Avgjerdsprosess

[BOKMÅL]

Hovudstyret i Noregs Bank fastset styringsrenta. Hovudstyret blir oppnemnt av Kongen i statsråd og har sju medlemer: sentralbanksjefen og visesentralbanksjefen, og fem medlemer som har sitt daglege virke utanfor Noregs Bank. Hovudstyret er eit kollegium, og medlemene står samla ansvarleg for avgjerdene banken tek.

Vedtak om renteendringar eller andre viktige omleggingar i verkemiddelbruken vil normalt bli gjorde i rentemøta i hovudstyret kvar sjette veke. Analysane og den pengepolitiske strategien som blir publisert i Pengepolitisk rapport, er saman med vurderinga av pris- og kostnadsutsiktene og forholda i penge- og valutamarknadene eit grunnlag for vedtak om styringsrenta.

Hovudstyret får lagt fram for seg og drøftar hovudlinjene i analysen i Pengepolitisk rapport i eit møte om lag to veker før rapporten blir publisert. På bakgrunn av analysane og diskusjonen vurderer hovudstyret konsekvensane for den framtidige renteutviklinga. Vedtak om ein pengepolitisk strategi blir gjord samme dag som rapporten blir offentleggjort. Strategien gjeld for perioden fram til neste rapport og er attgjeven i kapittel 1 i Pengepolitisk rapport.


Norges Bank, Bankplassen 2, PB 1179 Sentrum, 0107 Oslo, tlf (+47) 22 31 60 00
Sist oppdatert 21.03.2007