Styringsrenta
[BOKMÅL]
Noregs Bank si styringsrente er foliorenta, som er renta på bankane sine innskot i Noregs Bank. Gjennom likviditetspolitikken syter Noregs Bank for at banksystemet dagleg har overskotslikviditet som bankane plasserer som innskot på foliokonto i Noregs Bank. Foliorenta dannar dermed eit golv for dei korte rentene i pengemarknaden. Normalt vil dei korte pengemarknadsrentene liggje noko over foliorenta.
Som det går fram av tabellen, blei folioinnskot renteberande frå 1. januar 1991. Fram til sommaren 1993 var døgnlånsrenta (D-lånsrenta) Noregs Bank si styringsrente. Banksystemet var i permanent låneposisjon overfor Noregs Bank, og døgnlånsrenta danna eit golv for dei korte pengemarknadsrentene. Frå hausten 1993 var banksystemet gjennomgåande i innskotsposisjon, og Noregs Bank gjekk over til å styre dei korte pengemarknadsrentene innanfor ein rentekorridor. "Taket" i rentekorridoren var døgnlånsrenta og "golvet" var foliorenta. Innanfor rentekorridoren styrte Noregs Bank likviditeten med sikte på å halde kronekursen stabil.
I siste halvdel av 90-talet hadde banksystemet gjennomgåande store folioinnskot i Noregs Bank, og pengemarknadsrentene fall ned mot golvet i rentekorridoren. Dei korte pengemarknadsrentene har seinare i hovudsak lege noko over foliorenta. Foliorenta er i dag definert som Noregs Bank si styringsrente.
Differansen mellom døgnlånsrenta og foliorenta var 2 prosentpoeng frå 3. august 1993 til 16. mars 2007, då han blei justert til 1 prosentpoeng. Justeringa hadde ingen innverknad på pengepolitikken og var grunngitt med at det ikkje var trong for ein differanse på 2 prosentpoeng.