Her finn du aktuell informasjon presentert av Noreg.no. Informasjonen er sortert i desse fem kategoriane:

Aktuelt no

Revisjonsrapport for statsrekneskapen 2006

Revisjonsrapporten inneheld merknadene Riksrevisjonen har til departementa si forvaltning og gjennomføring av budsjetta. Eit gjennomgåande trekk er manglar ved styringa og resultatrapporteringa til departementa. Ei rekkje verksemder har ikkje etablert ein tilfredsstillande internkontroll. Dette har mellom anna ført til mange brot på regelverket for offentlege innkjøp. Fleire verksemder har heller ikkje god nok IKT-sikkerheit og –beredskap. Det er også funne manglar ved forvaltninga av fleire tilskotsordningar.

Sist oppdatert: 25.10.2007

TV-aksjonen 2007 - Saman for barn

Årets TV-aksjon vart tildelt UNICEF Noreg. Aksjonen vart gjennomført i samarbeid med Noregs Idrettsforbund og Olympiske Komité, og Right To Play. Inntektene gjekk til barn som er ramma av hiv og aids i ulike delar av verda.

Sist oppdatert: 25.10.2007

Les fleire: Aktuelt no

Endringar i det offentlege

Tinglysinga samla i Hønefoss

Skal du tinglyse fast eigedom og lurer på kven du skal kontakte? Svaret er no enkelt, alle skal kontakte Statens kartverk i Hønefoss. Overføringsarbeidet av tinglysing i fast eigedom er no fullført, og frå og med mandag 29.oktober er tinglysinga samla under eitt tak. Tidlegare har mellom anna tingrettane utført dette arbeidet.

Sist oppdatert: 31.10.2007

Nytt regionalt helseforetak

Helse Øst RHF og Helse Sør RHF vart avvikla 1. juni 2007. Nytt regionalt helseforetak vart etablert samme dag. Det nye helseforetaket har fått namnet Helse Sør-Øst RHF og har ansvar for spesialisthelsetenestene for heile Austlandet og Agderfylka. Du finn meir informasjon på www.helse-sorost.no

Sist oppdatert: 14.6.2007

Les fleire: Endringar i det offentlege

Nytt frå Noreg.no

Noreg.no skjerpar krava til offentlege nettstader - 700 skal kvalitetsvurderast hausten 2007

Noreg.no vil i haust vurdera nær 700 kommunale og statlege nettstader og har no revidert krava som ligg til grunn for måling av kvaliteten på offentlege nettstader. Endringane inneber ei skjerping av krava til offentlege nettstader. Kriteriesettet har 5 nye indikatorar og det er gjort endringar i poengberekninga. Resultata av vurderinga skal offentleggjerast på ein kvalitetskonferanse, som Noreg.no arrangerer, i månadskiftet november/desember.

Målet med kvalitetvurderinga er å bidra til utvikling og forbetring av offentlege nettstader. Desse må bli meir tilgjengelege for alle brukargrupper, få ei betre brukartilpassing og ta i bruk webteknologien på ein meir effektiv måte. Slik kan tilgangen på nyttige og gode nettenester for innbyggjarane utviklast.

I arbeidet med å revidere kvalitetskriteria har representantar frå kommunesektoren og statlege etatar delteke, saman med fagleg ekspertise bl.a frå Deltasenteret. Endringane tek utgangspunkt i erfaringar frå vurderinga i 2006, innspel frå fagmiljø som Noreg.no samarbeider med og generelle føringar i regjeringa sin IKT-politikk.

Informasjon om Noreg.no sitt arbeid med kvalitetsvurdering av offentlege nettstader og sjølve kriteriesettet er tilgjengeleg på www.norge.no/kvalitet

Kontaktperson: Trude Risnes tlf. 57 65 50 22, e-post: trude.risnes@norge.no

Sist oppdatert: 12.7.2007

Noreg.no går over i eit nytt forvaltningsorgan frå 01.01.2008


Regjeringa vil styrkje arbeidet med fornying av offentleg forvaltning og IKT, og opprettar difor eit nytt forvaltningsorgan frå 01.01.2008. Det nye forvaltningsorganet vil vere samansett av Statskonsult, Noreg.no og Ehandelssekretariatet. Arbeidsoppgåvene vil vere fornying, IKT, leiing, organisering, omstilling, informasjonspolitikk og innkjøpspolitikk.

Sist oppdatert: 11.6.2007

Les fleire: Nytt frå Noreg.no

Visste du at...?

...lokale fjellstyre forvaltar jakt og fiske i dei ulike statsallmenningane?

Det er dei lokale fjellstyra som forvaltar jakt og fiske i dei ulike områda, og du må ta kontakt med dei dersom du ynskjer å jakte i ein statsallmenning. Du finn ei oversikt over statsallmenningar, informasjon om kva reglar som gjeld og kontaktinformasjon til dei lokale fjellstyra på denne sida: www.fjellstyra.no.

På nettsidene til Direktoratet for naturforvaltning finn du meir informasjon om jakt og fangst. På nettstaden Inatur.no finn du fleire nyttige opplysningar, og der kan du også kjøpe jaktkort og fiskekort.

Sist oppdatert: 30.10.2007

...du kan finne nyttig informasjon for vaksne innvandrarar på Internett?

På nettsidene til Utlendingsdirektoratet finn du informasjon om visum, arbeids- og opphaldsløyve, statsborgarskap med meir. På nettstaden www.intro.cappelen.no får du innføring i samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar.

Nettportalen www.velkommenoslo.no inneheld informasjon om norskopplæring og kvalifisering, utdanning, godkjenning og jobb med meir. Alle desse nettstadene har informasjon på fleire språk.

Sist oppdatert: 25.10.2007

Les fleire: Visste du at...?

Ofte stilte spørsmål

Når er det fellesferie i 2008?

Fellesferien i 2008 er tilrådd lagt til vekene 28, 29 og 30.

Fellesferien blir fastsett gjennom ein avtale mellom Byggenæringens Landsforening (BNL) og Fellesforbundet. Avtalen gjeld for dei to partane og er ei tilråding om å leggje fellesferien, også kalla bygningsferien, til desse tre vekene. På nettsidene til Byggenæringens Landsforening finn du meir informasjon om fellesferien.

Sist oppdatert: 31.10.2007

Korleis finn eg fram til og søkjer om hjelpemiddel?

På nettsidene til Nav finn du informasjon om ulike hjelpemiddel . Der ligg også søknadsskjema og hjelpemiddeldatabasen . Ta kontakt med kommunehelsetenesta der du bur for å få hjelp til å søkje. Gjeld det hjelpemiddel på arbeidsplassen, spør du arbeidsgjevar eller bedriftshelsetenesta. Kontakt det lokale Nav-kontoret når det gjeld attføring.

Sist oppdatert: 31.10.2007

Les fleire: Ofte stilte spørsmål