Forsiden Arkiv Fakta Kysteskadren Kystvakten Sjøforsvarets skoler Nettstedskart Kontakt
 
Forsvarsnett : Sjøforsvaret : _Øvelser
Green Osprey 2005
Marinen i nord 2005
Battle Griffin 2005
Blue Game 2004
Joint Winter 2004
Marvika 2003
Joint Winter 2003
NoTG-uken 2003
Flotex 2003
Flotex 2002


Sjøforsvaret
Oslo mil/Akershus
0016 Oslo
55 50 20 00

Utdanningstips
Få utdanningstips om Forsvaret på SMS,
send TIPS til 1980

Spørsmål om utdanning i Forsvaret via SMS,
send SPM + spørsmål til 1980

Bli oppringt,
send SAMTALE til 1980


 







Samarbeid under bording

- Gjer klar våpen og nordkapp-drakter. Alle er klare over kva de skal gjere? Bordingslaget samtykker stille før dei sprer seg for å utføre sine oppgåver.

Av Andreas Steinnes Bjerknes, Sjøforsvaret


BORDING: Bordingsmannskap frå KV Andenes på veg ut til H.U. Sverdrup (Foto: Celine Wergeland)

Som ein del av marineøvinga Flotex Silver 2006, fekk mannskapet på KV Andenes prøve seg på bording og inspeksjon av ein andre båtår med støtte frå marinens spesialstyrkar.
Til vanleg må kystkvatkfartyet klare seg på eiga hand i slike situasjonar.

På førespurnad frå Olivianske myndigheiter foretok KV Andenes, med støtte frå marinejegerkommandoen, inspeksjon og kontroll av H.U. Sverdrup.
-Vi fekk inn etterretning om at det muligens oppheldt seg sympatisørar ombord på fartyet, som skulle settast av i Freeland, fortel stabssjef Norwegian Task Group, kommandør Henning Amundsen.
Han seier vidare at KV Andenes forsette med å obeservere H.U. Svedrup, mens marinejeger-kommandoen vart sett inn mot fartyet.

-Operasjonen vart koordinert frå KV Andenes, fortel Amnundsen. Eit bordingslag frå kystvaktfartyet fullførte kontroll og inspeksjon av H.U. Sverdrup etter at marinejegerane hadde borda og tatt kontroll over skipet.
-Intensjonen med å gjennømføre ei slik øving, er at ein får trene på situasjonar der det vert ytt motstand frå skipet som skal bordast, fortel kommandør Amundsen. Etter at H.U. Sverdrup vart kontrollert, tok KV Andenes skipet inn til havn i Harstad.

Sarin-fare
Mandag kveld fekk besetninga på KV Andenes og staben i Norwegian Task Group, ei ny utfordring. Skipet Geo Sars var på veg mot Freeland, med flytande Sarin-gass ombord.
-Vi måtte stoppe skipet uten at vi i utgangspunktet visste kvar det befant seg, fortel Henning Amundsen. Han fortel vidare at ein brukte marinens overvåkningsfly, samt jagarfly for å lokalisere og overvåke målet.
-Ettersom skipet skulle innehalde Sarin, måtte vi ta hensyn til området vi ville bruke til bording. Vi måtte sørge for at vi var lengst mulig vekk frå tettbebyggelse i tillfelle nokon forsøkte å sprenge skipet, forklarer Amundsen.

Med støtte frå jagarfly fekk spesialstyrkane som først tok seg ombord i Geo Sars, gode opplysningar om kvar mannskapet på skipet befann seg.

-Vi må vere flinke å samarbeide om å løyse problem på taktisk nivå, seier kommandør Amundsen. Han fortel at det er svært viktig at ein øver saman regelmessig, på tvers av forsvarsgreinene.
– Når vi klarer det kompliserte, klarer vi også det enkle, forklarar Amundsen.


TERNE-RAKETT: KNM Narvik avfyrte Terne-rakettar, Sea Sparrow-missilar og synkeminer. (Foto Andreas S. Bjerknes)

Skytøving utanfor Andøya
Mandag og tysdag utførte KNM Narvik skyteøvingar med både Sea-Sparrow missilar, Terne-rakettar og synkeminer. Særskild tysdag var desse øvinga vellukka, då ein fekk gjennomført øvingane med alle våpensystema.

-Med tanke på øvelsen så er det viktig at vi viser at vi har skarpe våpen, at vi kan å bruke dei og at vi vil bruke dei dersom det er naudsynt, seier kommandør Henning Amundsen.
-Ellers er det også viktig for besetningane ombord på fartya at dei kan ha tiltru til våpna ein har ombord. Våpna må fungere, ellers har vi eit problem, seier Amundsen.






Sjøforsvaret

Sjøforsvaret skal være et hensiktsmessig sikkerhetspolitisk verktøy for å ivareta maritime oppgaver i fred, krise og krig i nasjonal og internasjonal sammenheng.

Snarveier:


Pressemeldinger




Båremottak på Gardermoen 12.11.2007





Åstedet for eksplosjonen er undersøkt 09.11.2007





Navnet på drept norsk soldat offentliggjøres 09.11.2007





En norsk soldat drept og en såret 08.11.2007





Harde kamper i Afghanistan 05.11.2007





Invitasjon til pressekonferanse om Forsvarsstudie 07 05.11.2007



>> Flere pressemeldinger