Krisesentra
Krisesentra gjev råd, støtte og rettleiing til personar som har
vore utsette for mishandling, overgrep eller vald i heimen. I tillegg tilbyd
krisesentra ofra og borna deira mellombels opphald på sentra.
Krisesentra er eit lågterskeltilbod, og skal vera opne for alle
som treng dei, utan omsyn til verdi- eller livssyn. Sentra skal vera lett
tilgjengelege for brukarane, også i økonomisk forstand, og skal drivast utan
krav om at brukarane skal vera viste dit. Det er ikkje tillate å krevja
betaling av dei som bur der utover ein mindre sum, som til dømes kan dekkja
ekstra utgifter til mat. Brukarane har rett til å vera anonyme.
Det finnes 50 krisesentre. Kvart senter skal ha ein vertskommune.
Senteret kan vera organisert av éin kommune eller av fleire kommunar i
fellesskap eller av privatpersonar eller organisasjonar i nært samarbeid med éin
eller fleire kommunar.
Det finnes og to valdtektssentre (DIXI ressurssenter), lokalisert
i Oslo og Stavanger. Valdtektssentra gjev råd, støtte og rettleiing til personar
som har vore utsette for valdtekt, og tilbyd dei mellom anna å vera med i sjølvhjelpsgrupper.
Statstilskot til krisesenter og valdtektssenter blir løyvde over budsjettet
til Barne- og likestillingsdepartementet. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet
har forvaltningsansvaret for tilskotsordninga. Tilskot frå kommunar, og
eventuelt frå fylkeskommunar og helseføretak, skal til saman dekkja 20 prosent
av driftsutgiftene og utløyser eit statleg tilskot på 80 prosent. Private gåver
utløyser ikkje statstilskot.
Dei fleste krisesentra er organiserte i Krisesentersekretariatet
eller i Norsk krisesenterforbund.