EØS-avtalen

[BOKMÅL]

Gjennom EØS-avtalen er Noreg ein del av "den indre marknaden" for finansielle tenester i "Det europeiske samarbeidsområdet". Det gir Noreg og dei andre deltakande EFTA-landa både rettar og plikter i forhold til EU-systemet.

Rettane inneber at:

  • Noreg skal delta på linje med EU-landa i arbeidsgrupper etc. som EU-kommisjonen gjer bruk av i førebuingane til framlegg av rettsakter som regulerer verksemd i EØS-området. Slike rettsakter har oftast form av direktiv, og dei avgjer kva omsyn som skal ivaretakast i nasjonal lovgiving.
  • Noreg får delta med observatør i komitear og utval som uttaler seg om supplerande regelverk, fortolkar det og arbeider for felles standardar blant anna om tilsyn.


Pliktene inneber at:

  • Noreg skal ta stilling til om nye rettsakter skal gjerast til ein del av EØS-avtalen, og om så blir bestemt skal
  • Noreg gjennomføre rettsakten i nasjonal rett gjennom eventuelle endringar i lover eller forskrifter.


Det er eit utstrekt samarbeid mellom norske styresmakter og EU-organ i samband med dette.

Noregs Bank er her deltakar i:

  • EFTAs WG Fin som er ei arbeidsgruppe for finansielle tenester. Ho legg til rette for arbeidet med pliktene landa har etter avtalen og sorterer under Subcommittee II under EFTAs Standing Committee.
  • CEBS (Committee of European Banking Supervisors). Komitéen gir råd til EU-Kommisjonen om bankreguleringar og medverkar til felles tilsynspraksis.
  • BSC (Banking Supervision Committee). BSC er Den europeiske sentralbanken (ESB) sitt forum for samarbeid mellom nasjonale sentralbankar og tilsynsmynde om tilsyn med finansinstitusjonar og om finansiell stabilitet.

Forkortingar og lenker


Norges Bank, Bankplassen 2, PB 1179 Sentrum, 0107 Oslo, tlf (+47) 22 31 60 00
Sist oppdatert 25.10.2007