Noregs Bank Finansiell stabilitet (FST)
Området skal verke til robuste og effektive betalingssystem og finansmarknader. Oppgåvene for området er blant anna å:
- Medverke til effektive og sikre betalingssystem innanlands og overfor utlandet
- Utøve konsesjonsansvaret banken har for interbanksystem
- Overvake og analysere finansinstitusjonar og finansmarknadene
- Medverke til føremålstenlege rammevilkår for finansinstitusjonar og finansmarknader
- Ta seg av rolla sentralbanken har som siste likviditetsstøtte ("A lender of last resort") overfor det finansielle systemet
- Ta seg av statens konsernkonto og stå for emisjonar og forvalting av statens innanlandske lån
- Syte for at det blir utferda og distribuert setlar og mynt i samsvar med behova i samfunnet og sikre at setlar og mynt har eigenskapar som gjer dei effektive i bruk
Avdelingane under området for finansiell stabilitet arbeider med spørsmål knytte til strukturen og verkemåten i finansmarknadene, innteninga og soliditeten i finansinstitusjonane, utforminga av betalingssystema og kva desse faktorane har å seie for den finansielle stabiliteten. Til området ligg også oppgåvene Noregs Bank har som oppgjersbank - både generelle retningslinjer, operative funksjonar og IT- og utferdaransvaret for setlar og mynt. Arbeidet inneber kontakt med aktørar i finansmarknadene og offentlege styresmakter.
Leiar: Direktør Kristin Gulbrandsen
Telefon forkontor: 22 31 67 00 / 22 31 60 25
Betalingssystem
Avdelinga er tillagd konsesjonsmynde og tilsynsansvar for bankane sitt system for avrekning og oppgjer og dreg opp retningslinjer for utviklinga av rolla Noregs Bank har som oppgjersbank. Avdelinga har òg eit særleg ansvar for beredskap på område der den finansielle infrastrukturen er sårbar. Arbeidet femnar også om effektivitet i bruk og handtering av betalingsmidlar, under dette rolla kontantane spelar. Det blir laga ein årleg rapport om utviklingstrekk i betalingsformidlinga.
Leiar: Fagdirektør Inger-Johanne Sletner
Telefon forkontor: 22 31 67 00 / 22 31 60 25
Finansmarknadsavdelinga
Avdelinga har ansvaret for å overvake utviklinga i finansmarknadene. Avdelinga analyserer inntening, likviditet og soliditet i finansmarknadene. Eigedomsmarknadene og den finansielle stillinga til hushald og føretak blir studerte for å vurdere risikoen i utlån frå bankane. Avdelinga analyserer også utviklinga i verdipapirmarknadene nasjonalt og internasjonalt, og forhold i internasjonal økonomi meir generelt som kan verke inn på finansmarknadene. Ein halvårleg rapport - "Finansielt stabilitet" - samanfattar overvakingsarbeidet. Avdelinga arbeider i tilegg med spørsmål knytte til strukturen i dei norske finansmarknadene og regelverket for finansinstitusjonane og verdipapirmarknadene.
Leiar: Fagdirektør Birger Vikøren
Telefon forkontor: 22 31 67 00 / 22 31 60 25
Interbankoppgjer
Avdelinga står for drift og utvikling av Noregs Banks oppgjerssystem (NBO). Ho gjennomfører det operasjonelle arbeidet i samband med verdipapiroppgjera og bankane sine lån og innskot i Noregs Bank. Avdelinga utfører oppgåver for staten med forvalting av Statens konsernkonto og statens innanlandske lån.
Leiar: Fagdirektør Kjetil Heltne
Telefon forkontor: 22 31 60 25
Kontante betalingsmidlar
Avdelinga tek hand om ansvaret Noregs Bank har etter sentralbanklova som utferdar av setlar og mynt. Ho syter for at det blir tilført nye setlar og mynt etter kvart som behovet oppstår, og at det som er slite, blir fjerna og øydelagt. Avdelinga har ansvar for nyutgjevingar og forbetringar av setlar og mynt for å sikre at kontantane har eigenskapar som gjer dei til eit effektivt betalingsmiddel. Informasjon om utsjånad og eigenskapar for setlar og mynt, særleg når det skjer endringar, er viktig for at dei skal bli tekne imot med naudsynt tillit, og er derfor ein sentral del av ansvarsfeltet til avdelinga.
Leiar: Fagdirektør Trond Eklund
Telefon forkontor: 22 31 60 25