Hjelpetiltak i heimen
Hjelpetiltak er eit tilbod
barneverntenesta gir når tilhøva i heimen, eller andre tilhøve, gjer at eit
barn har behov for særleg støtte og hjelp. Lova inneheld inga uttømmande
opprekning av aktuelle hjelpetiltak, men nemner nokre døme, mellom anna
støttekontakt, barnehageplass og avlastingstiltak i heimen. Familiestøttande
metodar som mellom anna PMT og MST, blir også tilbodne som hjelpetiltak i
heimen.
Hjelpetiltak kan som hovudregel berre
setjast i verk dersom familien samtykkjer, men opphald i barnehage eller andre
dagtilbod kan setjast i verk gjennom pålegg til foreldra. Det same gjeld tilsyn
i heimen. Det er berre fylkesnemnda som kan gjere vedtak som pålegg foreldra å
ta imot hjelpetiltak.
Ved utgangen av 2004 var det 22 949 born
som tok imot hjelpetiltak i heimen. Over 80 % av alle born som barnevernet
engasjerer seg i, tek imot frivillige hjelpetiltak i heimen.
Dei frivillige hjelpetiltaka omfattar
også frivillig plassering utanfor heimen, jf. § 4‑4 femte ledd.