Rapportering og etterprøving
[BOKMÅL]
Noregs Bank rapporterer om gjennomføringa av pengepolitikken i Pengepolitisk rapport og i årsmeldinga. Rapporteringsplikta for banken har bakgrunn i § 75c i grunnlova om at Stortinget skal føre tilsyn med rikets pengevesen, og i § 3 i sentralbanklova. Årsmeldinga blir send til Finansdepartementet, lagd fram for Kongen i statsråd og meddelt Stortinget i kredittmeldinga frå Regjeringa. Sentralbanksjefen gjer greie for pengepolitikken i ei open høyring i Stortingets finanskomité i samband med handsaminga av kredittmeldinga.
Utviklinga i inflasjonen, justert for somme mellombelse forhold, gjev eit utgangspunkt for å vurdere rentesetjinga. Det er ein del av vurderinga at det operative målet for pengepolitikken er ein vekst i konsumprisane som over tid er nær 2,5 prosent, og ikkje eit slikt nivå på inflasjonen heile tida. Det må samstundes takast omsyn til kor treffsikker det er realistisk å vente at pengepolitikken skal vere. Noregs Bank uttalte seg om det pengepolitiske mandatet i brev til Finansdepartementet av 27. mars 2001. Her heitte det blant anna:
"Dersom det oppstår vesentlige avvik mellom den faktiske prisutviklingen og målet for pengepolitikken, vil banken redegjøre for dette i årsberetningen. Det vil bli lagt særlig vekt på eventuelle avvik utenfor intervallet på +/- 1 prosentpoeng."