Vilkår som gjeld når bankane set inn og tek ut kontantar i Noregs Bank

[BOKMÅL]

Fastsette i medhald av sentralbanklova § 20

Desse vilkåra omhandlar innskot og uttak av kontantar i Noregs Bank og gjeld frå 1. juli 2007. Ved å setje inn eller ta ut kontantar aksepterer bankane alle føresegnene i desse vilkåra. Uttak av kontantar føreset at den rekvirerande banken har dekning på eigen foliokonto i Noregs Bank, og kontantane blir utleverte etter at foliokontoen er belasta for uttaket.

Vilkåra og andre opplysningar om norske setlar og myntar er lagde ut på Internett-sidene til Noregs Bank, sjå Lover og regler vedrørende sedler og mynter i Norge.

Innskot og uttak kan gjerast ved depota til Noregs Bank. Bankane må sjølve dekkje kostnadene med å behandle og pakke setlar og myntar slik at vilkåra for innskot i sentralbanken er oppfylte.

Setlar og myntar som ikkje er sorterte eller pakka på fastsett måte, kan avvisast som innskot i Noregs Bank.

1 Setlar – innskot/innlevering
Innlevering av setlar medfører godskriving av foliokontoen til den aktuelle banken eller kan gjerast som bytetransaksjonar utan kontoføring.

1.1 Sortering
Setlar som blir innleverte til depota til Noregs Bank, skal vere ekte og sorterte etter valør og utgåve i kvalitetane resirkulerbare («gode») og ikkje resirkulerbare («slitne»). Setlane kan sorterast maskinelt eller manuelt.

Kva som kjenneteiknar slitne setlar, kan ein få opplyst ved å vende seg til Noregs Bank (e-post til KBKontroll@norges-bank.no).

1.2 Standardeiningar
Setlar skal berre innleverast i standardeiningar. Standardeiningar er:

Kvalitet  Valør Standardeining, stk. setlar
Resirkulerbare setlar – «gode» (brukte og nye)



1000

500 stk.

500

500 stk.

200

1000 stk.

100

1000 stk.

50

1000 stk.

Ikkje resirkulerbare setlar – slitne



1000

100 stk.

500

100 stk.

200

500 stk.

100

500 stk.

50

500 stk.

Ikkje resirkulerbare setlar – tidlegare utgåver

Aktuelle valørar

Hovudregel: som for slitne setlar
Eigen informasjon kan bli gitt i spesielle tilfelle
Ikkje resirkulerbare setlar – farga

Alle

 Sjå Noregs Bank sine Internett-sider: Norges Banks regelverk for innlevering av sedler som kan stamme fra straffbare handlinger, jf. hvitvaskingslovens bestemmelser
Skadde, brende, bortkomne setlar

Alle

Sjå Noregs Bank sine Internett-sider: Forskrift om erstatning for bortkomne, brente eller skadde sedler og mynter


1.3 Unntak frå kravet om innlevering i standardeiningar
Kravet om at slitne setlar berre skal innleverast i standardeiningar, jf. tabellen i pkt. 1.2, kan i særlege tilfelle fråvikast etter skriftleg avtale med Noregs Bank.

Setlar av tidlegare utgåver, jf. tabellen i pkt. 1.2, kan i særlege tilfelle leverast inn i anna kvantum enn standardeining.

1.4 Pakkemåte

1.4.1 Innlevering av resirkulerbare (gode) setlar
Gode setlar skal vere pakka på denne måten:

Bunt:  100 stk. / 500 stk. setlar med banderole
Pakke:  5 buntar à 100 setlar med strappeband / 1 bunt à 500 setlar med banderole

Strappeband skal setjast på slik at setlane ikkje blir skadde.

Ei standardeining resirkulerbare setlar tilsvarer to pakkar for valørane 50-, 100- og 200-kronesetlar og éin pakke for valørane 500- og 1000-kronesetlar, jf. pkt. 1.2.

Kvar pakke (éin eller fem buntar) skal vere forsegla på ein slik måte at det er råd å sjå om buntane er opna. Dette skal gjerast ved at pakken blir pakka i gjennomsiktig plast, ved bruk av forseglingsposar eller på liknande måte. Plasten må vere av ein slik type at farge frå fargeampullar trengjer igjennom.

Produsent (den som har pakka eininga) og/eller innleverande bank skal gå fram av forseglingsplasten rundt pakken. I tillegg bør alle banderolar påførast namn på produsent og/eller innleverande bank.

1.4.2 Innlevering av slitne setlar
Fråsorterte, slitne setlar skal pakkast i buntar og pakkar slik som gode setlar.

Ei standardeining slitne setlar tilsvarer éin bunt à 100 setlar for valørane 500- og 1000-kronesetlar og éin pakke à 500 setlar for dei andre valørane, jf. pkt. 1.2.

