OECD

[BOKMÅL]

Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling blei etablert i 1960 som eit samarbeidsforum for utvikla industriland. Noreg har vore medlem sidan etableringa. I alt 30 land er no medlemmer i organisasjonen. Dette er hovudsakleg industriland, men nokre framveksande økonomiar er òg med. OECD ligg i Paris.

Det grunnleggjande formålet med arbeidet er å fremje berekraftig økonomisk vekst og høg sysselsetjing i medlemslanda. I tillegg til å dekkje dei fleste område innanfor økonomien omfattar samarbeidet i OECD spørsmål av felles interesse innanfor mellom anna miljø, helse, offentleg styring, utdanning og forsking. Statistikkproduksjon og utgreiingar er ein annan viktig del av verksemda i OECD. Utgreiingane set ofte søkjelyset på nye økonomiske og sosiale trendar med det mål å gi medlemslanda eit betre grunnlag for politikkutforminga. Sjølv om aktivitetane først og fremst dreier seg om forholda i og mellom medlemslanda, er økonomisk vekst i land utanfor OECD òg eit interesseområde. OECD arbeider dessutan med spørsmål knytte til utviklingsøkonomi.

Sekretariatet for FATF – Financial Action Task Force – held til i OECD, men er ikkje ein del av organisasjonen. FATF arbeider mot korrupsjon, kvitvasking av pengar og finansiering av terrorisme. Noreg er medlem av FATF.


Norges Bank, Bankplassen 2, PB 1179 Sentrum, 0107 Oslo, tlf (+47) 22 31 60 00
Sist oppdatert 29.08.2007