
|
Mangfald eller fortsett einfald?
VÆRNES: Kvinner, muslimar og homofile er minoritetar i Forsvaret. Torsdag og fredag denne veka diskuterar offiserar korleis det einfaldige Forsvaret kan verte mangfaldig.
Av Thomas Gramstad og Jon Anders Skau (foto), Forsvarets mediesenter

| | UAKSEPTABELT: Generalinspektøren for Heimevernet, Bernt I. F. Brovold meiner det er uakseptabelt kvinner utgjer sju prosent av alle forsvarstilsette, og innrømmer gjerne at Heimevernet ikkje er best i klassa på dette området. |
Lågt tal på kvinner i Forsvaret har vore gjenstand for mykje debatt og ei rekkje tiltak har vorte sette i verk: Forsvarsministeren har oppretta eit utval som skal foreslå korleis talet på kvinner i Forsvaret kan auke, og frivillig sesjon for jenter er no eit faktum. I dag er sju prosent av dei tilsette i Forsvaret kvinner.
– Vi er i skammekroken, meiner generalinspektøren for Heimevernet, Bernt I. F. Brovold om tilhøvet.
Ein vekkar
Konferansen ”Mangfold eller enfold” vert arrangert av Heimevernet, og har til hensikt å gjere forsvarstilsette bevisste på kva slags kapasitetar minoritetar er. Det er ei målsetting for Forsvaret å ha 15 prosent kvinner innan 2008, noko Brovold ser på som ei vesentleg utfordring.
– Vi står overfor eit val om vi skal ha mangfald eller fortsett einfald, seier generalmajoren.

| | TOPP: Korporal Helena Søtvik Johannesen delte sine erfaringar om å vere jente i Forsvaret, og nytta høvet til å oppfordre befal til å ta godt vare på minoritetar. |
Dei fleste på konferansen er samde om at det dreier seg vel så mykje om å halde på personell som å drive rekruttering. Korporal Helena Søtvik Johannesen støttar den oppfatninga.
– Viss jenter og befala deira har gode haldningar, vil det gjere tilværa mykje lettare for alle. Eg oppfordrar andre jenter til å velje Forsvaret og befala til å ta godt vare på minoritetar, seier ho.
Ei anna side ved konferansen er dei til dels gløymde minoritetane som homofile og personar med ein annan kultur og religion.
Synlege og usynlege minoritetar
– Du må kunne integrere deg utan å miste identiteten din, og ikkje forlange særskild handsaming, er Ismail Abdirahim sin tankegang.
Han er muslim og sersjant i Forsvaret. Forståing og gjensidig respekt er dei to viktigaste byggesteinane i hans syn på organisasjonen.
Abdirahim er eit døme på ein synleg minoritet. Men ei anna gruppe, som inntil 1972 var kriminell ifølgje den norske lova, er òg representert i Forsvaret.
– Alle har rett til likeverd, tryggleik og respekt. Forsvaret må ha ein kultur for openheit og toleranse, seier major Svein Erik Vangen.
I mange år levde han eit dobbeltliv, kor kvar dag var ei stor påkjenning. Etter kvart orka han ikkje å ljuge meir og stod fram som homofil. Han har ingenting vondt å seie om kollegaer eller tilhøva i Forsvaret for homoseksuelle.
– Aksepten for legninga mi gjorde at eg kunne halde fram i Forsvaret, seier han.
Engasjement gav pris
Konferansen husar fleire leiarar i Forsvaret, mellom andre forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen. Ho er heilt klar når det gjeld debatten om minoritetar.
– Det er ikkje tvil om at vi vil ha eit større mangfald. Forsvaret har ikkje klart å vere i takt med verda kring seg, og det låge talet på kvinner er eit prov på at vi ikkje er komme langt nok, seier ho.
I går vart statsråden tildelt Forsvaret sin likestillingspris for arbeidet med å få fleire kvinner inn i Forsvaret.
– Eg set veldig stor pris på dette, men eg har strengt talt berre gjort jobben min. Kvinnesaka er eit tema som opptek meg veldig, innrømmer Strøm-Erichsen.

| | PRISVINNAR: Forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen vann Forsvaret sin likestillingspris. Her blir ho gratulert av generalmajor Bernt I. F. Brovold. |
I dag held konferansen fram med fleire innlegg og debattar om korleis Forsvaret kan verte ein stad med plass til eit mangfald.
|

|