Forsegling og merking må utførast på tilsvarande måte som for gode setlar, men skal gjerast per bunt for valørane 500- og 1000-kronesetlar dersom talet på innleverte buntar ikkje går opp i 5 (heil pakke). Alternativt kan ei forsegla eining (gjennomsiktig plast) innehalde 10 pakkar à 500 slitne setlar.

Forsegla einingar av slitne setlar skal påførast eit stort kryss («X») eller bokstavane «IR» utanpå forseglingsplasten.

1.4.3 Kontroll av innleverte setlar i Noregs Bank – differansehandtering
Noregs Bank kontrollerer at kvaliteten på dei slitne setlane er i samsvar med retningslinjene for setelsortering, og at pakkane inneheld det fastsette talet. Gjennom stikkprøvar kontrollerer Noregs Bank at gode setlar som er innleverte i forsegla standardeiningar, er av godt nok kvalitet til at dei kan resirkulerast, og at innhaldet i pakken er som det skal vere.

Dersom det blir avdekt differansar (enkeltsetlar), blir foliokontoen til den innleverande banken belasta for differansen utan tilbakevalutering, eller differansane kan fakturerast banken eller den som har pakka setlane.

1.5 Vedlegg
Noregs Bank-vedlegg eller vedlegg godkjent av Noregs Bank skal følgje med alle innleveringar og bytetransaksjonar. Vedlegg kan ein få frå nærmaste NOKAS-avdeling eller Noregs Bank (e-post til KBKontroll@norges-bank.no).

2 Setlar – utlevering
Utlevering av setlar medfører at foliokontoen til banken blir belasta, eller setlane kan utleverast som ein del av ein bytetransaksjon.

2.1 Standardeiningar
Noregs Bank leverer berre ut standardeiningar av brukte eller nye setlar, jf. pkt. 1.2.

2.2 Bestilling, kvalitet og utlevering
Bankane kan bestille nye setlar, men Noregs Bank effektuerer berre dei bestillingane lagersituasjonen tillèt. Som hovudregel leverer Noregs Bank ut einingar med buntar à 100 setlar. På førespurnad kan buntar à 500 setlar leverast ut dersom dei er på lager.

Bestillingar, medrekna bytetransaksjonar, kan gjerast gjennom bestillingssystemet til depotforvaltaren eller ved å fakse bestillinga til depotforvaltaren på Noregs Bank sitt skjema. Bestillingane må gjerast verifiserbare ved at det blir brukt kodetal, passord eller liknande. Noregs Bank-vedlegg eller vedlegg godkjent av Noregs Bank skal følgje med alle bestillingar. Vedlegg kan ein få frå nærmaste NOKAS-avdeling eller Noregs Bank
(e-post til KBKontroll@norges-bank.no).

2.3 Mottakskontroll i bankane
Ved mottak skal bankane kontrollere at forseglinga av pakkane er ubroten, og i motsett fall straks ta saka opp med depotforvaltaren.

Differansar eller andre former for avvik i ubrotne, forsegla setelpakkar skal takast opp direkte med den som har pakka setlane. Differansar i ubrotne pakkar med nye setlar skal takast opp med Noregs Bank ved avdelinga for kontante betalingsmiddel.

3 Mynt

3.1 Inn- og utlevering – standardeiningar
Inn- og utlevering av resirkulerbar mynt hos Noregs Bank skal berre skje i standardeiningar og medfører godskriving/belasting av foliokontoen til den aktuelle banken.

3.2 Standardeining – pakkemåte og storleik
Myntar som ikkje er pakka på fastsett måte, kan avvisast som innskot i Noregs Bank.

Mynt skal pakkast i rull. Det skal gå fram av myntrullpapiret kven som har pakka myntrullane (produsent).

Seks rullar utgjer eit flak, som skal pakkast i gjennomsiktig krympeplast eller liknande. Fem flak utgjer ein pakke, som skal bindast om med strappeband eller pakkast i gjennomsiktig plast, slik at pakken kan stablast stabilt i høgda eller på pall.

Ei standardeining består av fem pakkar, men desse skal ikkje buntast/pakkast saman til éi fysisk eining.

Myntar skal berre innleverast i standardeiningar. Standardeiningar er:

VALØR DEF. STANDARDEINING  PAKKEMÅTE

Resirk.
myntar

Beløp

Stk. rullar 

Stk. pakkar

Beløp per rull

Stk. rullar per flak

Stk. flak per pakke

20 kr

Kr 75 000,–

150

5

Kr 500.-

6

5

10 kr

Kr 75 000,–

150

5

Kr 500.-

6

5

5 kr

Kr 37 500,–

150

5

Kr 250.-

6

5

1 kr

Kr 7 500,–

150

5

Kr 50.-

6

5

50 øre

Kr 3 750,–

150

5

Kr 25.-

6

5

I ein overgangsperiode kan det bli utlevert pakningar av standardeiningar som svarer til 100 rullar (5 pakkar) for femkroner og 200 rullar (5 pakkar) for femtiørar.

