Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Randi Ellingsen, 2006-10-03


Maritimt gjenbruk av soldatar

TOULON: For nær tjue år sia var Jonny Greff og Roy Sæten menige FN-soldatar i Midt-Austen. I dag er dei ombord i ein av missiltorpedobåtane som skal patruljere libanesiske farvatn under FN-flagg.

Av Frank Rosvoll og Torgeir Haugaard (foto), Forsvarets mediesenter

Foto: Torgeir Haugaard, FMS
WE’LL MEET AGAIN …: Nær tjue år etter vender dei to tidlegare geværsoldatane tilbake til Midt-Austen for å gjere FN-teneste. Roy Sæten (t.v.) tenestegjorde i kontingent 22 i Kaukaba, medan Jonny Greff var i kontingent 24 i Cheba.

I dag er løytnant Greff maskinist, og kapteinløytnant Sæten er skipssjef om bord på missiltorpedobåten (MTB) Jo.
– Dei to FN-oppdraga kan ikkje samanliknast. Det er fleire skilnadar. Til dømes reisar ei avdeling i lag og ikkje som ein flokk einskilde personar som skal ristas saman til å skipe ei avdeling, seier Sæten, opphavleg frå Stryn.

Fartstid viktigare enn fødselsdato
Han slår fast at personellet i 22. MTB-skvadron er godt skikka til å dra ut i FN-oppdrag.
– Ein person sin alder seier ikkje nødvendigvis i kva grad ein er egna eller moden for jobben. Om bord er det viktigare med fartstid enn kva fødselsdato du har. Alle om bord på Jo er både klare og kompetente, seier Sæten i ein kommentar til ordskiftet om å sende 19-åringar til farlege oppdrag i utlandet.

– Ikkje attende
Jonny Greff, frå Mo i Rana, seier ikkje at det kjennest som noko ”déjà vu” å kome attende til Libanon.
– Nei, det gjer ikkje det. Faktisk skal vi ikkje attende på libanesisk jord heller. Det er stor skilnad på å patruljere i åsane kring Cheba og å segle i libanesisk territorialfarvatn. Men, eg trur faktisk at det er libanesarar som vil smile gjenkjennande når dei ser det norske splittflagget, seier den blide nordlendingen.

Dei to skipsoffiserane har mange gode minne frå Libanon-tida seint på 1980-talet.
– Vi gjekk vanvittig mange patruljar, hadde lange og varme vakter i trafikkkontrollposten, fotfølgde væpna aktørar, og vi levde livets glade dagar på permisjonane, fortel dei.




 

Relaterte artikler



Budd for Middelhavet 2006-09-25





I asurblå farvatn 2006-09-28