800 30 301
Kva er Noreg.no - taleportal?
Noreg.no sin taleportal er ei døgnopen telefonteneste. Ved hjelp av eiga stemme eller telefontastar kan du få opplese:
- Nyheiter frå det offentlege
- Informasjon om særskilde tema
- Kontaktinformasjon til offentlege myndigheiter
På dagtid kan du også bli sett over til Noreg.no si publikumsteneste.
Kvifor tilby ein taleportal?
Taleportalen er ei viktig satsing i Noreg.no sitt arbeid med auka tilgjengelegheit. Det fins i dag mange verktøy som gjer tenester på Internett lettare tilgjengelege m.a. for synshemma. Taleportalen krev derimot ikkje bruk av pc, og er eit supplement til Internett-baserte informasjonstenester. Taleportalen er for alle som ikkje søkjer informasjon via Internett, og som har nytte av å lytte framfor å lese.
Sjå meir om offentlege nettsider og tilgjengelegheit her.
Noreg.no - taleportal - Grønt nummer 800 30 301