3.3 Vedlegg ved inn- og utlevering
Noregs Bank-vedlegg eller vedlegg godkjent av Noregs Bank skal følgje med alle innleveringar.

Utlevering skjer etter bestilling gjennom bestillingssystemet til depotforvaltaren eller ved å fakse bestillinga til depotforvaltaren på Noregs Bank sitt skjema. Bestillingane må gjerast verifiserbare ved at det blir brukt kodetal, passord eller liknande. Noregs Bank-vedlegg eller vedlegg godkjent av Noregs Bank skal følgje med alle bestillingar.

Vedlegg kan ein få frå nærmaste NOKAS-avdeling eller Noregs Bank (e-post til KBKontroll@norges-bank.no).

3.4 Mottakskontroll i bankane
Ved mottak skal bankane kontrollere at det er levert så mange myntrullar som det er bestilt, og i motsett fall straks ta saka opp med depotforvaltaren.

Differansar i myntrullar skal takast opp direkte med den som har pakka rullane. Differansar i rullar med ny mynt pakka av Det Norske Myntverket AS skal takast opp med Noregs Bank ved avdelinga for kontante betalingsmiddel.

3.5 Utgådde og skadde myntar
Utgådde myntar kan leverast inn i posar. Standardeiningar går fram av tabellen nedanfor:

Valør, utgådde myntar 

Standardeining, beløp i pose

10 kr

 Kr 5 000,–

5 kr

Kr 2 000,–

1 kr

Kr 1 000,–

50 øre

Kr 500,–

Utgådde og skadde myntar kan òg leverast inn i mindre einingar. Myntane må då pakkast i posar à 100 stk.

4 Inngangskontroll – bokføring – valutering

4.1 Inngangskontroll
Ved innlevering skal depotforvaltaren utføre inngangskontroll ved å kontrollere at kontantane er pakka i samsvar med gjeldande vilkår, og at forseglinga er ubroten. Oppgitt verdi skal kontrollerast ved veging eller på annan måte.
4.2 Beløpsstorleik
Ved innlevering av kontantar som innskot blir foliokontoen til den innleverande banken godskriven med eit beløp som svarer til den verdien ein la til grunn ved inngangskontrollen, same kva verdi det seinare viser seg at innleveringa faktisk inneheldt; sjå likevel pkt. 1.4.3 andre ledd.

Ved utlevering av standardeiningar blir foliokontoen til den rekvirerande banken belasta med eit beløp som svarer til verdien av dei rekvirerte einingane som blir tekne ut, same kva verdi det seinare viser seg at einingane faktisk inneheldt. Dersom ei standardeining ikkje har det fastsette innhaldet, må den banken som har gjort uttaket, ta differansen opp med den som har pakka kontantane og/eller den innleverande banken.

4.3 Bokføringstidspunkt

4.3.1 Innskot
Ved innskot pliktar Noregs Bank å bokføre innskotet på foliokontoen til banken når depotforvaltaren har utført inngangskontroll og innskotet er akseptert etter gjeldande vilkår.

Dersom depotforvaltaren er den som på vegner av banken pakkar i standardeiningar (produsent), pliktar Noregs Bank å bokføre innskotet når kontantane er ordna i standardeiningar, pakka og merkte i samsvar med pkt. 1.2, 1.4 og 3.2, nødvendige vedlegg er utfylte, inngangskontroll er utført og innskotet er akseptert etter gjeldande vilkår.

4.3.2 Uttak
Noregs Bank har rett til å bokføre uttak på foliokontoen til banken når det ligg føre verifisert rekvisisjon/bestilling, dekningskontroll er utført og depotforvaltaren har kontrollert at forseglinga av standardeiningane som skal utleverast, er ubroten.

Så snart Noregs Bank har bokført uttaket på foliokontoen til den rekvirerande banken, blir kontantane gjorde tilgjengelege for banken.

4.4 Valuteringstidspunkt
Valuteringstidspunkt er definert som tidspunktet då bokføringa får renteverknad.

4.4.1 Innskot
Innskot som oppfyller krava i pkt. 1 og 3 i vilkåra, blir godskrivne foliokontoen til banken med valuta den yrkedagen kontantane er fysisk mottekne ved depotet til Noregs Bank.

Valutering føreset at kontantane er mottekne av depotforvaltaren i Noregs Bank på ordinære yrkedagar i tidsrommet 08.00–15.30. Onsdag før skjærtorsdag og nyttårsaftan må kontantane vere mottekne i tidsrommet 08.00–12.00.

