Norges musikkhøgskole
Slemdalsveien 11
P.B 5190 Majorstua
0302 Oslo

Tlf: + 47 23 36 70 00
Faks: + 47 23 36 70 01
E-post: mh@nmh.no

Debatt om skapande læring

Publisert: 05. desember 2007
Kva slags lærarar og kunstnarar treng vi for å realisere den nye strategiplanen for kunst og kultur i opplæringa? Det var hovudspørsmålet på debattforumet Gjenlyd fredag 16. november på Noregs musikkhøgskole (NMH).


Utgangspunktet for debatten var strategiplanen Skapende læring, som kom frå Kunnskapsdepartementet sommaren 2007. Er planen god nok? Korleis fungerer den i møte med realitetane i kultur-, grunn- og vidaregåande skole og i samarbeidet med Den kulturelle skolesekken? Har vi – og utdannar vi – pedagogar og utøvarar som kan formidle fag, kunst- og konsertopplevingar for barn, unge og vaksne på alle nivå?

 

IMG_2053.JPG


Innleiarar 

Eirik Birkeland, rektor ved Noregs musikkhøgskole
Magne Espeland, førsteamanuensis i musikk ved høgskolen Stord/Haugesund
Berit Konstad Graftås, fagleg leiar ved kulturskolen på Tolga
Astrid Holen, sekretariatsleiar for Den kulturelle skolesekken
Rolf Reikvam, stortingspolitikar for SV

Ordstyrar var Astrid Kvalbein, stipendiat ved Noregs musikkhøgskole og leiar av Gjenlyd



Eirik Birkeland: – Eit alvorleg kompetanseproblem

Rektor ved Musikkhøgskolen, Eirik Birkeland, starta med å gi ei situasjonsskildring av grunnskolen. Her har tida til estetiske fag blitt redusert dei siste åra, samstundes som dei i aukande grad blir legitimerte som reiskapsfag for tileigninga av kunnskapar på andre område. Ingen estetiske fag er lenger obligatoriske i lærarutdanningane, og statistikken viser mellom anna at rundt halvparten av dei som underviser i musikk ikkje har høgare utdanning i faget.
– Vi står ovanfor eit alvorleg kompetanseproblem, slo Birkeland fast. Han peika òg på at berre 14 % av barn og unge i grunnskolealder har eit tilbod i kulturskolar og at det er opp til kvar enkelt kommune å fastsette elevbetaling og fagleg innhald. Slik står kulturskolen står i fare for å bli sosialt ekskluderande.

Birkeland var òg opptatt av ordbruken i strategiplanen. Orda ”kunnskap” og ”kompetanse” er brukt eit utal gonger, mens han fann ”oppleving” berre 4 gonger.
– Andre sentrale omgrep er fråverande. Eg tenkjer mellom anna på det unemnelege ordet ”talent”, sa Birkeland lett ironisk. Han meiner den strategiske planen knapt opnar for spørsmål om korleis ein kan tilpasse opplæringa til dei med spesielt gode føresetnader og dessutan seier lite om korleis den kunstnariske og pedagogiske kompetansen som finst i høgare kunstutdanning kan kome til nytte i grunnopplæringa.

Heile innlegget til Eirik Birkeland



Magne Espeland: – Kunstfaga må vere basisfag

Førsteamanuensis i musikk ved høgskolen Stord/Haugesund, Magne Espeland, hevda han at denne regjeringa sin skolepolitikk er så godt som lik Kristin Clemet sin.
– Etter mitt syn har verken Djupedal eller Clemet forstått læringspotensialet som ligg i dei estetiske faga i skolen. God undervisning i estetiske fag har direkte effekt på motivasjon og prestasjonar på andre område, som lesing og skriving, sa Espeland.

Kunnskapsløftet erkjenner ikkje dette ,i motsetnad til Unesco-rapporten The Wow Factor: Global research compendium on the impact of the arts in education, som framhevar at kunst- og kulturkompetanse er ein av fleire basiskompetansar.

Espeland problematiserte Den kulturelle skolesekken.
– Satsinga gjennom DKS er ein kulturnasjon verdig. Men ho gir ikkje nødvendigvis betre klasseromskvardagar. Elevar blir ikkje betre bakarar av å få ein bakar med gode kaker på godt førebudde og planlagde besøk ein gong og to i semesteret, spissformulerte Espeland, og heldt fram:
– Elevane er først og fremst avhengig av læraren sin. Det hjelper lite at me brukar 167 millionar kroner årleg på Den kulturelle skolesekken når mottaksapparatet er sveltefora.

