| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Radioordlista | Lesarbrev |
 

Språkplukk 1
Språkplukk 2
Språkplukk 3

 

Språkplukk

Ordet billighetserstatning, "alt er lov" , Finn-Erik Vinje, uttrykket knytte opp til og "tragiske drap" er behandla i Språkplukk nr 4.

Billighetserstatning:
Eg har fått kopi av eit språkbrev Boye Wangensteen ved Universitetet i Oslo har skrivi til TV2-medarbeidarane. Der tek han opp ordet `billighetserstatning`, eit av dei mange orda folk bruker utan eigentleg å skjønne kva det betyr. Ein TV2-medarbeidar vart rådd til å bruke ordet rettferdsvederlag for det same på nynorsk. Wangensteen viser til "Med andre ord" av Magne Rommetveit (som også er nyttig for bokmålsbrukarar), og eitt av erstatningsorda  hans er skjønsvederlag. Eg synst det er eit betre ord, og vil gjerne slå eit slag for skjønsvederlag/skjønnsvederlag både på bokmål og nynorsk.

Alt er ikkje lov å skrive nå...
Noko anna som kan nemnast, er at mange tydelegvis går rundt med ei oppfatning om at "alt er lov å skrive nå". Det gjeld både bokmåls- og nynorskbrukarar. Påstanden er heilt feil, og er kanskje ei unnskyldning for ikkje å bruke ordbok. Det er mye som ikkje er "lov" i norsk, og det finn ein ut om ein orkar å slå opp i ei ordbok. F.eks. vil ingen finne ordet `ståa` i noka ordbok, for skrivemåten er `stoda`. Når dette er sagt, er rettskrivingsreglane romslegare enn mange - særleg bokmålsbrukarar - er klar over. Det er til dømes ikkje forbode å skrive `media`, som nokon har fått for seg. Det fører oss over til ei

interessant bok av Finn-Erik Vinje
Boka Bedre språk av Finn-Erik Vinje er interessant og nyttig. Interessant fordi Vinje framstår ope som ein forkjempar for konservativt bokmål, og nyttig fordi ho tek opp att ein del fallgruver som journalistar ofte fell i, og som Vinje elles har teke opp  i andre bøker tidlegare. For mediefolk er det viktig å leggje merke til at Vinje unnlet å fortelja heile sanninga om ordet (masse)medium (- mediet - medier - mediene). Han skriv at den "systemfremmede formen (masse)media har vi således ikke bruk for". Her står Vinje i fare for å bringe til torgs noko som eg er feilaktig, og som fleire ser ut til å tru: at det ikkje er noko som heiter media. Ordforma media er ikkje "systemfremmed" i bokmål, som Vinje skriv, og kan trygt brukast. Dei som skriv `dyra`, `husa`, `åra`  osv. på bokmål, bør vera konsekvente og også skrive `media` i bestemt form fleirtal av ordet. 

"Knytte opp til" eit "tragisk drap" 
Dette er henta frå ein ingress i Dagsavisen, 20.5. 1999:
Sjalusi kan være motivet bak drapet på Barbro Zedini (26) mener politiet. Men fortsatt har de ingen tekniske spor som
knytter de to drapssiktede brødrene opp til det tragiske drapet. 
`Knytte opp til` er eit svært samansett verb - og eg ser og hører dette verbet ofte. Men ein greier seg godt utan `opp`, som tradisjonelt ikkje hører heime i dette verbet. Truleg er det eit slags behov for å markere handlinga i verbet tydeleg som gjer at vi får `knytte opp til` (og `opp mot`), `stanse opp` og `stoppe opp`. 
Så var det det tragiske drapet. Det er muleg at eit drap på Slobodan Milosevic ikkje ville ha vorte omtala som tragisk, men som regel er drap, trafikkulykker osv. tragiske. Ordet er unødvendig, og bruk av slike presiserande, kjensleladde adjektiv gjer at dei mistar krafta si. 

Unngå desse orda:
Eg vil åtvare mot verbet trigge, som ein del ser ut til at alle veit kva tyder, og misjon i tydinga oppdrag, oppgåve. Det same gjeld aksess for tilgang. Eit råd spesielt til dei som arbeider med sport og musikk: Finn andre ord for det du prøver å uttrykkje med ord som spektakulær og legendarisk. 

JPV 6.7. 1999
     

 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Radioordlista | Lesarbrev |