17. august 2005
 Foto: Kari Løvås / Oslo-Filharmonien |
På god veg
Året 2005 har vore eit godt år for Norges musikkhøgskole. Høgskulen har halde eit høgt aktivitetsnivå og resultata har vore gode.
Studiepoengproduksjonen har vore høg, med 56,7 studiepoeng pr heiltidsstudent. Samstundes har den internasjonale utvekslinga vore omfattande. Medan 25 % av avgangsstudentane har gjennomført eit utvekslingsopphald i løpet av studiet, har 25 % av dei fast tilsette lærarane delteke i internasjonale utvekslingar i 2005. Berre ein gong tidlegare har høgskulen hatt høgare søkjartal. I alt melde 1190 søkjarar seg til 235 ledige studieplassar.
Konsertverksemda har vore eit sentralt presentasjonsvindauga for studentane si utdanning og lærarane si kunstnarlege FoU-verksemd. Verksemda har vore omfattande, med i alt 332 konsertar som har vore vitja av eit publikum på meir enn 10 000. Både på det kunstnarlege og det vitskaplege feltet har fagleg tilsette, samt òg nokre av høgskulens studentar, utmerka seg internasjonalt.
Høgskulen har ei brei kontaktflate, og har i 2005 hatt god kontakt med andre utdanningsinstitusjonar på alle nivå, frå universitet og høgskular til kulturskular og grunnskular og med ei rekkje kulturinstitusjonar.
Etter eit underskot i 2003, har Norges musikkhøgskole gjennom stram økonomistyring i 2004 og 2005 oppnådd god balanse og kontroll i økonomien. Statsbudsjettet for 2006 gav høgskulen 10 nye studieplassar innanfor lærarutdanninga. Det var òg gledeleg at løyvingane til vår nystarta talentskule vart vidareførte. Dette fører til at høgskulen no kan gje eit undervisningstilbod til eit utval talentfulle ungdomar i alderen 13-19 år.
Gjennom heile 2005 har musikkhøgskulen vore prega av byggjearbeid. Dette omfattar utviding av bibliotek, kantineområde og administrasjonsareal i eksisterande bygg, samt reisinga av det 7000m2 store tilbygget som vil stå klart for overtaking i 2006. Dette vil mogleggjera ei etterlengta samlokalisering av verksemda frå 1. januar 2007.
I høve innføringa av ny styringsstruktur ved høgskulen frå 1.1. 2006, vart det sitjande styre og rektorat sin funksjonsperiode forlengja med eit halvt år, fram til same dato. Den nye strukturen inneber ei styrking av den faglege leiinga, ei betre styring av dei ulike studier gjennom opprettinga av sju programutval og ei organisering av fagpersonalet i seksjonar. Nytt rektorat vart valt i oktober 2005.
Eirik Birkeland
rektor