Heile innlegget til Magne Espeland



Astrid Holen: – Lite reflektert syn på kunst

Sekretariatsleiaren for Den kulturelle skolesekken, Astrid Holen, tok utgangspunkt i strategiplanen og slo fast at det er bra at den er komen, at regjeringa har tilført ein ny del i Kunnskapsløftet som òg handlar om kulturell kompetanse og at det er oppretta eit nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa. Ho peika òg på det positive i viljen til å løfte fram dei estetiske faga i skolen.

Men Holen meiner strategiplanen kunne vore tydelegare, meir offensiv, meir dristig, og har ei hovudinnvending mot kunstsynet:
– Skapende læring ber preg av eit lite reflektert syn på kunst og kultur. Her står t.d.: ”Kunst og kultur kan virke samlende og gi mulighet for samhandling og forståelse mellom mennesker med ulike kulturelle utgangspunkt.” (s. 23) Men kunsten kan og vere splittande og konfliktskapande. Den ubehagelege, uforståelege og farlige kunsten har òg sin plass i skolen, sa Holen.

Ho hadde ønskt at måla i planen var tydeligare spissa, tiltaka meir offensive og at rollefordelinga mellom kulturskolane, skolen og Den kulturelle skolesekken var tydeligare.
– Den kulturelle skolesekken må ikkje bli verken ei krykke for kunstfaga i skolen eller ei sovepute for styremaktene. Vi treng kompetente lærarar, avslutta Holen.

Heile innlegget til Astrid Holen


Berit Konstad Graftås: – Vi treng allsidige musikarar og pedagogar

Tolga kulturskole er valt ut til demonstrasjonsskole, som vil seie at ein i tråd med intensjonane i Skapende læring har gjort skolen til eit kulturelt kompetansesenter i kommunen, som samarbeider med barnehagar, grunnskole og frivillig musikkliv. Fagleg leiar Berit Konstad Graftås peika på faktorar som gjer at kulturskolen i Tolga lukkast:

* Dei tilsette har høg kompetanse – gjennomsnittleg 4-årig utdanning innan estetiske fag.
* Kulturskolen samarbeider tett med rette instansar i kommunen og nabokommunane (Os, Tynset og Røros), pluss festivalar som Vinterfestspillene på Røros.
* Arbeidet er organisert slik at grunnskolen og kulturskolen har felles verksemdsleiar, og kulturskolen og grunnskolen har eit særleg tett samarbeid. Timar i kulturskolen og instrumentaltimar for dei som er med i skolekorpset blir haldne i skoletida.

– Vi treng lærarar som er oppriktig interesserte i å vere pedagogar på fleire felt, ikkje berre eitt instrument, sa Graftås.

Ho var positiv til Den kulturelle skolesekken (DKS) og meinte at prosjektet hadde vore med på å styrke tilbodet til barn og unge, men at DKS har ei utfordring i å få til det nære møtet med elevane.

Kulturskolen på Tolga satsar på breidde, allsidig leik og lokale tradisjonar, men har òg eit opplegg for å løfte fram talent, mellom anna gjennom samarbeid med Vinterfestspillene på Røros.

Graftås viste òg til at dei estetiske og kreative fag gir gode effektar på andre fag. Aktivitetane i kulturskolen kan gi ei auka oppleving av meistring. Ho viste til dømes til barn med lese- og skrivevanskar kan få meistringsglede av å spele eit instrument, noko som igjen aukar sjølvtilliten i andre læringssituasjonar.

– Vi har mykje musikalsk og kreativ kompetanse her i landet. Kom ut med den!, var oppfordringa frå Berit Konstad Graftås.



Rolf Reikvam: – Kor var de då vi diskuterte kunnskapsløftet

Stortingsrepresentant Rolf Reikvam frå SV var opptatt av at premissa for den nye strategiplanen var lagt av UNESCO si Pisa-undersøkinga på 90-talet, der den norske skolen og prestasjonane til elevane i ”basisfaga” kom dårleg ut. Styrkinga av desse faga blei ei hovudsak i skolepolitikken, og Kunnskapsløftet var eit tilsvar til undersøkingane.

