Rundskriv nr. 2 / 11. mai 2007
Endring i reglar og rutinar for utbetaling ved forfall og uttrekking av verdipapir som er pantsette som trygd for lån i Noregs Bank
[BOKMÅL]
Noregs Bank er i ferd med å endre systemløysingane som banken bruker når han fungerer som oppgjersbank, mellom anna transaksjonsløysingane overfor bankane. I samband med dette endrar vi reglane og rutinane for forfall og uttrekkingar av verdipapir som er pantsette som trygd for lån i Noregs Bank.
For verdipapir som er registrerte i VPS, går slike utbetalingar i dag frå VPS til Noregs Bank gjennom NICS-masseavrekninga, normalt i morgonavrekninga. Reduksjon i lånetilgang for forfalne og uttrekte verdipapir skjer på formiddagen på forfalls-/utbetalingsdatoen. Dersom pantet ikkje er lånbunde, blir pengane overførte til banken sin oppgjerskonto i Noregs Bank.
Den nye rutinen for slike betalingar inneber at utbetalingane skal overførast direkte til kontoar i dei aktuelle pantsetjande bankane. Pengane blir då tilgjengelege for bankane etter oppgjeret av NICS-avrekninga om morgonen på utbetalingsdagen, så sant det forfalne eller uttrekte verdipapiret ikkje er lånbunde. Som ledd i denne endringa kjem Noregs Bank til å redusere lånetilgangen dagen før forfall av eller uttrekk frå eit verdipapir.
Endringa inneber ein meir direkte transaksjonsgang ved oppgjer for forfalne verdipapir og uttrekk frå verdipapir. Oppgjersbeløpet blir, dersom det ikkje er lånbunde, sendt direkte til konto i den pantsetjande banken, mens pengane i dag går via banken sin konto i Noregs Bank. I samband med dette minner Noregs Bank om at bankane også i dag er ansvarlege for at pantsette verdipapir som forfell, eller som det blir gjort uttrekk frå, ikkje er lånbundne på utbetalingsdagen.
Dersom pantet er lånbunde på utbetalingsdagen, overfører Noregs Bank dei utbetalte pengane til ein konto som Noregs Bank disponerer i ein privat bank. Ein slik situasjon blir behandla som overtrekk av bankens oppgjerskonto i Noregs Bank. Ved slikt overtrekk blir banken belasta med eit gebyr på NOK 10 000,–. Når pantet ikkje lenger er lånbunde, er pengane disponible for den pantsetjande banken.
Regelen om nedskriving av lånetilgang gjeld uavhengig av om pantet er registrert i VPS eller ein utanlandsk verdipapirsentral. For verdipapir registrerte i ein utanlandsk verdipapirsentral blir rutinane ved utbetalingar uendra.
Endringane blir gjennomførte i desse tre fasane:
- Regelen om nedsett lånetilgang frå starten av dagen på utbetalingsdatoen blir sett i verk frå og med måndag 4. juni 2007, men pengane som blir utbetalte, blir framleis sende direkte til kontoar for dette formålet i Noregs Bank.
- Når Noregs Bank har opna kontoar i private bankar, blir betalingar ved forfall og uttrekkingar sende til desse kontoane. Noregs Bank kontrollerer deretter om pantet er lånbunde. Dersom pantet ikkje er lånbunde, blir pengane overførte til kontoar i dei pantsetjande bankane. Det blir lagt opp til at denne endringa skal gjennomførast i andre halvår 2007. I samband med dette må bankane gi skriftleg melding til Noregs Bank innan 15. juni 2007 om kva konto som skal brukast for slike utbetalingar. Meldinga skal sendast som brev til Noregs Bank, Avdeling for interbankoppgjer, Bankseksjonen.
- Den tredje endringa blir sett i verk når VPS har endra sine system, slik at utbetalingskonto kan endrast heilt fram til dagen før utbetalingsdato. Når denne endringa er gjennomført, kjem bankane til å få utbetalingane direkte til konto i eigen bank etter oppgjeret av NICS-avrekninga om morgonen. Reduksjon av lånetilgangen blir då sett i verk frå starten av dagen før utbetalingsdato. Denne endringa skal etter planen gjennomførast våren 2008.
Tidspunkta for dei to siste endringane blir kunngjorde i eit seinare rundskriv.