på ein slik måte at kvar einskild skal kunne svare for alle aspekt ved innhaldet. Bruk ikkje meir enn tre nivå på overskriftene. Bruk gjerne "stil"-funksjonen i tekstbehandlingsprogrammet ditt.
Litteraturtilvisingar Når det gjeld litteraturtilvisingar, vil vi anbefale at APA-stilen vert nytta. Nedanfor fylgjer dei viktigaste elementa til APA-stilen. Du finn ei meir detaljert framstilling her: http://www.hivolda.no/bibliotek/studie/referanse.htm#APA-stilen
|