Årsoppgåve frå Lånekassen
I januar kvart år får du tilsendt ei årsoppgåve som viser
- gjelda ved årsskiftet
- kor mykje renter og avdrag du har betalt siste året
- kva for ein sum som skal førast til frådrag i sjølvmeldinga (Lånekassen sender inn opplysningar til skatteetaten)
- når lånet skal vere innfridd
Opplysningane blir også sende til Skatteetaten.
Elektronisk årsoppgåve
360 000 kundar får årsoppgåva for 2006 til ein sikker postkasse på Dine sider. Dei kundane som har gitt samtykke til elektronisk kommunikasjon med Lånekassen, får ikkje årsoppgåva på papir. Alle andre får årsoppgåva på papir.
Dersom du ikkje har fått årsoppgåva på papir eller elektronisk, finn du talla til sjølvmeldinga under Beløp til selvangivelsen på Dine Sider. Du treng PIN-koden din til dette, og den finn du på tidlegare regningar. Har du gløymt eller mist koden, kan du bestille nye via Dine sider.
Nyheit! No kan du og hente årsoppgåva di via Miside på norge.no. For å logge deg inn, treng du kodar frå skattekortet ditt for 2007.
Omsetjing til kundar i utlandet
Kundar som bur i utlandet, får i tillegg ei kort orientering som er omsett til engelsk/tysk/fransk, slik at årsoppgåva kan brukast som dokumentasjon til den lokale likningsetaten.
Bli E-kunde i Lånekassen!
Du kan når som helst gå inn på Dine sider og gi samtykke til elektronisk kommunikasjon med Lånekassen.