Noregs Bank Stab og fellestenester (STAF)
Området skal sikre sentralbankleiinga og dei andre områda nødvendige tenester for å fremje ein effektiv og utviklingsdyktig organisasjon. Oppgåvene for området er blant anna å:
- Utvikle og halde ved like eit føremålstenleg plan- og oppfølgingssystem
- Utvikle og halde ved like ein velfungerande personalpolitikk
- Medverke til tilfredsstillande kriseberedskap
- Levere funksjonelle IT-løysingar
- Medverke til å sikre personell, verdiar og informasjon frå banken
- Fremje effektiv og nøktern ressursbruk ved gode budsjett-, rekneskaps- og innkjøpsrutinar
- Medverke til å sikre gode arbeidsforhold
Leiar: Direktør Harald Bøhn
Telefon forkontor: 22 31 61 36
Fellesfunksjonar
Avdelinga har ansvar for:
- Innkjøp
- Rekneskap og løn
- Dokumentasjon
Leiar: Direktør Fellesfunksjonar Torkel Fagerli
Telefon forkontor: 22 31 65 89
IKT - Informasjons- og kommunikasjonsteknologi
Avdelinga har ansvar for innkjøp, forvalting og drift av IKT-system.
Leiar: Konst. IT-direktør Øyvind Seljeseth
Telefon: 22 31 68 78
Sentral stab
Avdelinga har det overordna ansvaret for:
- plan, budsjett og oppfølging i Noregs Bank
- skaffe naudsynt styringsinformasjon
- beredskap og tryggleik
- utvikling av organisasjon og leiing
- Avdelinga tek vidare hand om den sentrale arbeidsgjevarfunksjonen og har ansvaret for bedriftshelsetenesta til banken.
Leiar: Stabsdirektør Nils T. Eide
Telefon forkontor: 22 31 61 36
Eigedomsavdelinga
Avdelinga har ansvar for utleige og forvalting av Noregs Bank sine eigedomar, inkludert feriestadene.
Leiar: Eigedomsdirektør Marit Kristine Liverud
Telefon forkontor: 22 31 68 22
Tryggingsavdelinga
Tryggingsavdelinga tek seg av sikring av område i og kring banken. Avdelinga har ansvar for all transportteneste som blir utført i regi av banken. Avdelinga driv rådgjeving i tryggingsspørsmål overfor anna verksemd i banken.
Leiar: Tryggingssjef Arne Haugen
Telefon forkontor: 22 31 66 15
Tenestetorget
Tenestetorget har som mål å støtte dei operative avdelingane i banken, slik at dei får best mogeleg grunnlag for å nå måla sine.
Leiar: Fagdirektør Jan Erik Johansen
Telefon forkontor: 22 31 60 72