Slik blir renta fastsett
Stortinget har bestemt at renta i Lånekassen skal vere marknadsstyrt. Her kan du lese korleis rentesatsane blir fastsette.
Flytande rente
Den flytande renta blir fastsett med utgangspunkt i daglege noteringar av renter på kortsiktige statspapir (statskassevekslar) som har frå null til tre månader igjen til innløysing. Observasjonsperioden er på tre månader, og observasjonsperioden blir avslutta tre månader før den flytande renta blir sett i verk. Gjennomsnittleg rente på kortsiktige statspapir i første kvartal blir grunnlaget for den flytande renta i tredje kvartal. Ein rentemargin på ein prosent, til delvis dekning av administrasjonskostnader og tap, kjem i tillegg.
Treårig fast rente
Den treårige faste renta er knytt opp mot rentenivået på statsobligasjonar som har lang tid igjen til innløysing (tre år). Mellom observasjonsperioden og verknadsperioden er det ein månad. Gjennomsnittsrenta i november, februar, mai og august er grunnlaget for den faste renta i 1. kvartal, 2. kvartal, 3. kvartal og 4. kvartal. Ein rentemargin på ein prosent, til delvis dekning av administrasjonskostnader og tap, kjem i tillegg.
Femårig fast rente
Den femårige faste renta er knytt opp mot rentenivået på statsobligasjonar som har lang tid igjen til innløysing (fem år). Mellom observasjonsperioden og verknadsperioden er det ein månad. Gjennomsnittsrenta i november, februar, mai og august er grunnlaget for den faste renta i 1. kvartal, 2. kvartal, 3. kvartal og 4. kvartal. Ein rentemargin på ein prosent, til delvis dekning av administrasjonskostnader og tap, kjem i tillegg.