Rundskriv nr. 1 / 11. januar 2007

Ny rutine for F-lån og F-innskot i Noregs Bank

[BOKMÅL]

Med verknad frå måndag 15.01.2007 kjem F-lån og F-innskot til å bli handterte i eit nytt IT-system operert av marknadsoperasjonsavdelinga i Noregs Bank. Det blir ingen endringar i auksjonsrutinen. Oppgjeret blir sendt til NBO via SWIFT for postering på foliokontoen til den aktuelle banken. For bankane får dette følgjande konsekvensar i NBO:

Ved forfall blir hovudstol og renter splitta i to transaksjonar. I NICS NBO likviditetsoversikt bilete 2 og 3 får transaksjonane kjeldekode SA slik som andre transaksjonar som blir mottekne gjennom SWIFT-grensesnittet i Noregs Bank. Oppgjer av nye F-lån/F-innskot og forfall av desse skjer rett etter oppstart av NBO på oppgjersdagen. Ved F-auksjonar med same dags valuta skjer oppgjeret innanfor same oppgjersdagen som i dag.
Forfall for eventuelle eksisterande F-lån per 15.01.2007 blir behandla etter gammal rutine.

Eventuelle spørsmål kan rettast til Ragnhild Høye på telefon 22 31 65 66 eller Bjørnar Hofstad på telefon 22 31 63 60.


Norges Bank, Bankplassen 2, PB 1179 Sentrum, 0107 Oslo, tlf (+47) 22 31 60 00
Sist oppdatert 23.08.2007