Går du med planar om å etablere eiga verksemd, kan du få råd og rettleiing frå mange hald. Nettstaden Bedin gjev svar på det meste innan etablering. Narviktelefonane er ei gratis telefonteneste der du kan få rettleiing frå bedriftsrådgjevarar. Innovasjon Noreg har kontor i alle fylke og gjev mellom anna informasjon om stønadsordningar.

Noreg.no tilrår

Visste du at

... www.bedin.no svarar på det meste om det å etablere og drive eiga bedrift?

Bedin er ei gratis teneste for både føretak og etablerarar / gründarar. Dei har fyldig informasjon om alt frå val av selskapsform og registrering, til skatter, avgifter og regnskap. Ynskjer du å snakke med ein bedriftsrådgjevar, kan du ringe Narviktelefonane. Dette er ei gratis informasjonsteneste for etablerarar og føretak generelt. Målet er å gjere det enklare å starte og drive bedrift i Norge.

Ansvarlege myndigheiter

Finn tenester i nærområdet ditt