Om Noreg.no - Organisasjon - Tilsette - Statistikk
Bakgrunn - Service-erklæring - Noreg.no logo
Om Noreg.no
Den viktigaste oppgåva for Noreg.no er å vere ein vegvisar for brukarar av offentlege tenester. Noreg.no skal gjere det oversiktleg å finne fram til offentleg informasjon og sikre at du som brukar enkelt får tilgang til å utføre offentlege tenester. Noreg.no er ei eiga verksemd underlagt Fornynings- og administrasjonsdepartementet.
Noreg.no driv nettenestene www.norge.no, www.noreg.no og www.norway.no. I tillegg har Noreg.no ei publikumsteneste som skal hjelpe brukarane med spørsmål om det offentlege. Dei fleste brukarane tar kontakt via telefon, e-post, nettprat eller SMS. Meir informasjon om korleis du kan ta kontakt med oss finn du på sida Spør oss.
Noreg.no skal arbeide for å betre kvaliteten på dei offentlege nettstadene, ta initiativ til å auke tilgjengelegheita for personar med nedsett funksjonsevne og arbeide for god samordning av dei offentlege tenestene på Internett. Noreg.no har ansvaret for utarbeiding av kvalitetskriterium for offentlege nettstader.
Noreg.no har forvaltningsansvaret for innbyggjarportalen Miside. Noreg.no har ansvaret for å utvikle nye tenester og innhald i portalen i tillegg til rettleiing og informasjon om bruk av Miside.
Frå 01.01.06 tok Noreg.no over publiseringsansvaret for Norsk Lysingsblad.
Kontaktinformasjon
Noreg.no
Njøsavegen 2
6863 Leikanger
Sentralbord: 57 65 50 00
Telefaks: 57 65 50 55
E-post: post@norge.no
Organsasjonsnummer: 987 464 283
Om Noreg.no - Organisasjon - Tilsette - Statistikk
Bakgrunn - Service-erklæring - Noreg.no logo
