Praktisk informasjon om betalinga
Kontonummer
Kontonummeret til Lånekassen: 7694.05.12928.
Adresseendring
Dersom du flytter og melder flyttinga til Folkeregisteret, vil Lånekassen få den nye adressa frå Folkeregisteret. Har du meldt flytting mindre enn seks veker før terminforfall, bør du likevel sende adresseendring direkte til Lånekassen.
Dersom varselet ikkje kjem
Dersom du ikkje får varselet i tide, kan du ta kontakt med Lånekassen, eventuelt betale ein sum som du er sikker på dekkjer terminbeløpet. Du er nemleg pliktig til å betale i rett tid, sjølv om du ikkje får varselet.
KID-nummer
Dersom du betaler på ein annan måte enn med dei vanlege rekningane, treng du KID-nummeret ditt. Det er kundenummeret, pluss eit ekstra nummer. KID-nummeret er det same kvar gong. Du finn det på tidlegare rekningar eller på Dine sider.
eFaktura
Du kan få tilsend rekninga rett til nettbanken din. Gå inn på nettbanken din og bestill eFaktura frå Lånekassen. eFakturareferansen er kundenummeret ditt.
Låntakarar som bruker e-faktura vil ikkje få gebyr ved utsending av vanleg terminvarsel. Dette betyr at dei sparar kr 35 per termin, dvs. inntil kr 140 per år.