Han poengterte at han hadde prøvd å tale dei estetiske faga si sak, og hevda at musikkutdanningsinstitusjonane hadde vore passive i tidligare debatter:
– Eg såg lite til dykk då vi diskuterte kunnskapsløftet, sa Reikvam, vendt til salen, der representantar frå Nasjonalt råd for lærarutdanning var representerte i tillegg til fleire frå musikkhøgskolen.

Poltikaren forsvarte at dagens raudgrøne regjering ikkje hadde klart å snu trenden og at dei no satt fast i det han kalla "ei umulig gjørme".
– Vi har faktisk prøvd. Vi fortener ikkje så veldig mykje ros – men litt, insisterte Reikvam. Han meinte utfordringa framover er å få eit nytt og breiare kunnskapssyn inn i skolen. Politikaren ville òg plassere ein del ansvar på utdanningsinstitusjonane for at det er mangel på lærarar med kompetanse ute, og han ønskjer ein ny diskusjon om allmennlærarutdanninga.

– Vi var fleire som var skeptiske til Kunnskapsløftet, og vi var fleire som prøvde å få kulturell kompetanse definert som basiskompetanse, sa Reikvam. Avslutningsvis bad han om hjelp til å utvikle evalueringsmetodar for å måle meir enn dei tradisjonelle faktakunnskapane.



Sagt i debatten som følgde

– Kunstsektoren er for fragmentert. Vi må bli flinkare til å stå samla. Pisa-undersøkingane sette premissa på 90-talet. Det er ei ny på gang, og då må vi på banen. Finland gjer det så bra fordi Pisa har målemetodar som passer ein konservativ undervisningsmodell. (Magne Espeland)

– Det er for mange ulike revir, det er nødvendig at vi samhandlar. Vi har kanskje ikkje vore tydelige nok. Musikarutdanning og pedagogutdanning er ikkje motsetnader hos oss. Det finst slike haldningar, men dei vil og må vi kjempe mot. (Eirik Birkeland)

– Soria Moria-erklæringa er ikkje tydeleg nok i høve til kulturskolar og kommunar. Det er viktig at vi brukar den nye strategiplanen til å gå ut og argumentere for dei estetiske faga sin plass i staden for å syte. (Berit Konstad Graftås)

– Vi treng både samhandling og utveksling av kompetanse. Vi har ikkje råd til å konkurrere, men vi treng tydeleg fordeling av roller. (Astrid Holen)

– Det er viktig å ta vare på einarane. Det vågar eg faktisk å seie som SV-ar.. Og dei estetiske faga har eigenverd. Vi skal ikkje berre ha drama for å styrke norsk. Drama skal vere nok i seg sjølv. (Rolf Reikvam)

– Eg blir meir og meir sjokkert over prioriteringar i skolen. Eg sit i driftsstyret i ungdomsskolen til sonen min. Alle resultat skal vere målbare og kunstfaga blir ikkje nemnt. (Knut Olseng, Musikkhøgskolen)

– I 2000 sto det like dårleg til med musikk som med matematikk i skolen, men kva har skjedd: det har kome fleire handlingsplanar for å styrke matematikkfaget og utdanninga av lærarar til det, men ingen for musikken. Gi oss pengar til å utdanne fleire høgt kompetente pedagogar! (Signe Kalsnes, Musikkhøgskolen)

– Vi har vore aktiv under fleire høyringsrundar, Reikvam! Men vi som sit her er "menigheten", vi er einige om verdien av estetiske fag. Vi må bli meir synlege ute i verda, og det held ikkje med kronikkar i Aftenposten. Vi må skrive til Morgenbladet, Dagbladet, Klassekampen og andre. (Kari Karlsen, Høgskolen i Telemark)

– Eg er dessverre den einaste studenten som har kome på denne debatten. De lurer på om vi er utovervende nok på denne institusjonen? Eg går praktisk-pedagogisk utdanning, og har berre åtte timar praksis i grunnskolen! (Andreas Berg, Musikkhøgskolen)

– Barn og ungdom treng å oppleve faglege prosessar som får gå føre seg over lang tid. Musikkundervisning krev tid, plass og rom.(Gro Kamsvåg, Musikkhøgskolen)

Vil du ta del i debatten, eller har du tips til andre tema å ta opp?
Skriv til
gjenlyd@nmh.no