Rettleiing for jobbsøkjarar

[BOKMÅL]

  • Alle ledige stillingar i Noregs Bank blir utlyste på Internett
  • I utlysinga er det gitt informasjon om kvar søknaden skal sendast, kontaktpersonar, søknadsfrist o.a.
  • Noregs Bank har ein desentralisert tilsetjingspolitikk, så det er viktig at det går fram av søknaden kva stilling du søkjer på, og at søknaden blir send til rett kontaktperson
  • Vi tek ikkje imot søknader fortløpande, så alle søknader må referere til ei bestemt utlyst stilling
  • Vi tek gjerne imot søknader som elektronisk post. For enkelte stillingar er det utforma søknadsskjema som skal brukast. Bruk alltid den e-postadressa som er oppgitt i utlysinga
  • Alle får tilbakemelding om at søknaden er motteken
  • Dei søkjarane som er mest aktuelle for stillinga, blir kontakta
  • Søknader og/eller tilhøyrande vedlegg blir ikkje returnerte
  • Lov om offentlighet i forvaltningen (offentleglova) og reglane om offentleggjering av søkjarlister som følgjer av lova, gjeld for Noregs Bank

Norges Bank, Bankplassen 2, PB 1179 Sentrum, 0107 Oslo, tlf (+47) 22 31 60 00
Sist oppdatert 21.08.2007