4.4.2 Uttak
Uttak blir belasta foliokontoen til banken med valuta den yrkedagen kontantane fysisk er utleverte frå depotkvelvet til Noregs Bank.

Kontantane må leverast ut på ordinære yrkedagar i tidsrommet 08.00–15.30. Onsdag før skjærtorsdag og nyttårsaftan må kontantane leverast ut i tidsrommet 08.00–12.00.


5 Ekspedisjonsavgift ved innskot og uttak av kontantar i standardeiningar
Bankane må betale ekspedisjonsavgift ved innskot og uttak av kontantar i Noregs Bank, jf. pkt. 5.1 og 5.2. Avgifta blir belasta foliokontoen til banken.
Ekspedisjonsavgifta er kostnadsbasert, jf. pkt. 5.4. Avgifter og gebyr som gjeld frå 1. juli 2007, går fram av pkt. 5.5.

5.1 Innlevering

5.1.1 Resirkulerbare (gode) og slitne setlar i standardeiningar:
Ved innskot av berre gode setlar skal bankane betale ei ekspedisjonsavgift til Noregs Bank.

Ved innskot av berre slitne setlar skal bankane ikkje betale ekspedisjonsavgift, verken til Noregs Bank eller til depotforvaltaren.

Ved innskot av både gode og slitne setlar skal bankane betale ei ekspedisjonsavgift basert på kor mange setlar som er gode.

5.1.2 Mynt i rull:
Bankane skal betale ei ekspedisjonsavgift til Noregs Bank.

5.1.3 Utgådde og skadde myntar / utgådde setlar:
Bankane skal ikkje betale ekspedisjonsavgift ved slike transaksjonar, verken til Noregs Bank eller til depotforvaltaren.

5.2 Utlevering

5.2.1 Resirkulerbare eller nye setlar og myntar
Bankane skal betale ei ekspedisjonsavgift til Noregs Bank.
Sjå pkt. 5.3 dersom utleveringa gjeld ein bytetransaksjon av setlar.

5.3 Avgiftsfrie bytetransaksjonar
Ved separat innlevering av slitne setlar av gjeldande setelutgåve som er fråsorterte i standardeiningar, kan bankane samtidig gratis få utlevert tilsvarande beløp i gode setlar frå Noregs Bank (byte). Noregs Bank bestemmer valørsamansetjinga ved slik ombyting, men som hovudregel får ein tilbake setlar i same valør.

Dersom bankane ikkje ønskjer å gjennomføre samtidig bytetransaksjon, kan beløpet nyttast som avgiftsfritt innskot i Noregs Bank. I slike tilfelle kan ikkje tilsvarande kontantbeløp takast ut gratis seinare.

5.4 Fastsetjing av ekspedisjonsavgifta
Ekspedisjonsavgifta blir fastsett på grunnlag av den kostnaden depotforvaltaren reknar med å ha med ekspederingar (unnateke arbeidet med mottak av slitne setlar / utleveringar i byte).

Ekspedisjonsavgifta omfattar ein fast og ein variabel del og skal reflektere kostnadsstrukturen til depotforvaltaren.

Ekspedisjonsavgifta blir belasta foliokontoane til bankane ein gong i månaden.

5.5 Prisar
Gjeldande prisar frå 1. juli 2007:

Ekspedisjonsavgift/gebyr Utrekningsgrunnlag  Pris (1)
Avgift per ekspedisjon
Innlevering
Setlar, per ekspedisjon
Mynt, per ekspedisjon

Kr 150,–
Kr 150,–
Utlevering
Setlar, per ekspedisjon
Mynt, per ekspedisjon


Kr 150,-
Kr 150,–

Avgift, volumavhengig del
Innlevering
Setlar, per pakke à 500 setlar
Mynt, per standardeining (150 rullar)

Kr 10,–
Kr 50,–
Utlevering
Setlar, per pakke à 500 setlar
 Mynt, per standardeining (150 rullar (2) )

Kr 10,–
Kr 50,–
Gebyr (3) , feilsortering, feil i innlevering 

Innlevering

  • Innleveringar der vilkår/retningslinjer for pakking og sortering ikkje er følgde
  • Falsk setel

 

Kr 0,–

Kr 0,–

Prisane kan bli endra med éin månads varsel.

  

29. juni 2007

1) Prisane gjeld ikkje avgiftsfrie bytetransaksjonar, jf. pkt. 5.3 i vilkåra.
2) I ein overgangsperiode gjeld prisane òg for utlevering av femkroner / 100 rullar og femtiørar / 200 rullar, jf.
 pkt. 3.2 i vilkåra.
3) Gebyr blir eventuelt innførte seinare.


Norges Bank, Bankplassen 2, PB 1179 Sentrum, 0107 Oslo, tlf (+47) 22 31 60 00
Sist oppdatert 22.08.2007