
|
- Eit underleg år
2005 har vore eit år med mediemerksemd, innsparing og omstilling. Men 2005 er også året Luftforsvaret har levert. Nyskaping, internasjonal deltaking og særs gode resultat under verdas største jagarflyøving.
Av Øystein Windstad, Forsvarets mediesenter

| | PÅ VITJING: Generalinspektøren (til høyre) hos Morten Klever, sjef 132. Luftving. Foto: Maren Hamland, Luftforsvaret. |
Generalinspektør i Luftforsvaret, generalmajor Stein Erik Nodeland meinar 2005 har vore eit underleg år:
- Eg sit igjen med blanda kjensler når eg ser tilbake på året. Det blei eit overforbruk i Forsvaret totalt sett i 2004 som skapte mediemerksemd. Denne mediemerksemda har fortsatt gjennom heile året. Men på trass av det har Luftforsvaret og Forsvaret som heilheit levert. Trass den litt negativt fokuserte mediestøyen så har me faktisk fungert veldig bra, fortel generalinspektøren.
Han nevner eksempel i fleng:
- Under øvelse Red Flag, som er det tettaste opp mot krig ein kan kome under øvelse, der presterte dei norske jagarflygarane meget bra. Der fikk me samanlikna oss med andre og vist kva me er gode for. Nyleg fikk me tilbake orionfly frå operasjon Active Endeavour frå Middelhavet. Der var tilbakemeldingane einsidig positive.

| | LUFTSJEF: Generalmajor Stein Erik Nodeland. Foto: Trond Høyvik, Luftforsvaret. |
Sjølv bak spakene
Nodeland er sjølv jagarflygar og legg vekt på å sjå behova frå eit grunnperspektiv. Rundt ein gong i monaden er han oppe i lufta og bak spakane i eit F-16 fly.
- Det er viktig å henge med i utviklinga og sjølv sjå og erfare korleis det er å operere flya. Så eg flyg litt sjølv for å få innblikk i korleis det utviklar seg, seier generalinspektøren.
F-16 flya er under stadig oppdatering og i 2005 blei det mellom anna jobba med nye siktemiddel i hjelmen til pilotane. Året har også gått med til det langsiktige arbeidet med å finne ein arvtakar til F-16.
- Min personlege visjon for Luftforsvaret er at me skal vere best på det me gjer. Det betyr at me uansett størrelse skal jobbe knallhardt for å ha topp kvalitet på både personell og utstyr. Me skal vere truverdig og fremtidsretta, alltid sjå etter nye moglegheiter og kreative løysingar.
Høgt operasjonsnivå
Nodeland skulle gjerne sett meir middel som hadde resultert i fleire øvingar og fleire timar i lufta for mannskapet. Men han er trass dette godt nøgd med det dei har fått ut av middla, og då spesielt med tanke på internasjonale bidrag. Men også innsatsen heime har vore upåklageleg understrekar generalmajoren.
- Korleis har året vore med tanke på operativ verksemd?
- Det har vore eit veldig bra år. Me har vore i Kosovo med helikoptra våre, me har vore i Baltikum med både jagarfly og ACU-luftkontrolleinheit. Me har ved fleire høve fått vist kvaliteten på jagarfly-våpenet, spesielt under Red Flag øvelsen i Nevadaørkenen. Under Nato Air meet som vart arrangert på Ørlandet fikk me vist kor flink Ørlandet og Noreg er i å ta i mot allierte og arrangere denne type øvingar. Me har delteke med orionfly i Nato-operasjonen Active Endeavour over Middelhavet. Me bidrog i etterkant av tsunamien med C-130 fly (Hercules). Luftforsvaret har hatt brannmanskap i Kabul, for å nevne noko, oppsummerar Nodeland.

| | Foto: Trond Høyvik, Luftforsvaret. |
Rosar personellet
- Det har vore eit år der mykje har skjedd på ein gong. Er det noko du er spesielt godt nøgd med i året som har gått?
- Eg er veldig godt nøgd at me har evna å ha ei god merksemd mot den daglege drifta, sikker dagleg drift gjennom heile året. Dette då parallelt med omstillinga. Omstillingsprosjekt Føniks 2 blei gjennomført. Det har vore mykje som har skjedd samstundes, og det kan vere krevande å kombinere alt. Der må eg sei personellet har vore utruleg flinke til å halde fokus. Eg vil her berømme personellet både heime og dei som har delteke i internasjonale operasjonar, ytrar generalmajor Nodeland.
- Korleis ser du for deg Luftforsvaret i tida framover, om fem år?
- Det er ei utfordring i forholdet mellom ambisjonar og resursar. Men om ting går etter planen er me i gang med Føniks 3, som spring ut av Forsvarsstudie 07. Målet er å gjere kraftig reduksjon i mengden flystasjonar. Eg trur at me i den prosessen konkluderar med at eit eller to av våre våpensystem ikkje skal vidareførast i framtida, og eventuelt bli erstatta. Og det som kan kome til å erstatte, vil være moderne og støtte opp i mot nettverksbasert forsvar, seier generalmajor Stein Erik Nodeland.
Generalen rundar av med å uttrykke stor takksemd for innsatsen til personellet, og ser fram til å ta fatt på eit nytt spanande år med utvikling av Luftforsvaret.
Sjefsintervjuer ved årsskiftet:
20. des: Forsvarssjefen
21. des: Sjef FOHK
22. des: Generalinspektøren for Sjøforsvaret
22. des: Sjef for Kystvakten
23. des: Generalinspektøren for Luftforsvaret
28. des: Generalinspektøren for Hæren
29. des: Generalinspektøren for Heimevernet
30. des: Sjef FLO
|

|