Ein grunnfest FoU-institusjon
Strategiar
Handlingsplan for forskning og utvikling ved HSH
Årsrapport for forskning og utvikling ved HSH - 2005
Årsrapport for forskning og utvikling ved HSH - 2004
Årsrapport for forskning og utvikling ved HSH - 2003
Forskningsprofil for helsefag (arbeidsutkast)
Mål
- Høgskulen Stord/Haugesund skal vera ein solid og etterspurt FoU- organisasjon.
- FoU-verksemda ved høgskulen skal primært knytast opp mot undervisning, praksisfeltet, yrkesutøving og våre satsingsområde.
- FoU-verksemda skal medverka til å utvikla dei profesjonsutdanningane høg skulen har.
- Innan år 2012 skal minst 10 prosent av dei fagleg tilsette ha stillingskompetanse på professornivå, og minst 70 prosent på førsteamanuensis-/førstelektornivå.
- Høgskulen skal bli ein kunnskapsprodusent på dei områda høgskulen arbeider.
- Forskarutdanninga skal styrkjast og det skal utviklast ei betre og meir omfattande rettleiingsordning som kan få fleire fagfolk frå alle avdelingane med i forskingsaktivitet.
- Det skal leggjast vekt på å trekkja ein større del av kvinnene med i forskingsarbeidet.
- Samarbeidet med eksterne institusjonar når det gjeld forskaropplæring skal styrkjast.
- Vårt internasjonale kontaktnett når det gjeld fagleg samarbeid og forsking skal styrkjast og gjerast tettare.
- Høgskulen som forskingsinstitusjon innan IKT i læring, sikkerhet, helsefag og maritim næring nasjonalt og internasjonalt skal prioriterast.
- FoU-ressursar og forskingsmidlar skal verta tildelte etter kvalitetskriterium.
- HSH skal auka aktiviteten i forsking, utvikling og innovasjon i volum så vel som kvalitet.
Høgskule- og universitetssystemet har to hovudoppgåver; undervisning og forsking. Undervisninga skal vera forskingsbasert. Høgskulen vil særleg støtte forsking som er kunnskapsutviklande for dei faga me gjev undervisning i, og som er undervisningsrelatert. Dette er både eit institusjonelt og eit individuelt ansvar.
I framtida vert det viktig å vidareutvikla ein god forskingskultur ved høgskulen. Ein slik kultur vil synleggjera at forsking er ein mangesidig aktivitet som stiller varierte krav til dei som forskar. Satsingsområda våre skal vera viktige siktemål for forskinga,men andre fagområde der høgskulen har høg kompetanse,og der det er viktige samfunnsmessige behov, bør også prioriterast.
Ved Høgskulen Stord/Haugesund er forsking og utviklingsarbeid likestilte aktivitetar.
Høgskulen skal treffa tiltak for å styrkja grunnlaget for professoropprykk, og doktorgradsstudium. Som profesjonshøgskule skal me også arbeida for å auka talet på førstelektorar gjennom rekruttering og kvalifisering i
eige førstelektorprogram.
Forskingsprofilen skal utviklast i nær kontakt med samfunns-og arbeidsliv i dei sektorane HSH utdannar kandidatar til.
Strategiar:
- Høgskulen skal setja av midlar som støttar program innanfor nasjonale og regionale satsingsområde. Programma skal underbyggja den forskingsmessige basisen på dei områda der det er planar om mastergradsstudium.
- Høgskulen vil treffa tiltak for å auka den eksterne finansieringa av FoU-aktivitetane, blant anna gjennom kvalitetsheving av programsøknader og auke av oppdragsinnteninga.
- Høgskulen skal fremja kompetanseheving til doktorgrad ved å auka omfanget av sentralt tildelte rekrutteringsstillingar.
- Høgskulen skal setja av årlege midlar til vidare kompetanseheving mot professornivå.
- Høgskulen skal setja av årlege midlar til førstelektorprogram.
- Høgskulen skal etablera felles fagleg-administrative støttefunksjonar for FoU-verksemda, og styrkja biblioteket for å auka nivået på FoU-aktiviteten og formidlinga av FoU-resultata.
- Høgskulen skal støtta etablering av faglege nettverk og samarbeid med relevante forskingsmiljø nasjonalt og internasjonalt.
- Høgskulen skal syta for at læringsprosessar og forskings-og utviklingsarbeid vert knytte tettare saman. Studentane skal få høve til å delta i forskingsprosjekt.
- Det skal tilsetjast forskarar/tilsette med professorkompetanse innan fagområda didaktikk, IKT i læring, sikkerhetsleiing, helsefag og maritim næring innan 2007.
- Det skal leggjast til rette for større fleksibilitet i tilsetjingsordninga (åremålsstillingar, post.doc og seniorstipend) for å stimulera eigne tilsette til vidare forsking, og letta rekrutteringa av forskarar frå inn-og utland.
- Høgskulen vil delta aktivt i konkurransen om offentlege og private forskingsmidlar og EU-midlar/-program.
- Eit fagleg og teknisk støtteapparat for forskingsformidling skal etablerast.
- Det skal utviklast årlege, reviderte handlingsplanar som sikrar at minst 25 prosent av ressursane som er avsette til forsking og utvikling blir nytta optimalt. Planane skal ta omsyn til behovet for kompetanseheving til førstestillingsnivå. Bruken av praksisfeltet skal stå i fokus for den profesjonsretta delen av forskinga.
- Utvikling av forskarteam skal prioriterast.
- Det vert etablert eksternt finansierte forskarteam innanfor dei to satsingsområda IKT i læring og sikkerhet.
Hovudutfordringa er å få opp volumet på den dokumenterte FoU-aktiviteten og at aktiviteten held eit høgt fagleg nivå. Den klart største innsatsfaktoren i forsking er den enkelte forskars tidsbruk. Av den grunn vil det vera trong for individuell differensiering av tidsressursar til forsking for det vitskaplege personalet.
Kontakt med andre høgskular,universitet og forskingsinstitusjonar gjev inspirasjon til forskinga. Samarbeid med fagfolk i andre miljø om prosjektsøknader og gjennomføring av prosjekt har verdfulle læringseffektar. Slikt samarbeid kan også høgskulen stimulera gjennom kursverksemd og gjennom tilsetjing av topp-kvalifiserte folk i professor I og II-stillingar.
Høgskulen Stord/Haugesund vil satsa sterkare på prosjektsamarbeid med forskingsmiljø,spesielt i EU-landa, Nord-Amerika og Canada, ved å auka støtta til opphald ved utanlandske lærestader for dei tilsette, og tilby kontorplass og miljøstøtte til fagfolk frå andre land her.
Dette er viktig for å styrkja forskingsinnsatsen og sikra rekruttering til fagstillingar ved høgskulen. Arbeidet med å utvikla masterutdanningar og eventuelt etablera eigne Ph.D.-utdanningar er eit langsiktig og krevjande arbeid. Ei Ph.D.-utdanning føreset tilstrekkeleg rekruttering av studentar frå masterprogramma, høg kompetanse i fagstaben med fleire professorar og førstestillingar, dokumentert forskingsinnsats og eit godt omdøme av fagmiljøet sett i ein nasjonal samanheng.
Sist oppdatert: 30.08.2007

